Allereie før sola stod opp var det lange køar utanfor State Farm stadion i Phoenix, Arizona. Saman skal titusenvis av menneske minne Charlie Kirk.
Drapet på den amerikanske høgreaktivisten førre veke har skaka USA.
Donald Trump kalla det ein «vanskeleg dag» før han reiste til Arizona for å delta på minnemarkeringa. Fleire høgståande personar i Det kvite hus skal delta – eit teikn på at drapet på Kirk har fått stor merksemd.
Eit banner heng frå taket i stadionet og viser eit bilete av Charlie Kirk.
Foto: Daniel Cole / Reuters / NTB– Reindyrka Maga-minnemarkering
Dørene til stadionet opna tre timar før den offisielle markeringa starta. Medan dei venta, song fleire artistar kristne lovsongar til publikum.
Nokre gret medan andre heldt hendene i vêret og song med.
Den offentlege minnemarkeringa er gratis og open for alle, og det er særleg unge republikanarar som har møtt opp.
Den første av mange talarar for markeringa var pastoren til Kirk, Rob McCoy. Han sa Kirk blir hugsa som ein trufast kristen.
– Charlie var aldri redd fordi han visste at han var trygg i Guds hender, sa McCoy.
Ved full kapasitet husar State Farm stadium i Phoenix over 70.000 menneske.
Foto: AFPSju personar i Trump-administrasjonen skal tale, av dei mellom anna president Donald Trump og visepresident J.D. Vance. Også enka til Kirk, Erika, skal tale.
– Dette er ei reindyrka Maga-minnemarkering med folk frå organisasjonen til Kirk, religiøse støttespelarar og mange viktige personar frå Trump-administrasjonen, seier jurist og USA-ekspert Sofie Høgestøl.
Konservativ kristen nasjonalist
Kirk var for mange kjend gjennom TikTok og andre sosiale medium der han inviterte til diskusjonar. Etter drapet har han blitt hylla for å legge til rette for diskusjonar på kryss av politisk overtyding.
Han var også vert i podkasten The Charlie Kirk Show der han inviterte til diskusjonar i daglege tretimarslange episodar.
Visepresident J.D. Vance, som også var ein venn av Kirk, var vert for ei episode av podkasten 15. september, fem dagar etter drapet.
J.D. Vance var vertskap for ei episode av The Charlie Kirk Show berre dagar etter Kirk blei drepen.
Foto: Doug Mills/The New York Times / The New York Times / AP / NTBSjølv var Kirk ei stemme for konservative og kontroversielle meiningar frå høgresida. Han blei også omtala som ein kristen nasjonalist.
Spørsmål og svar
- Hvem var Charlie Kirk?
Charles James Kirk (31) var en konservativ og høyreorientert aktivist fra USA.
Han stod bak podkasten «The Charlie Kirk Show» og ble regnet som en trofast støttespiller for president Donald Trump.
I 2012 grunnla Kirk organisasjonen Turning Point USA, som siden har vokst til å bli en av de mest synlige konservative ungdomsbevegelsene i landet.
Kirk var gift med Erika, og har to barn på 3 og 1 år.
- Hva er Turning Point?
Turning Point USA er en av de mest synlige konservative ungdomsbevegelsene i landet.
På egne nettsider opplyser organisasjonen at de har over 800 lokallag på universiteter på tvers av USA. Lokallaget ved universitetet i Orem har 150 aktive medlemmer, ifølge Turning Point.
Organisasjonen står også bak nettsiden «Professor Watchlist», som har et formål om å eksponere det organisasjonen mener er radikale akademikere.
Turning Point var blant dem som fremmet påstanden om at det var juks som ga Joe Biden seieren over Trump i USA i 2020.
- Hvilket arrangement deltok han på?
Kirk var på turné med «The American Comeback Tour», som han etter planen skulle reise rundt i USA med.
I forkant av arrangementet på Utah Valley University (UVU) ble det opprettet en underskriftskampanje mot besøket hans. I overkant av 900 personer skrev under, og kritiserte universitetet for å gi Kirks «splittende og marginaliserende retorikk» en plattform.
Under arrangementet oppfordret Kirk til diskusjon og åpnet for debatt med folk som var uenige med ham.
- Hvorfor var han så kontroversiell?
Kirk var kjent for å reise rundt og debattere meningsmotstandere, ofte på universiteter rundt i USA. I en video som har spredt seg etter hans død, understreker han viktigheten av dialog - også med dem man er uenig med.
Samtidig var han også kjent for svært konservative og kontroversielle meninger og utsagn.
Han ytret blant annet sterkt negative synspunkter om homofile og andre minoriterer, mente at religionsfriheten burde innskrenkes, at kvinner bør underkaste seg sin mann og spredte desinformasjon om koronaviruset.
Kirk var også en sterk forkjemper av retten til å bære våpen, som i USA er et eget punkt i grunnloven. Han mente denne retten var så viktig at den var «verdt» noen skytevåpen-relaterte dødsfall hvert år.
– Kirk hadde ei unik evne til å samle mange greiner innanfor Maga-rørsla, seier Høgestøl.
Han blei skoten og drepen under eit arrangement på Utah Valley University, onsdag førre veke. Han blei 31 år gamal.
Kirk var frå Chicago, men hadde eit tett forhold til Arizona. Kirk sin politiske organisasjon Turning Point hadde base i delstaten. Han gifta seg også med kona si i Arizona.
Ein trufast Trump-tilhengar
Kirk blir skildra som ein nær alliert av Donald Trump og den amerikanske presidenten har engasjert seg mykje i saka.
Det var Trump som kunngjorde på Truth Social at Kirk var skoten og seinare at han døydde på sjukehuset. I eit intervju med Fox News var han den første til å kunngjere at den mistenkte gjerningsmannen var sett i varetekt.
Trump skal også vere den siste til å tale på minnemarkeringa i kveld.
Den amerikanske presidenten Donald Trump sa at det kom til å bli ein vanskeleg dag.
Foto: Kent Nishimura / Reuters / NTB– I dag skal vi feire livet til ein stor mann, sa Trump til frammøtte journalistar.
Det er venta at han bli hylla som ein martyr av Maga-rørsla, Trump sitt politisk prosjekt for å «gjere Amerika storslått igjen».
Støre oppmodar om respekt
Statsminister Jonas Gahr Støre er i USA før FN-møtet som skal vere komande veke.
– Det er store spenningar i dette landet som er blitt ytterlegare forsterka etter dette drapet, seier han til NRK.
Jonas Gahr Støre er i USA og peikar på at leiarane i landet har eit ansvar for å halde dei politiske spenningane nede etter drapet på Kirk.
Foto: Pontus Höök / NTBTrump har dei siste ti dagane til å klandre den «radikale venstresida» for drapet på Kirk. Mange fryktar at drapet på Kirk skal skape enda djupare splitting i eit allereie polarisert USA.
Støre understrekar at ein må ha respekt for at familien og tilhengarar har behov for å sørge, men at alle har eit ansvar for å ikkje uttrykke seg slik at konflikten dreg seg til.
– Det er store ting på spel. Ytringsfridom, retten til å uttale seg, media sin rett til å uttrykke seg. Leiarar må ta ansvar for å halde desse spenningane nede, seier Støre.
Lyst å lære meir om kven Charlie Kirk var og korleis han blir hugsa? Høyr den siste episoden frå podkasten Urix her:
Publisert 21.09.2025, kl. 19.36 Oppdatert 21.09.2025, kl. 22.38