Lovene bør vere på bokmål

4 weeks ago 24



Eg er redd eg trør mange på tærne no, men eg vil ha mindre nynorsk i min arbeidskvardag.

Det er uheppeleg (uheldig) med den bisneleg (oppsiktsvekkjande) store luten (andelen) nynorsk vi alt no har i lover, førearbeid, og anna.

Heller ikkje rettsorskurdar (rettsavgjerder) og litteratur slepp unna nynorskens forvanskande klør.

Mindre nynorsk i verksemda (jobben) trur eg ville auka produktiviteten. Vanvyrdnaden (forakta) for nynorsk ville minka. Utan nynorske fagtekstar ville arbeidskvardagen min i botn og grunn vorte meir endefram (næmare (meir letteleg (enklare))).

Nynorsk som skriftspråk

Ikkje misforstå – eg synest nynorsk er eit herleg lyrisk og fagert mål. Nynorsk er ikkje berre bokmål med «eg» og «ikkje».

Om du ser forbi den forenkla skulenynorsken, har målforma eit rikt utval av makelause ord og vendingar.

Etter mi meining har nynorsk trass i det – kanskje godt hjelpt av den fordummande skulevarianten – gjort seg sjølv meir og meir obskur og utenleg som eit juridisk fagspråk.

Nynorsk som fagspråk

Vi juristar er trena opp i å lesa og tolke lova effektivt og med presisjon. Når lova er på nynorsk, kan det – sjølv om språket er vakkert – by på utfordringar for både bokmålsjuristar og mindre ivrige nynorskjuristar. Tid og ressursar som kunne vore brukt på klientarbeid og andre produktive gjeremål, må i staden ofrast til forståing og omsetjing.

Juss er eit eige fagspråk, med eigne termar og uttrykk. Nemningsbruk og ordval er ulikt på ulike språk. Ikkje berre frå norsk til engelsk, men òg frå bokmål til nynorsk.

Eg arbeider i hovudsak med saker innan fast eigedom. Der er det ei rekkje lover på nynorsk, mellom anna avhendingslova, bustadoppføringslova, grannelova, hevdslova, burettslagslova, sameigelova, servituttlova, tomtefestelova, oreigningslova og ikkje minst hendelege eigedomshøvelova. Der treff vi på ord som for bokmålsvante kan krevja eit ekstra dykk ned i ordboka, til dømes «tufteleige», «bate» og «omframrådgjerder».

Nynorsk som rettstryggleiksproblem

Lovtekstar er grunnleggjande i juridisk arbeid. Dei skal vere klåre og tilgjengelege for alle som bruker dei, ikkje berre for juristar. Bokmål er langt meir utbreidd som skriftspråk.

Å lage fleire nynorske lover kan gje utfordringar for juristar så vel som for «vanlege folk». Når du møter på ukjende ord og uttrykk, krevst det ekstra tid og mental kraft til forståing og tolking. Dette kan bety noko for effektiviteten i det juridiske arbeidet, spesielt for dei som ikkje er så gode i nynorsk.

Misforståingar og forseinkingar i juridisk verksemd er uønskt for alle partar i rettssystemet. Språkleg mangfald bør ikkje gå ut over praktisk bruk av lova. I ytste konsekvens kan det bli eit problem for rettstryggleiken.

Nynorsk i statistikken

Tala i statistikken er klåre: Ikkje berre er det ein ørliten del av Noregs folk (rundt 10 prosent) som skriv på nynorsk – interessa for nynorsk er dalande.

Når elevar blir gamle nok til å velje sjølv, byter mange frå nynorsk til bokmål. Nesten ingen går attende til nynorsk etter å ha bytta til bokmål.

Forklaringa er mellom anna at mange synest dei skriv og les betre på bokmål, og at det meste av tekstar dei brukar er på bokmål. Skiftet av målform skjer sjølv om nynorsk har hatt framsteg i kulturliv, media og lovverk.

Ei spørjeundersøking viser at jo høgare utdanning du har, jo mindre skriv du nynorsk. Juristar er høgt utdanna. Det er med andre ord ikkje like aktuelt i 2024 med 25 prosent lover på nynorsk som det kanskje var før.

Sett i samanheng med statistikken, betyr det at nynorsken ikkje er særleg aktuell for dei fleste av oss.

Nynorsk bør ut av Noregs lover

Eit mål om at 25 prosent av nye lover skal vere på nynorsk, samsvarer dårleg med nynorsknedgangen i samfunnet.

Nynorsken si skildrande språkform har sin plass i det norske skriftspråket, men først og fremst innan kulturen. Med sine arveord oppfattar eg nynorsk i hovudsak som eit bisn (ein kuriositet) for dei spjutoddane (tilhengjarane) som er mest hækne (hugramme (iherduge (eldhuga (engasjerte)))).

Eg foreslår at me sluttar å lage lover som aukar arbeidsmengda, fordyrar bruken av juridiske tenester, og i verste fall svekkjer rettstryggleiken.

Publisert 04.04.2024, kl. 08.56

Read Entire Article