Onsdag ettermiddag har Lom og Skjåk kommunar vore i møte etter vedtaket i fylkestinget der dei la ned to skular og fire skulestader. Lom vidaregåande skule er ein av dei som blir lagt ned.
– Vi ser på moglegheita for å starte eigen skule i Lom. Vi ser på litt fleire alternativ, seier Kristian Frisvold, ordførar i Lom kommune til NRK Innlandet.
Onsdag sat han i møte saman med ordføraren i Skjåk kommune.