Tidlegare i år blei det kjent at regjeringa blar opp 160 millionar kroner for å slette gjelda til Moskenes kommune dersom dei frivillig slår seg saman med Vestvågøy kommune i Lofoten.
Moskenes slit med ei gjeld på over 100 millionar kroner og har vore på den såkalla Robek-lista, et register over kommunar med dårleg økonomisk styring, sidan 2012.
I dag presenterte ordførarane i Moskenes og Vestvågøy ei innbyggarundersøking, som vis at eit stort fleirtal ønsker samanslåing mellom Moskenes- og Vestvågøy kommune.
Undersøkinga blei gjennomført i perioden 24. juni–2. juli.
– At så mange er positiv til ei samanslåing gjev ein god følelse, då veit vi at vi ikkje er heilt på villspor, seier ordførar i Vestvågøy, Jonny Finstad (H).
Hanna M. Sverdrup (H), ordførar i Moskenes var ikkje like overraska.
– Det var litt det inntrykket eg hadde før undersøkinga. Men det var veldig godt å få bekrefta at så mange var positiv.
Nytt kommunenamn
Om desse to kommunane no blir slått saman, blir det eit heilt nytt namn for den nye storkommunen.
Lofoten kommune.
– Vi har spurt kva innbyggarane vil den nye kommunen skal heite, og dette var det aller mest populære namnet, seier Sverdrup.
– Det er det fleire orsakar til namnevalet. Det handlar om merkevare og et namn som står seg i framtida, seier ordførar Jonny Finstad.
Reine i Moskenes kommune i Lofoten, som no kan få namnet Lofoten kommune, dersom ordførarane får vilja si.
Foto: Synnøve Sundby FallmyrI dag består Lofoten av seks kommunar: Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy og Røst.
Finstad er spend på om de fått gjennomslag for det nye namnet, både i kommunestyrene og hos Kommunaldepartementet.
– Samanslåinga kan verte starten på ein kommune for heile regionen. Da vil namnet Lofoten gjere at vi slepper å skifte namn seinare, seier Finstad.
Likevel er det ein veg å gå før samanslåinga kan verte eit faktum.
– Forhandlingsutvalet vil no legge fram ei innstilling til kommunestyret. Så blir det eit ekstra kommunestyremøte den 20. august, kor vi skal stemme ja eller nei til samanslåinga, seier Finstad.
Namnevalet vekker oppsikt
Ordførar Vidar Thom Benjaminsen i nabokommunen Vågan meiner namnavalet blir feil.
- Eg kan på ein måte skjønne at dei har eit ønske om det, men det er ikkje ein rett idé. Vestvågøy og Moskenes er ikkje ein gong halvparten av Lofoten, så det er litt rart at dei skal heite Lofoten kommune, for dei representerer ikkje heile Lofoten.
– Vågan er ikkje i Lofoten, så Vågan er eit bra namn som passar kommunen vår. Så vil Lofoten vere eit bra namn når det ein ganag er ein heil kommune, seier Vidar Thom Benjaminsen.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKHan legg til:
– Vi har jo Lofoten regionråd som representerer alle seks kommunane, så eg ser ikkje heilt for meg at det skal vere heilt gjennomførbart. Dei kunne jo tatt namnet Vest-Lofoten i staden.
Han er ikkje framand for at Lofoten ein gong i framtida blir ein kommune.
– Det kan godt hende at vi skal bli ein kommune i Lofoten, men det er ikkje tid for det nå, å da får dei starte med Vest Lofoten kommune eller Ytre-Lofoten kommune eit eller anna, så får heile Lofoten kommune bli noko når alle er klare.
Ingen folkeavstemming
Sjølv om kommunane har tatt initiativet til ei innbyggarundersøking, vil ikkje ei folkeavstemming bli gjennomført.
Tidlegare kommunalminister Erling Sande (Sp) var tidlegare i år kritisk til at de to kommunane ikkje gjennomfører ei folkeavstemming.
Finstad meiner ei slik undersøking som de har gjort nå er et godt val.
– Det er fordi vi meiner at vi får meir utfyllande svar med denne undersøkinga, seier Finstad.
I undersøkinga kunne ein svare på korfor ein eventuelt var positiv eller negativ. Ein kunne også svare på om innbyggarane ønsket ein endå større Lofot-kommune med både Flakstad og Vågan.
Her var over 70 prosent av innbyggarane positiv til ei større samanslåing.
Undersøkinga er gjennomført av Respons Fakta.
130 tilfeldige personar frå Moskenes og over 400 frå Vestvågøy blei intervjua.
– Undersøkinga er tatt av eit nasjonalt anerkjent byrå, og resultata er så tydeleg og klare at det vil ikkje vere nokon som kan stille veldig stor tvil til resultatet, seier Finstad.
Staten dekker gjeld på 160 millionar
Sverdrup har tidlegare fortalt om ein umogleg situasjon kommunen står i.
– Enten må dei hjelpe oss eller så må vi prøve å slå oss konkurs. For vi ser ikkje korleis vi skal komme oss ut av det. Vi skal både bygge opp ein struktur som ikkje finst og samtidig betale ned ei enorm gjeld.
Moskenes kommune har sjølv teke initiativ til samanslåing, men gjelda har skremt bort den eine kommunen etter den andre.
Då regjeringa til slutt sa seg villig til å betale heile gjelda, fekk pipa ein anna låt hos ordføraren i Vestvågøy kommune.
– Dei økonomiske forholda måtte avklarast, og gjelda måtte bli handtert av staten før vi kunne gå vidare i ein formalisert prosess, sa Finstad under ein pressekonferanse i april.
Kommunaldepartementet: – Nå vere godt forankra
Ifølge kommuneloven skal nye kommunenamn fastsetjas av Kongen, men denne myndigheten er delegert til Kommunal- og distriktsdepartementet.
– Loven slår fast at det er viktig at val av kommunenamn er godt forankra i dei lokale prosessane. Språkrådet har på heimesida nokre viktige prinsipp for nye kommunenamn, som det er naturleg at bør ligge til grunn for den lokale diskusjonen, seier seniorrådgjevar
Hilde Greve Mo, i Kommunal- og distriktsdepartementet.
-Lofoten er eit merkenamn. Vi representerer oss som lofotingar. Det er ikkje slik at dei som kjem frå Lofoten kjem frå berre Moskenes og Vestvågøy, dei kjem frå heile Lofoten. Ein Lofoten kommune bør representere heile Lofoten, og skal dei bruke det namnet bør dei vente til heile Lofoten er villig til å bli éin kommune.
-Dette er ganske nytt. Jonny Finstad informerte meg om dette i går. Eg skjønner tanken bak namnet, men det er litt tidleg, og det kjem vi til å seie i frå om. Om vi sender brev eller tar det munnleg det veit eg ikkje, veit ikkje korleis prosessen rundt namneval er. Men det er nok litt prematurt å starte Lofoten kommune før alle andre kommune er klar for det.
16:39
Oda Stine Hansen Viken
Publisert 09.07.2025, kl. 16.08 Oppdatert 09.07.2025, kl. 16.55