Livskvaliteten til unge aukar

1 week ago 10



– Eg har veldig god livskvalitet. Det er spesielt å bu i Sogndal, for det er ganske mykje å finne på her og lett å halde seg i aktivitet, seier 22-åringen Jacob Almås.

Han og kompisen Eirik Halleland er midt i klatreøkta på Sogndal klatresenter.

Dei er begge veldig nøgde med livet akkurat no.

Livskvaliteten blant unge mellom 18 og 24 år held fram med å auke etter å ha gått ned under koronapandemien.

Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eirik Helleland i Sogndal om livskvalitet

Eirik Halleland i Sogndal er nøgd med livet sitt.

Foto: Oda Flaten Lødemel

Frå 2023 til 2024 har gjennomsnittsskåren på tilfredsheit med livet blant unge auka frå 6,4 til 6,8. Svara er oppgitt på ein skala frå ein til ti.

Auken er størst blant unge menn, som generelt er meir tilfredse med livet enn unge kvinner.

– Å vere fysisk aktiv på fritida i fellesskap med andre er viktig for min livskvalitet i alle fall, seier 22-år gamle Halleland.

For dei unge er den gjennomsnittlege tilfredsheita på omtrent same nivå som i starten av pandemien i 2020.

Nøgde med fritid, helse og økonomi

Det er spesielt fysisk og psykisk helse, fritid til rådigheit og økonomisk situasjon dei unge mennene oppgir høgare tilfredsheit med enn unge kvinner.

Auken for menn er tydlegast på følgande område:

  • Tilfredsheit med fritid, opp 0,4 poeng for menn og 0,2 for kvinner.
  • Tilfredsheit med økonomisk situasjon, opp 0,4 poeng for menn og 0,1 for kvinner.

Rådgivar i SSB, Kristina Strand Støren, seier at funna kan tyde på at det har tatt litt lengre tid for livskvaliteten å betre seg for unge menn enn for unge kvinner, etter pandemien.

– Det er viktig å merke seg at endringane er små, og at viss vi ser tilbake i eit litt lengre tidsperspektiv, har vi også sett ei auke i livskvaliteten til kvinner.

Jacob Almås og Eirik Halleland

Studentane i klatreveggen seier gode, sosiale relasjonar og tid til å drive med fritidsaktivitetar er alfa og omega for deira livskvalitet.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Støren trur det kan vere tilfeldig at det aukar for unge menn akkurat no. Ho viser til at unge kvinner tidlegare har meldt om større auke i livskvalitet på enkelte område enn menn.

Sjølv om det har tatt lengre tid før livskvaliteten på enkelte område har auka for menn enn for kvinner etter pandemien, er mennene meir tilfredse med livet enn kvinnene på fleire område, legg ho til.

– Det er lurt å ha enda lengre tidsperspektiv og meir grundige analysar for å sjå om det er varige skilnader mellom kjønna.

Sjølv om unge oppgir at livskvaliteten aukar, er dei framleis mindre tilfredse med livet på mange område, enn dei som er eldre.

Unge meir prega av pandemien

Forskar Thomas Hansen ved Folkehelseinstituttet (FHI) synest tala til SSB viser ei positiv utvikling.

– Det har vore mykje merksemd på den låge og reduserte livskvaliteten blant ungdom og unge vaksne.

Ifølge han kan auken i livskvalitet henge saman med at dei unge kanskje var meir prega av pandemien.

Derfor kan dei ha meldt om lågare tilfredsheit i dei første målingane.

– Det gir igjen ei brattare vekstkurve når vi ser på tilfredsheita fram til i dag.

Medisinsk munnbind

Unge meldte om dårlegare livskvalitet under pandemien.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

I tillegg kan det hende at dei unge er mindre påverka av negative endringar i økonomien og bustadmarknaden enn dei litt eldre.

Hansen viser til at forskjellane likevel er små, og at det ikkje er snakk om dramatiske endringar i unge sin livskvalitet.

– Vi må hugse på at svarprosenten er nokså låg, at utvalet av dei som er med er lite, og at det kan vere tilfelle i tala som gjer at dei kan svinge litt frå år til år.

Ifølge han står det att å sjå om den positive utviklinga vil halde fram, eller om livskvaliteten har falle meir tilbake til normalen for gruppene etter pandemien

Publisert 11.11.2024, kl. 05.43

Read Entire Article