Lillefosse hamna i «mørkt hol» etter skrekkskaden: – Han skjønte at eg ikkje burde vere aleine

1 month ago 21



– Det er berre hjartesorg, nesten. Der du kjenner på mange ulike kjensler samtidig. Det er absolutt det verste eg har opplevd på ein idrettsbane og noko av det verste eg har opplevd i livet, seier Pål Haugen Lillefosse til NRK.

Han haltar ned trappene på Olympiatoppen i Oslo, på veg til dei første opptreningsøktene sine etter skaden. Han er nettopp tatt ut til eit nytt år på landslaget i friidrett, og blir følgd tett opp.

– Først må eg lære meg å gå, seier han med eit lite smil.

Det er ennå uvisst om han kan konkurrere det neste året etter at han blei trilla ut i «ei slags Kiwi-handlevogn» frå Stade de France i leikane i sommar.

Frykta det verste

– Eg trur faktisk det som gjorde meg mest nervøs, var ikkje akkurat da eg sat i den stolen eller det at eg ikkje fekk hoppe, men at eg tenkte at eg aldri kjem til å hoppe igjen.

Paris Olympics Athletics

DRAUMEN KNUST: – Det var ein elendig stol!, fleipar Lillefosse til NRK.

Foto: Bernat Armangue / AP

Det gjekk skeis under oppvarminga. Han pådrog seg ein ruptur i akillessena, og fekk aldri starta OL-konkurransen.

– Det var ein cocktail av kjensler. Av å vere sint. Av å vere trist. Av å berre ikkje vite kva som skjer, eigentleg.

Han beskriv kjensla etter å ha hinka ut av tilløpet som sjokk- og panikkartet. Tårene trilla på veg ut av stadion.

– Det tok ganske lang tid før eg fekk sjå nokon eg kjenner, slik at eg fekk roa ned situasjonen litt. Eg gjekk jo heilt i panikk og heldt på å svime av, seier Lillefosse.

Stavhoppar Pål Haugen Lillefosse skader seg på oppvarminga til kvalifiseringa i OL.

– Han skjønte at eg ikkje burde ikkje vere aleine

Situasjonen roa seg litt da han fekk sjå landslagslege Ove Talsnes og trenar Bjørn Åge Herdlevær. Han fekk pusta litt.

– Det var nesten vanskeleg for meg å akseptere at det blei sånn. Så det var mykje tårer og eigentleg samanbrot, nesten, dei første to vekene. Heldigvis så var pappa med meg på reisa. Han merka at eg ikkje burde vere så mykje aleine.

– Når var det faren din skjønte at her var det mørkt?

– Eg er eigentleg ganske god til å halde maska, men eg kan vere ganske dårleg på det når eg er med familie. Så da eg kom heim (frå Paris), så greidde eg ikkje å halde det tilbake, seier Lillefosse – og legg til:

– Han hadde jo ikkje sett meg på den måten på grunn av idrettsprestasjon. Fordi eg ikkje har vore i den situasjonen.

Pål Haugen Lillefosse på rehabilitering

OPERERT: Her rauk akillessena.

Foto: Anders Engeland / NRK

– Det var null humør i guten

For heime i Bergen var pappa Arne Lillefosse bekymra for sonen. Han høyrde over telefonen at ting ikkje var bra, og ville få sonen heim så raskt som mogleg.

– Eg har ikkje sett han så nedbroten. Da var alt svart. Både humørmessig og ... Han var nedbroten både fysisk og mentalt da han kom heim, seier Arne Lillefosse til NRK.

Sonen var mykje i senga og sofaen. Som forelder gjorde det vondt.

– Det var null humør i guten. Eg trur han var lei alt. Idrett, hadde ikkje lyst til å gjere noko, orka ikkje noko.

arne lillefosse

BRONSEGUT: Far og son i München. Lillefosse vann bronse.

Foto: Privat / Privat

Faren har ikkje blanda seg så mykje i idretten, men skjønte raskt at han ikkje kunne «pakke ting inn». Det handla om å vise forståing for den kjipe situasjonen.

– Eg kan ikkje mase og prøve å seie ting som ... «Ja, du er jo ung, og du har framtida for deg» og sånt. Da hadde eg sikkert blitt slått ned.

Gradvis skjedde ei endring, men det tok tid. Først to–tre veker heimkomsten begynte han å sjå dei humørmessige glimta. Nå ser han dei stadig oftare.

Pål Haugen Lillefosse på rehabilitering

PÅ BEHANDLING: Pål Haugen Lillefosse er stiv og støl i foten som fekk seg ein smell. Han får svært god oppfølging frå Olympiatoppen.

Foto: Anders Engeland / NRK

Visste ikkje om han ville fortsette

Pål Haugen Lillefosse er ute av det han beskriv som eit «mørkt hol». Undervegs var han inne på tanken om å gi seg med friidretten.

– Dei første to vekene var eg så langt nede at eg visste ikkje heilt om eg ville tilbake igjen i det heile. Og det er ei rar kjensle, for det er noko eg aldri har tenkt i livet før.

Tanken om at han ikkje ville halde fram med friidrett fekk stadig større grobotn etter at han fekk eit direkte spørsmål.

– Eg trur det var så direkte som at: «Har du lyst til å drive med dette i morgon?». Og så sa eg ja. Men jo meir eg tenkte på det, jo meir usikker blei eg, seier Lillefosse.

Pål Haugen Lillefosses høyre bein er tydelig tynnere enn det venstre.

FORSKJELL: Musklane er nesten forsvunne frå det høgre beinet til Lillefosse.

Foto: Anders Engeland / NRK

Musklane i høgre legg har nesten forsvunne. Det er tungt å gjere dei enklaste øvingane. Lillefosse er på veg inn i ei tredemølle, som avgrensar vekta ned mot bakken.

Stavhopparen går 600 meter på mølla og er utsliten.

– Det er det næraste eg har vore å gå sidan Paris. Eg kjem til å kjenne på ein lette når eg klarer å gjere det ute på gata. Fram til det må eg ha hjelpemiddel for å klare å gå normalt.

Uviss framtid

23-åringen har så smått starta på vegen tilbake, men når han er tilbake, er umogleg å fastslå. Kanskje neste år, kanskje året etterpå.

– Det blir spennande å følge den prosessen òg. Det er jo ei ny oppleving for meg. Å gå frå null, altså ikkje kunne gå. Frå å ikkje kunne gå til å hoppe. Det er to ulike verder. Så gleder eg meg til å sjå, følge min eigen progresjon frå den eine verda til den andre, seier Lillefosse.

Pål Haugen Lillefosse på rehabilitering

ANTI-TYNGDEKRAFT: Pål Haugen Lillefosse ruslar på ei tredemølle som avgrensar vekta ned mot bakken.

Foto: Anders Engeland / NRK

Den neste store meisterskapen er VM i Tokyo i 2025. Deretter ventar eit år med «berre» EM i Birmingham og ein ny minimeisterskap i Budapest i 2026.

– Eg kjem ikkje til å rushe noko og ta nokon ekstra sjansar for å komme meg til VM. Sjølvsagt er det konsekvensar av å ta det langsiktig òg. Los Angeles 2028 er det eg har sagt er hovudprioriteten min.

Publisert 22.10.2024, kl. 05.15

Read Entire Article