– Eg får ei skyteskive på ryggen når eg seier dette og berre konkurrerer med europearar, men eg trur mange gløymer at vi er ekstremt privilegerte utøvarar. Dette skal vi ikkje ta for gitt, seier Wright til NRK.
Friskusen med hockeysveis som representerer USA, overraska ei heil skiskyttarverd da han under VM i Lenzerheide gjekk inn til sølv på både sprint og jaktstarten – berre slått av Johannes Thingnes Bø.
I seinare tid har fleire og fleire sperra opp auga for den fritalande amerikanaren.
Det siste eksempelet kjem etter podkasten «Skirious problems». Her går Wright, utan filter, rett i strupen på konkurrentane sine – spesielt dei frå Europa.
Han meiner halvparten av europeiske utøvarar rett og slett driv med «fake professionalism», direkte omsett til falsk profesjonalitet.
– «Fake professionalism» er når folk trur at dei kan bli ein ufyseleg type éin time før konkurranse – og at dei trur dei presterer betre av den grunn, seier Wright i podkasten.
Han drar også fram at utøvarar blir meir inneslutta og sluttar å prate med andre.
– Nokon blir så fokuserte på konkurransane at dei byrjar spy og sluttar å prate med andre. Når desse personane da vinn medaljar, seier trenarane at dei må sjå til det dei gjer. Da blir utøvarane forma av dette og nokon får kanskje betre resultat. Når dette skjer så må eg av og til spørje meg sjølv: «Er dette verkeleg bra for deg?», undrar Wright.
– Trur ikkje det ligg noko der
Han har i etterkant tatt imot fleire meldingar frå andre utøvarar, som både har støtta og vore ueinige i utsegna.
Ein som hamnar i «ueinig-kategorien», er Isak Leknes Frey. Han var beste nordmann under Loop One-konkurransen i München.
– Eg trur ikkje det ligg noko der. Ein har litt ulike førebuingar. Han er kanskje ein av dei som er meir utettervendt før start. Men eg har likt å komme litt i eiga boble.
På motsett side står to andre nordmenn. Dei har bite seg merke i det Wright poengterer.
– Eg er veldig einig med han i at det er veldig mange i Europa, og det er nok ein del i Noreg òg som er litt «fake professionals», seier Vebjørn Sørum til NRK.
– Det er mange som ikkje tør å nyte det. Ein tenker at ein får ein dårleg prestasjon av det, men ein kan vere tullete rett før start, og så kan ein framleis gjere ein god opptreden, seier Sturla Holm Lægreid.
NORSK FIRKLØVER: Isak Lekens Frey (til venstre), Sturla Holm Lægreid, halvt norske Éric Perrot som går for Frankrike og Vebjørn Sørum under Loop One-konkurransen i München.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK– Alle er ulike – det må vi respektere
Sjølv om amerikanaren får blanda støtte frå den norske leiren, er franskmannen Fabien Claude av ei tydelegare oppfatning.
– Før eit løp er eg éin av dei som fokuserer på meg sjølv. Eg er ikkje forbanna på andre, men er eg berre fokusert på meg sjølv, seier Claude.
UEINIG: Franskmannen Fabien Claude under Loop One-konkurransen i München.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRKHan er tydeleg på at dei to har ein ulik tilnærming og mentalitet.
– Alle er ulike – det må vi respektere. Om du vil prate, så kan du gjere det. Det er ikkje nokon skrivne reglar om at det ikkje er lov. Det aller viktigaste for meg er uansett fair play, seier Claude.
Overfor NRK fortel Wright at han til tider har kjent seg uglesett av andre utøvarar når han har fleipa og fortald skrøner før start.
– Av og til trur eg folk i Europa blir så investerte i konkurransar at dei ikkje innser kor heldige vi er som får konkurrere her. Eg hatar å måtte seie det, men dei (europearar) har «a stick up their bum», for å vere heilt ærleg, seier Wright.
På spørsmål der nordmennene hamnar på «fake professionalism»-skalaen frå éin til ti, svarer amerikanaren kontant:
– Ingen kommentar, seier Wright med eit smil om munnen, før han korrigerer seg.
– Nokre av dei norske gutane er faktisk morosame. Når du er blant dei beste, så kan du også nyte det litt. Er du ikkje einig? Så eg kan gjerne slå av ein spøk med dei norske gutane, seier Wright.
Publisert 23.10.2025, kl. 11.42