Låg og sov to meter unna der 146.000 ampere slo ned i huset

1 month ago 34



– Du ligg litt over senga di. Du skjønar ikkje heilt kva som har skjedd.

Søndag morgon vakna Mads Ramstad og kona Anine Kongshavn av eit kraftig smell. Dei gjekk ut av soverommet og såg glasbetar i gangen.

– Vi lurte på om det var ei bombe. Så lukta vi røyken og då ringde vi naudetatane.

Klokka 06.40 den morgonen sende politiet ut melding til pressa om at dei rykka ut til meldingar om lynnedslag i fleire hus nord i Haugesund.

Særleg eit hus hadde fått store skader.

Mads og Anine sitt.

– Det var ganske heftig å sjå stova si full av glasskår. Øydelagt og knust, seier Ramstad.

Glasset i stuedøren er knust

Ruta i døra som går inn til stova er knust.

Kontakt og vegg ødelagt av lyn

Alt elektrisk i huset er øydelagt. Her er støpselet i stova blåst ut av veggen.

Skader i tapet

På motsett vegg fleire meter frå der lynet slo ned har tapetet fått synlege skadar.

Skader på ledninger inni veggen

Inni veggen er det synlege skadar. Ramstad er takksam for at det ikkje byrja å brenne.

Pipetoppen ligger på gresset like ved en gangsti nedenfor huset.

Toppen på pipa ligg fleire meter frå huset, nede på ein grasflekk like ved ein gangveg.

Dei hadde sove vegg i vegg.

– Og vi kom uskadde frå det. Vi er veldig glade for at det ikkje tok fyr, seier han.

Tre dagar seinare er det sett opp ein lettvegg i stova som skal halde taket oppe. Det luktar svidd, støpsla har blåst ut av veggen, eit stovevindauge er knust. Og pipa har delvis rast ned.

Mads Ramstad ser ut vinduet

Dei plar sitte her i vindauget og sjå fine solnedgangar eller uvêr som ofte råkar vestkysten.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

På veg ned til kjellaren må ein prøve å ikkje trø på glasbetane. Den nye inspeksjonsluka i pipa blei blåst tvers over rommet og trefte kjøleskapa som står att med tydelege bulkar.

Mads Ramstad med feieluka som ble blåst ut av pipa

Inspeksjonsluka i pipa blei blåst ut og trefte kjøleskapa og fauk vidare ut i kjellarstova.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

For det var ikkje eit «normalt» lyn som slo ned i huset.

Eit uvanleg lynnedslag

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss har studert lynnedslaga som trefte bustadområdet i Haugesund.

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen

Straumstyrke blir målt i ampere.

Til dømes bruker ein brødristar 30 ampere.

Startmotoren til ein bil brukar opp til 160 ampere.

Ifølge Gislefoss har eit lynnedslag vanlegvis 10.000 ampere.

Lynet som trefte huset til Ramstad hadde 146.000 ampere.

– Det er ikkje ofte vi ser så kraftige lynnedslag, seier statsmeteorologen.

– Kvifor blei dei så sterke?

– Det er vanskeleg å seie. Vanlegvis går dei kraftigaste lyna frå sky til sky, ikkje dei som går ned i bakken. Så dette var eit unntak.

Gode naboar

Forsikringsselskap og takstbyrå er i gang med å få oversikt over skadane.

Det er lenge til paret kan flytte heim igjen.

I mellomtida er det fint å kjenne på godt naboskap.

– Det betyr utruleg mykje at vi har fått husrom hos ein nabo. Andre har tilbode frukost, og vi har fått kaffikanner på døra. Det er slike ting som betyr mykje, seier Mads Ramstad.

Anine Kongshavn og Mads Ramstad

Anine Kongshavn og Mads Ramstad er takksame for godt naboskap etter lynnedslaget.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Publisert 28.08.2024, kl. 16.24

Read Entire Article