Lærar sikta for oppbevart og delt overgrepsmateriale

5 hours ago 1



Mannen er tilsett som lærar på ein skule i Møre og Romsdal og har i tillegg verv på fritida der han også kjem i kontakt med barn og unge.

No er han fengsla i fire veker fordi politiet hevdar han har lasta opp, delt og oppbevart overgrepsmateriale og fryktar at han skal øydelegge bevis dersom han blir sett fri.

Mannen er sikta etter Straffelova §311: Fremstilling av seksuelle overgrep mot barn eller fremstilling som seksualiserer barn.

I avgjerda frå tingretten heiter det:

«Så langt er det uklart om noe av materialet er eigenprodusert og funn kan tyde på at siktede har utgitt seg for å være et barn», heiter det.

– Det er jo slik at ved å utgje seg for å vere eit barn, så er det lettare å kome i kontakt med andre barn der målet kan vere til dømes å skaffe seg bilde og videoar, chatte seksuelt og i verste fall begå overgrep mot desse, seier politiadvokat Cathrin Remøy til NRK.

Cathrin Remøy

Politiadvokat Cathrin Remøy er tilbakehalden med kommentarar.

Foto: Politiet

Ho strekar under at politiet så langt ikkje har gjort funn som tyder på at læraren har forgripe seg fysisk. Det er heller ikkje noko som tyder på at han har tatt bilde eller filma nokon i samanheng med verv eller arbeid.

Remøy karateriserer omfanget av kontoar som mannen har brukt som «frykteleg mange». Politiet vil no bruke tid på å gå gjennom dette.

Mannen sin advokat, Oddvar Aarsæther, vil ikkje kommentere saka no.

Forsvarar Oddvar Aarsæther under ei tidlegare sak.

Oddvar Aarsæther er mannen sin advokat. Han vil ikkje kommentere saka no.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Skal ha funne spor etter lagring

I avgjerda frå retten kjem det fram at mannen skal ha brukt namn og skjulte nettverk som ikkje kan knytast til han.

Politiet skal så langt ha funne 44 e-postar som er brukt til å opprette kontoar for skylagring:

«Omfanget av kontoer og metoden siktede har brukt gjør at politiet fortsatt ikke har fått dokumenter og sikret innhold knyttet til en rekke skytjenester. Dette vil være omfattende arbeid. Dersom siktede løslates, vil han enkelt selv eller via andre kunne logge seg inn og slette innhold på kontoene».

Mannen blei henta av politiet og fengsla allereie for to veker sidan. Retten forbaud då pressa å fortelje om saka, av frykt for at bevis skulle bli øydelagde.

Politiet seier etterforskinga har styrka mistanken om at mannen har gjort noko gale, og at saka kan få konsekvensar mellom anna for arbeidet til læraren.

Retten har konkludert med at mannen må finne seg i brev- og besøkskontroll medan han sit fengsla. På denne måten vil politiet hindre at mannen instruerer andre om å logge seg på og slettar innhaldet på mannen sine kontoar.

Politiet blei varsla via ein amerikansk organisasjon, Ncmec, som jobbar for å hindre seksuelle overgrep mot barn.

Arbeider som lærar

Mannen har jobb som lærar på ein skule i Møre og Romsdal. Han har i tillegg verv som gjer at han er i kontakt med barn og unge på fritida.

Arbeidsgjevaren og leiinga i klubben der han er engasjert, blei først måndag ettermiddag orienterte om saka.

Forsvararen til mannen vil ikkje at pressa skal kunne skrive om saka og viser til omsynet til mannen sin familie, og dette blei tema i tingretten fredag.

Retten var ikkje samd då mannen blei fengsla på nytt fredag, men gav etter for kravet inntil Frostating lagmannsrett hadde sett på saka. Lagmannsretten har måndag ettermiddag oppheva forbodet og omtale av saka er difor ikkje lenger ulovleg.

Retting: NRK skreiv først at mannen er sikta for produksjon av overgrepsmateriale. Han er sikta etter lovparagraf 311 som omhandlar produksjon, men politiet preseiserer at han per no er mistenkt for oppbevaring, opplasting og deling.

Publisert 27.10.2025, kl. 16.08 Oppdatert 27.10.2025, kl. 16.59

Read Entire Article