Kuttbudsjett lagt fram: – Bør skremme vatnet av bergensarane

3 weeks ago 12



Vil kutte 532 millionar kroner

Byrådet i Bergen aukar SFO-prisane, legg ned legevakter og reduserer satsane i sosialhjelpa. Reaksjonane er kraftige.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
TØFT BUDSJETT: Det er tøffe økonomiske tider, også i Vestlandets hovudstad. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 30.10.2024 10:26 Sist oppdatert 2 minutter siden

Denne saka blir oppdatert!

– Det er ikkje hekser, vampyrar, gjenferd eller monster som heimsøker denne byen. Det er noko mykje verre: Høgre og Framstegspartiet, seier gruppeleiar Mikkel Grüner (SV) til TV 2.

Det er bybudsjettet i Bergen, lagt fram av H/Frp-byrådet klokka 10.00 i dag, han regelrett er skremd av.

– Det er passande at dette budsjettet kjem dagen før Halloween, for det bør skremme vatnet av bergensarane. Det er på tide at bergensarane finn fram faklar og høygaflar, legg Grüner til.

Kutt på kutt på kutt

Som mange andre kommunar i Noreg, er det svært økonomisk trongt også i Bergen. 

Prognosane viser at kommunen kan gå 900 millionar kroner i minus i 2024.

 Jenny Eidesvik / TV 2
FINANSBYRÅD: Jacob Mæhle (H). Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Like etter klokka 10.00 i dag heldt finansbyråd Jacob Mæhle sin finanstale i bystyresalen i Bergen. 

– Økonomien er ikkje bærekraftig og det vil den heller ikkje vera etter i dag. Men budsjettet vi legg fram i dag er sunnare enn tidlegare og vil ta oss i ein meir bærekraftig retning, sa Mæhle.

Han la til at Kommune-Noreg «sit i eit skjebnefelleskap som utfordrar alle» og argumenterte for at Staten underfinansierer kommunane.

– Vi hadde ikkje stått i den situasjonen vi står i, om Staten hadde gitt oss dei pengane dei har lova.

Byrådet foreslår kutt, effektivisering og inntektsendringar for til saman 532 millionar kroner. 

Likevel innebærer budsjettet for 2025 eit negativt netto driftsresultat på 478 millionar kroner.

Blant områda kommunen ønskjer å styrka, er skule, tenester eldre og psykisk helse. Dei foreslår mellom anna å auke ramma til heimebuande eldre med 100 millionar kroner.

Heile framlegget til bybudsjett kan du lesa her.

Her er nokre av kutta i budsjettet:

  • Byrådet foreslår å kutte i administrasjon og fellesfunksjoner med 45 millioner kroner til neste år. Innsparingen skal komme gjennom færre stillinger, omorganiseringer av etater og avdelinger, restriktiv ansettelsespolitikk og at vakante stillinger ikke erstattes.
  • Byrådet foreslår å kutte i tilskuddene som kommunen gir til ulike formål. Foreslåtte utbetalinger av tilskudd til ulike formål og mottakere går ned med 43,5 millioner kroner til 475 millioner kroner.
  • Legge ned Krokeide skole. Skolen har i dag 35 elever.
  • Legge ned bydelslegevaktene i Fana og Loddefjord.
  • Vann og avløpsgebyr: Byrådet foreslår en økning av gebyrene som innebærer en gjennomsnittlig økning på 8,9 prosent. Økningen utgjør 656 kroner i året for «gjennomsnittskunden».
  • Redusere satsene for økonomisk sosialhjelp. Bergen har landets høyeste satser. Forslaget innebærer å redusere satsene for voksne. Satsene for barn holdes uendret. Endringen for enslige voksne er 345 kroner måneden.
  • Redusert bostøtte ved endringer i regelverk for bostøtte. Byrådet foreslår å endre beregningsmodell for kommunal bostøtte til bruttoberegning.
  • Økt pris på SFO. Prisen for en fulltids plass på 4. trinn for SFO er på 3.236 kroner. Byrådet foreslår å øke prisen til 3.436 kroner måneden.
  • Ingen elbilrabatt: Byrådet foreslår å fjerne elbilrabatten på 25 prosent i Bygarasjen, Solheimsgarasjen og Nordnesgarasjen. Prisene ellers øker med fem prosent.
  • Ikke digital enhet til alle på mellomtrinnet. Byrådet foreslår å gå bort fra det lokalt bestemte vedtaket om at alle elever på mellomtrinnet skal ha elev-PC eller Chromebook.
  • Omstrukturering av aktivitetssenter. Kommunen har 22 aktivitetssentre for eldre. Byrådet vil omstrukturere tilbudet. Ingen brukere skal miste tilbudet.
  • Avvikle helsestasjonene i Ytre Arna, Laksevåg og Kringlebotn. Brukerne skal følges opp av helsestasjonen i Familiens hus eller en av de større helsestasjonene i bydelene.

Heftig kritikk

Eigentleg lova Høgre å kutte i eigedomsskatten i Bergen. Trong kommuneøkonomi har ført til at dei har vore nøydde til å moderera seg litt.

Opposisjonen er likevel ikkje nådige i sin dom. Dette er kommentarane dei gir til TV 2 i dag:

Per-Arne Larsen (V), som tidlegare har vore finansbyråd i Bergen, kallar heile greia for eit «gigantisk mageplask».

– Retningslaust og vilkårleg. Dei dyre lovnadane frå valkampen om kutt i eigedomsskatten, fleire sjukeheimar og fart i bustadbygginga, er forlate til fordel for auka gebyr og avgifter, utsetjing av store og viktige byggeprosjekt og dramatiske kutt i barnehage og skule, summerer Larsen.

– Dette er latskap og elendig styring, tordnar Thor Haakon Bakke (MDG).

– Byrådet brukar 600 millionar kroner frå sparekontoen i år og no knuser dei like godt heile sparegrisen og køyrer på med 1,5 milliardar ekstra bruk i heile perioden. Dei har null kontroll, hevdar han.

– Byrådet har ingen visjonar for Bergen. Budsjettet er nitrist lesing. Kutter du i barnehage, skular, fastlegar og førebyggande arbeid, så får du rekninga igjen på eit seinare tidspunkt, seier gruppeleiar Rune Bakervik (Ap).

– Gidd ikkje

Det er fleire inntekter å hente, meiner både Larsen og Bakke. Dei peikar mellom anna på cruiseturisme.

– Både frå kommunal parkering, som er langt billegare enn det private aktørar tek, og så auke inntektene frå til dømes cruiseskip og luksusyachtar, seier Larsen.

– Eigedomsskatten må openbert aukast og vi må auke hamneavgiftene frå crusie og parkeringsinntektene må opp. Dei gidd berre bruke halve verktøykassen, seier Bakke.

Read Entire Article