Kunstbanan kan bli seld for millionar

4 days ago 7



Det høgst omstridde kunstverket «Comedian» laga av Maurizio Cattelan skal no ut på auksjon hos Sothesby i New York.

Kunstverket er rett og slett ei banan teipa fast til ein vegg.

Verket blei første gongen vist fram på ei utstilling i Sveits i 2019 og gjekk viralt.

Rett nok blir banana bytta ut stadig vekk, sidan bananer i liten grad tek omsyn til at dei skal henge til utstilling.

Ikkje nok med det. I 2019 tok den georgiske kunstnaren David Datuna bokstaveleg talt ned den originale banana og åt den opp.

– Det var ikkje vandalisme og eg er ikkje lei meg for at eg gjorde det, sa Datuna den gongen.

No skal altså kunstverket selgast på auksjon i New York, med ny banan bak teipen.

– Verket er djuptgåande og provoserande, seier Sothesby sin sjef for samtidskunst, David Galperin.

Sothesby trur banankunsten kan gå for over 1 million dollar, altså over 11 millionar norske kroner.

– Det Catteland eigentleg gjer er å snu ein spegel til samstidskunstverda og stille spørsmål og vekke tankar om korleis verdisetjer eit kunstverk, meiner Galperin.

Banankunst

Sjølve banana har blitt bytta ut ei rekke gonger.

Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP

Publisert 17.11.2024, kl. 20.22 Oppdatert 17.11.2024, kl. 20.30

Read Entire Article