Ifølgje pressemeldinga på Kongehusets nettsider startar Kronprinsesse Mette-Marit.
– Tidlegare erfaringar har vist at medisinane kan føre til biverknader som kan få konsekvensar for Kronprinsessens offisielle program. Derfor finn vi det naturleg å dele denne informasjonen i situasjonen vi står i, skriv Slottet i pressemeldinga.
Det er seks år sidan kronprinsessa fortalde at ho hadde fått påvist sjukdommen kronisk lungefibrose.
– Eg må lære meg å leve med usikkerheita, sa kronprinsessa då.
Lungefibrose er er ein sjukdom som medfører unormal arrdanning i lungeblærene.
I fjor møtte NRK møtte kronprinsessa, i samband med at ho fylte 50 år. Då beskreiv ho det som både sårt og tøft å ha fått påvist ein kronisk sjukdom.
– Det er mykje som er sårt og vanskeleg og tøft med det. Samtidig er det noko veldig fint med det, fordi du møter deg sjølv veldig. Ein er nøydd til å ta seg sjølv mykje meir på alvor. Og så må ein senke tempoet, som eg jo har gjort veldig, seier ho.
Publisert 11.10.2024, kl. 14.10 Oppdatert 11.10.2024, kl. 14.29