Kristoffer (18) blei dytta av passasjer: – Ekkelt at det kan skje på jobb

2 hours ago 1



– Eg blei dytta inn i veggen, men krafta var såpass stor at eg kunne ha blitt dytta hardt ned i bakken.

Kristoffer Hersvik (18) jobbar som matroslærling på ferja mellom Hatvik og Venjaneset i Fusafjorden, sør for Bergen.

Han er van med kjeft og sinte passasjerar. Trass i fleire haldningskampanjar dei siste par åra.

Som 17-åring gjekk det ekstra gale då han gav beskjed til ein godt vaksen mann om kor han kunne gå på dekk.

– Eg gjorde ingenting for å provosera. Både eg og matrosen som styrte lossinga framme, blei dytta av to ulike passasjerar.

– Det er ekkelt. Du blir litt sett ut, for det kjem så plutseleg. Det å bli dytta, er det jo ingen som opplever på jobb.

en person som løper på en bane

Matroslærling Kristoffer Hersvik seier han får kjeft av enkelte bilistar når han viser dei opp på rampa.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Viser fingeren og kjeftar

Men historiene til matroslærlingen om utskjelling og dytting er ikkje heilt unik.

Oppe på brua på ferja MF Årdal sit kaptein Nils-Olav Næss. Han får ikkje med seg alt som skjer nede på dekk, men har blant anna utsikt til dei som kjem for seint til ferja.

– Det er folk som kjem springande på kaien og tydeleg signaliserer at dei ikkje er nøgde.

– Det er tilfelle der mannskapet blir vist fingeren og kjefta på av dei reisande. Det er ikkje kjekt. Spesielt ikkje når me har unge medarbeidarar og lærlingar på dekk. Det er ein del, men dei aller fleste oppfører seg jo fint, presiserer han.

en mann med briller

Kaptein Nils-Olav Næss oppmodar reisande til å visa god gamaldags folkeskikk og tolmod.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fleire rapporterer om ubehagelege hendingar

Fleire haldningskampanjar er sette inn for å oppdra dei reisande.

I fjor blei ferjevettreglane innførte, og også Statens vegvesen har hatt ein haldningskampanje for andre året på rad i sommar.

Solveig Skogseth-Braaten, som er seniorrådgivar i ferjeavdelinga til Statens vegvesen, meiner fleire reisande no er bevisste. Men at dei ikkje er i mål.

– Me får informasjon om at reisande trakasserer ferjemannskap, i form av både utskjelling, dytting og påkøyrsler. Dette skjer ofte i samband med lasting og lossing. Trafikantar nektar å følga instruksjonar frå mannskapet. Og medvitne påkøyrsler skjer i samband med nokre av hendingane.

Det er sendt ut spørsmål til reiarlaga både før og etter årets kampanjeperiode for å få ein overordna status for effekten av kampanjen, men resulatata er ikkje klare.

  • Cathrine Gjertsen, kommunikasjonssjef i Norled AS

    Norled

    Kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled AS:

    Det er dessverre ein del dårleg ordbruk og truslar. Ofte kjem anna mannskap og støttar den som blir utsett (typisk matros og kaivakt) og seier klart frå om at dette ikkje er akseptert.

    Dei feste oppfører seg veldig fint, men dessverre er det endå passasjerar som oppfører seg ufint. Me ser ei lita betring, og trur kampanjar og informasjon hjelper.

  • Ferjer

    Tore Ellingseter

    Presseansvarleg Jon Kristian Fadnes i Boreal Norge AS:

    Dei aller fleste reisande oppfører seg på ein positiv og respektfull måte.

    Samtidig ser me at det framleis skjer enkelte uønskte hendingar. Dette kan vera alt frå verbale utbrot til meir alvorlege situasjonar, som utagerande oppførsel eller nestenpåkøyrsler. Slike hendingar blir melde inn og følgde opp i tråd med våre rutinar.

    Me har stor tru på haldningskampanjen til Statens vegvesen.

  • Ferje frå Skjersholmane til Ranavik

    Eli Bjelland

    HR-rådgivar Caroline Kringstad i Fjord1:

    Det er ikkje så vanleg med fysisk konfrontasjon. Dessverre er det meir vanleg med verbal trakassering, og det er ille nok.

    Etter fleire kampanjar og større fokus, opplever me at fleire tek kontakt. Dei føler seg tryggare med å rapportera og setta grenser. Det er veldig positivt. Men det er truleg framleis mørketal.

    Inntrykket mitt er at me er i rett retning og at det er blitt betre.

Det er Fjord1 som driftar sambandet i Bjørnafjorden. Dei sette inn tiltak etter at matroslærling Kristoffer Hersvik blei dytta av ein passasjer, for å hindra at det skal skje igjen.

– Det er ingen som skal oppleva noko sånt på jobb. Og spesielt ikkje dei yngste arbeidstakarane. Dei må me passa ekstra godt på, seier HR-rådgivar Caroline Kringstad i Fjord1.

en stor båt i vannet

MF Årdal trafikkerer sambandet mellom Hatvik og Venjaneset, ein tur som tek 12 minutt over fjorden.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Mest kjeft frå folk over 50 år

Det er føremiddag på ferja, og for Hersvik og resten av mannskapet er det rolegare enn i rushtida.

Mange pendlarar bruker ferja til og frå jobb. Dei vil raskt på og raskt av.

Og dei vil absolutt ikkje køyra opp på rampa, ifølgje Hersvik, som seier han nærast dagleg kranglar med passasjerar som blir viste opp. Oftast er dei over 50 år gamle.

– Det største problemet er kor dei skal stå på dekk. Og sniking i køen er det ofte krangel om. Me får mykje kjeft på grunn av det. Folk har lyst til å stå slik at dei kjem raskast mogleg av. .

– Påverkar det arbeidslyst di?

– Ikkje mi, men eg kan tenka meg at andre ville ha blitt påverka meir.

– Me gjer jo dette fordi det er jobben vår. Me prøver å få plass til alle på ein trygg måte, og få alle trygt over fjorden.

18-åringen presiserer at dei aller fleste reisande er hyggelege.

en person i uniform

Hersvik trur haldningskampanjar kan hjelpa på dei som ikkje er klare over korleis dei oppfører seg. – Men enkelte bryr seg ikkje uansett, trur han.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Publisert 17.09.2025, kl. 05.24

Read Entire Article