Krisebrev til politikarane: – Nå er det alvor

2 weeks ago 8



– Dette kjem til å bli veldig krevjande for kommunane.

Det seier styreleiar i Kommunesektorens organisasjon (KS) Gunn Marit Helgesen om utviklinga i kommuneøkonomien.

Eit samla hovudstyre i KS uttrykkjer sterk bekymring over situasjonen i norske kommunar og set spørsmålsteikn ved om forståinga for kva som no skjer har nådd dei nasjonale politikarane i landet.

Onsdag sende dei eit bekymringsbrev til leiinga i partia på Stortinget, med overskrifta «Nå er det alvor».

– Den økonomiske situasjonen i Kommune-Noreg forverrar seg for kvar dag som går. Dette er uavhengig av korleis kommunane kjem ut av inntektssystemet, skriv KS i brevet.

Til NRK stadfestar Helgesen at det er ein alvorleg økonomisk situasjon i nesten alle kommunar no.

– Me hadde hovudstyremøte på fredag, og der kom det rapportar frå heile landet om korleis situasjonen er – både frå store og små kommunar, frå nord og sør, aust og vest.

I tillegg til dyrtid, auka renter og kostnader, fleire flyktningar og fleire på sosialhjelp, treffer også sviktande skatteinntekter kommunane no, stadfestar ho.

– Det forsterkar den allereie alvorlege situasjonen.

Peikar på skattesvikt

Førre veke la Tromsø kommune fram økonomirapporten for andre tertial. Denne kjem tidlegare enn venta, og viser at kommunen går mot eit negativt netto driftsresultat på 229,5 millionar. Det er ei forverring frå tidlegare i år.

Kommunedirektør Stig Tore Johnsen peikar på sviktande nasjonale skattar som ei hovudforklaring på dei raude tala.

Og det gjeld ikkje berre i Tromsø.

– Prognosane frå Skatteetaten og KS er historisk låge skatteinntekter, både lokalt og i kommunesektoren generelt, seier Johnsen.

Helgesen i KS bekreftar til NRK at det som skjer i Tromsø kan sjå ut til å ramme store delar av kommunesektoren.

– Det ser ut til å bli reduserte skatteinntekter for kommunane i år. Eksakt kor mykje, det kan eg ikkje seie.

Johnsen i Tromsø viser til at den føresette skatteveksten nasjonalt var 4,7 prosent før sommaren. Nå ser han ut til å bli 2,8 prosent.

Stig Tore Johnsen

Kommunedirektør i Tromsø kommune Stig Tore Johnsen.

Foto: Hans L. Andreassen

Dette vil føre til ein netto inntektssvikt på 125 millionar kroner, samanlikna med kva kommunen har budsjettert med.

– Dette er eit veldig stort tal, som sjølvsagt er problematisk for oss å handtere når vi får vite om det nå, seier Johnsen, og legg til:

– Det same gjeld alle norske kommunar, og det vil gi dramatiske konsekvensar.

– Legg stein til byrda

Kari-Anne Opsal (Ap) er ordførar i Harstad og styremedlem i KS.

Endra skattesats og auka skattefrådrag for folk som følge av høg lånerente, har bidratt til dei reduserte skatteinntektene, seier Opsal.

– Dette er noko vi må ta opp sentralt, for kommunane kan ikkje klare alt aleine. Vi forventar at det kjem nokre svar frå regjeringa, seier ho, og legg til:

– Det seier eg som ordførar i Harstad, men dette er eit bilde ein ser i heile landet.

Kari-Anne Opsal, ordfører i Harstad

Kari-Anne Opsal, ordførar i Harstad.

Foto: Harstad kommune

I kommunen hennar er ikkje økonomirapporten klar ennå, men Opsal har likevel fått indikasjonar på at det same gjeld i kommunen hennar.

Harstad Tidende skriv at sviktande skatteinntekter aleine vil utgjere ei forverring på minimum 20 millionar kroner for Harstad.

– Dette legg enda ein stein til byrda for kommunane i det frykteleg vanskelege året 2024, seier Opsal til NRK.

– Kva forventar du av rikspolitikarane no?

– Eg forventar at dei skal forstå at dette ikkje er ulv-ulv-roping. No er det verkeleg alvor. Me er nøydde til å leggja ned skular. Me er nøydde til å kutta i stillingar. Me er nøydde til å kutta tenester til eldre som treng det. Me klarer ikkje å utvikla tenester til demente på den måten som me skal. No er det alvor. Me klarer ikkje å innfri viss me ikkje får ein litt betre økonomi.

– Krevjande og alvorleg

Inntektssvikten i skatteinntekter kjem samtidig som mange kommunar allereie rapporterer om eit stort meirforbruk.

Ifølge KS melder 96 prosent av kommunane om meirforbruk på pleie- og omsorgsområdet.

Tre av fire kommunar melder at dei ligg an til meirforbruk totalt sett i år.

Gunn Marit Helgesen, styreleder i KS

Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Dei siste åra er det skattevekst som har redda fleire kommunar sin økonomi, fortel Helgesen. Men nå ser altså også skatteinntektene ut til å bli lågare enn forventa.

– Dette kan bli krevjande og alvorleg for kommunane, seier KS-toppen.

Ho vil ikkje spekulere i kva som er grunnen til den dramatiske endringa i skatteinntekter for kommunane.

I bekymringsbrevet til partileiarane skriv KS at situasjonen er sett på spissen med høg rente, mange flyktningar frå Ukraina, prisstigning og andre faktorar.

– Det er for lite pengar til å finansiere det innbyggjarane forventar, og dei tenestene kommunane er pålagt av Stortinget. Det må regjeringa og Stortinget ta innover seg – umiddelbart.

KS meiner at det underliggande presset ikkje vil gå over før politikarane fullfinansierer oppgåvene kommunane er lovpålagt og reduserer den statlege styringa.

– Det er urovekkjande å sjå kontrasten mellom verkelegheitsforståinga i stortingssalen og kommune- og fylkesstyrane i landet. I Stortinget skryter fleirtalet av eit historisk godt kommuneopplegg. Ute hos lokalpolitikarane er det svært krevjande, skriv KS.

– Me kan ikkje halde fram i same sporet. Det går ikkje lenger.

2,5 milliardar i nødhjelp

– Regjeringa tek den økonomiske situasjonen på største alvor. Det er bakgrunnen for at vi allereie i år varsla eit løft for kommuneøkonomien i 2025-budsjettet, og det er viktig for kommunane som no er ramma av dyrtida.

Det svarer kommunal- og moderniseringsminister Erling Sande (Sp) når han for forelagt kritikken i brevet frå KS.

– Då Stortinget behandla kommuneproposisjonen i juni, fekk regjeringa tilslutning til kommuneramma for 2025 og omlegginga av inntektssystemet. Eg oppfattar derfor at det er full forståing i Stortinget for den krevjande økonomiske situasjonen kommunane er i.

NRK intervjua også Sande før KS sendte brevet til politikarane. Då sa Sande at 2024 ser ut til å bli eit krevjande år for norske kommunar.

– Nå blir kommunane trefte av det same som privatøkonomien til folk har blitt treft av i det siste, nemleg auka kostnader og renter, seier Sande, og legg til:

Da må vi stille opp i fellesskap for å sikre velferdstilbodet rundt om i kommunane.

Sande peikar på at regjeringa har varsla at det kjem 2,5 milliardar kroner ekstra til kommunane til neste år, som følge av den krevjande økonomiske situasjonen.

Erling Sande

Kommunal- og moderniseringsminister Erling Sande (Sp).

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Kva kjem det av at kommunane er i denne situasjonen nå?

– Det har vore vanskeleg for kommunane å berekne skatteinngangen. Nå gjer vi endringar i inntektssystemet, som skal gjere skatteinntektene til kommunane meir føreseielege.

Sande vil ikkje seie noko meir om korleis dette skal skje før statsbudsjettet blir lagt fram i starten av oktober.

– Men grepa vi allereie har varsla er også med å løfte dei kommunane som har lågast inntekter nå.

Publisert 25.09.2024, kl. 12.57 Oppdatert 25.09.2024, kl. 13.40

Read Entire Article