KrF-profilar kjenner ikkje igjen sitt eige parti

2 hours ago 3



Sju KrF-profilar bryt «husfreden» og skriv at dei er urolege for at partiet har mista seg sjølv i jakta på nye veljarar.

I eit ope brev til partileiinga listar dei opp tre konkrete forhold som har gjort det verre å kjenne seg heime i partiet:

  • Den nye godviljen overfor Frp, der motsetningane er spelte ned.
  • At «leiinga blandar trua og Bibelens språk inn i politikken på ein måte som verkar framandgjerande sjølv for aktivt truande».
  • At partiet ikkje har vore tydelegare i fordømminga av den israelske krigføringa.

En gruppe menn

OPE BREV: KrF klarte målet om å komme seg over sperregrensa. No spør fleire partiprofilar om prisen var for høg. Faksimile fra Vårt Land.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Vanskeleg å forsvare at partiet ikkje har peika på Israel

Vi må erkjenne at KrF i denne valkampen har hatt problem med truverdet i ei svært stor verdisak – engasjementet for borna og andre lidingar i Gaza, skriv KrF-profilane.

Dei fortset:

Stilt overfor ei av dei store humanitære katastrofane i vår tid, har mange av oss opplevd det som vanskeleg å forsvare at partiet ikkje har peika på Israels openberre brot på folkeretten.

Onsdag morgon svarte partileiar Dag Inge Ulstein på kritikken i Politisk Kvarter.

Det har eigentleg vore overraskande lite friksjon internt i partiet, med tanke på at vi tok så tydelege val og hadde ei veldig klar retning, sa han.

Han la til at han tar tilbakemeldingane på alvor.

Bondevik: – Fordømminga av Israel burde vore klarare

Eg sett pris på at partileiaren vil ta på alvor dei innspela og den bekymringa vi formidlar, seier Trude Brosvik, som er gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Vestland.

På si eiga facebook-side samanliknar ho KrF med nokon som er i ferd med å miste balansen:

Viss du ser nokon du er glad i held på å snuble, vil du då rekke ut handa for å gje hjelp?

Trude Brosvik

– Vi ser fram til ein god samtale i partiet, ei grundig og inkluderande evaluering av valkampen, strategien og korleis vegen blir vidare, seier Trud Brosvik.

Foto: Sondre Dalaker

– Vi som har skrive dette brevet har sakna tydelegare kritikk av Israel. Ulstein har heilt rett i påpeike ansvaret som Hamas har. Men han kunne òg vore tøffare med å legge eit ansvar på Israel for å stoppe, seier Brosvik.

Ulstein seier han er førebudd på at det blir fleire diskusjonar om partiidentiteten utover hausten. Første moglegheit er landsstyremøtet onsdag ettermiddag.

Spenningane i KrF er likevel ikkje nyare enn at dei pipla til overflata også før valet.

– Mange av oss synest fordømminga av Israels uakseptable framferd på Gaza burde vore klarare, sa tidlegare KrF-leiar Kjell Magne Bondevik i juli.

Same månad melde KrF-veteran Marit Totland seg ut av partiet, i protest mot korleis partiet profilerte seg i spørsmåla om Gaza og pride.

Mange i KrF reagerte også negativt på at Ulstein ikkje ville «utdefinere» Sylvi Listhaug (Frp) som statsministerkandidat, og at han meinte det var eit poeng «å spele ned nokon av dei litt oppkonstruerte forskjellane mellom KrF og Frp».

Køyrer fram kristendom som retorisk skyts

I brevet blir Israel- og Frp-kritikken supplert med ei ny skulding: At leiinga blandar korta og ikkje lever opp til det gamle prinsippet om å «gi keisaren det som tilhøyrer keisaren, og Gud det som tilhøyrer Gud.»

I brevet heiter det at sanne kristendemokratar bør vite betre enn å misbruke Bibelen som politisk verktøy, og at leiinga ikkje har evna å halde denne tunga rett i munnen.

Tysdag morgon blei den same kritikken framført på kommentatorplass i den kristne dagsavisa Vårt Land.

I valkampen såg vi fleire eksempel på at politikarane køyrer fram kristendom som retorisk skyts, skriv kommentator Åste Dokka.

Ho la til at ho «som kristen veljar kjenner eit nesten fysisk ubehag» over samanblandinga, og at Luthers ryddeprosjekt («toregimentslæren») kan vere til hjelp for nokon kvar.

Åste Dokka

– Kanskje det ikkje lenger er staten som treng vern frå kyrkja, men like mykje Gud som treng vern frå politikarane? spør Vårt Land-kommentator Åste Dokka.

Foto: Adrian Nielsen/NRK

Vi vil hegne om grunnleggande verdiar

Gruppeleiar for KrF i Haugesund bystyre, Tom Landås, er blant dei som har signert brevet.

Han seier til NRK at «motivet er å ta vare på det vi meiner er KrF, og å breidde ut partiet».

Vi vil hegne om KrFs grunnleggande verdiar, og eg tenker at vi skal komme styrkte ut av dette.

– Du seier motivet er å breidde ut partiet. Det er ikkje for seint no som valet er over?

– Nei, no tenker vi framover. Vi må få eit parti som toler både konservative og liberale løysingar innan den verdibaserte politikken vår. Det er fullt mogleg. KrF må få trening i å tenke breitt, og stort!

Publisert 17.09.2025, kl. 16.43 Oppdatert 17.09.2025, kl. 16.54

Read Entire Article