Krev at ei samtykkelov kjem på plass no

2 weeks ago 13



Den siste tida har det vore ein rekke markeringar og demonstrasjonar for å vise støtte til valdtektsoffer. Desse har blitt arrangert over heile landet som ein reaksjon på at tre menn blei frifunne i den såkalla gruppevaldtektssaka i Bergen.

Samtidig har diskusjonen om ei samtykkelov blussa opp igjen. No krev Amnesty at ei reell samtykkelov kjem på plass.

I dag arrangerer dei demonstrasjonar i byar som Oslo, Ålesund, Molde og Haugesund.

– Ein må gjere noko

I Oslo var det mange som hadde møtt opp utanfor Stortinget. Med plakatar vil dei frammøtte vise tydeleg kva dei meiner. Enkelte tok til tårene under appellane.

Noomi Bauge (21) og Martine Haugen (19) var blant dei som deltek. Dei seier det var viktig for dei å møte opp og fortel at dei kjenner det ekstra godt på kroppen det som skjedde i Bergen.

– Eg er her fordi eg og mine venner opplever ting vi ikkje skal oppleve. Når vi seier ifrå møter vi veggen, i form av rettssystemet i Noreg, seier Bauge.

Ho håper at slike markeringar kan vere med på å gjere ein forskjell.

– Ein må håpe på det i alle fall. Ein må gjere noko, dette er noko ein kan gjere for å snakke om det som betyr noko.

 Noomi Bauge (21) og Martine Haugen (19) på markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Noomi Bauge (21) og Martine Haugen (19).

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Det hastar

– Vi treng samtykkelova og det hastar, seier Selma Kristiansen Kolltveit, som er organisatorisk nestleiar for AUF i Rogaland. Ho hadde møtt opp på markeringa i Haugesund.

Samtykkelovdemonstrasjon Haugesund

Selma Kristiansen Kolltveit, som er organisatorisk nestleiar for AUF i Rogaland.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er veldig viktig med ei slik lov for alle, uansett kjønn. Om lag ein av fem kvinner og ein av 14 menn i Noreg blir valdtatt i løpet av livet, og det er skammeleg at vi ikkje har på plass ei lov som kan beskytte dette, legg ho til.

Kolltveit viser også til saka i Bergen og meiner at den er eit eksempel på kvifor det hastar å få på plass ei samtykkelov og kvifor den er viktig.

– Eg håper at vi klarer å presse politikarane til å få på plass denne samtykkelova fort.

Demostrasjon utanfor Stortinget i Oslo om samtykkelov

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Foto: Julianne Flølo / NRK
Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Foto: Julianne Flølo / NRK
Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Foto: Julianne Flølo / NRK
Markering for samtykkelov på rådhusplassen i Ålesund.

Markering for samtykkelov på rådhusplassen i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
Markering for samtykkelov på rådhusplassen i Ålesund.

Markering for samtykkelov på rådhusplassen i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Forslag til samtykkelov

Ei samtykkelov inneber at alle partar må gi klart samtykke til sex.

I fjor blei ei utgreiing frå Straffelovsrådet om seksuallovbrot og forslag til ny samtykkelov sendt ut på høyring. Men fleire har meint at forslaget ikkje er godt nok.

Nokre har reagert på forslaget, blant anna fordi straffelovsrådet ikkje vil krevje uttrykt samtykke i ein ny paragraf om valdtekt.

Fleire ønsker at det i sjølve lovteksten blir gitt uttrykk for at det er straffbart å ha seksuell omgang med nokon som ikkje har samtykka til det.

Men det er ei stor usemje blant advokatar om ei samtykkelov er vegen å gå.

Éin av fem kvinner oppgir å ha blitt valdtatt

I 2023 kom det nye tal om vald og valdtekter i Noreg. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKTVS) står bak rapporten, som blei laga på oppdrag frå justisdepartementet.

Talla viser at fleire kvinner enn før oppgir å ha blitt valdtatt, utsett for alvorleg partnarvald eller utsett for alvorleg fysisk vald.

Nesten ein av fem kvinner rapporterer at dei har blitt valdtatt (14 prosent) eller har opplevd seksuelle overgrep (18 prosent).

Ei samtykkelov blir også tema i Debatten i kveld.

Publisert 18.04.2024, kl. 18.03 Oppdatert 18.04.2024, kl. 18.24

Read Entire Article