Kraftbransjen meiner du må bli meir vand med korte straumbrot

1 month ago 31



– Vi ønsker at straumnettet vi har i dag skal bli best mogleg utnytta, seier Jørn Bugge, politisk rådgjevar i Fornybar Norge.

Interesseorganisasjonen representerer nesten heile kraftbransjen. No tar dei til orde for at korte straumbrot ikkje skal gi nokon økonomisk straff til nettselskapa.

– Vi har foreslått 15 minutt fritak frå straff, andre har foreslått 20 minutt, seier Bugge.

Det får mellom anna Forbrukarrådet til å reagere.

Nettavisen omtalte saka først.

Vil ha lågare straff for straumbrot

At du har straum i stikkontakten heime er dei lokale nettselskapa sitt ansvar. Dei har ansvaret for infrastrukturen – altså straumnettet – som skal lede straumen dit han skal.

Dersom straumen ikkje kjem fram får nettselskapa ein økonomisk straff.

Straffa blir kalla eit «KILE-beløp» og blir berekna på bakgrunn av kva type kunde som ikkje får straumen sin, kor lenge straumen er borte, når straumbrotet inntrefte og om det blei varsla om på førehand.

No ønsker Fornybar Norge at straffa for korte straumbrot blir fjerna.

Dei har hatt kontakt med RME om forslaget, fortel Bugge.

IAB_12040 kopi.JPG

Det er eit problem at nye kundar ikkje raskt får straumtilgang, meiner Fornybar Norge.

Foto: Annika Byrde / Annika Byrde / NTB

Han seier straffa gjer at kraftselskapa tar mindre risiko enn om dei hadde hatt fritak, og ikkje tør kople nye kundar på nettet der det er anstrengt.

Om ein reduserer den økonomiske konsekvensen, gjer det at selskapa kan ta høgare risiko.

– Det er ikkje dermed sagt at det vil bli fleire avbrot, men vi vil kunne få fleire på nett og utnytte det eksisterande straumnettet betre.

Meiner det kan gi lågare nettleige

Dersom kraftbransjen får det som dei ønsker vil det gi mindre rekningar til forbrukarane, meiner Bugge.

Får ein utnytta dagens nett betre så gir det mellom anna lågare nettleige og mindre naturinngrep, meiner Bugge.

Ein rapport frå NVE-RME estimerer at nattleia vil auke med eit gjennomsnitt på 23 prosent frå 2023 til 2030. Auka vil vere størst i Trøndelag der nettleiga kan bli nesten 30 prosent dyrare.

Graf som fra NVE-RME som vier antatt økning i nettleie

NVE anslår at nettselskapa vil investere omkring 170 milliardar i straumnettet i åra fram mot 2030. Disse investeringane vil gi dyrare nettleige.

Foto: NVE-RME

Etter regjeringsbrotet med Senterpartiet, la Arbeidarpartiet fram sitt forslag til ny straumpolitikk. Der foreslår dei både fastpris på straum og kutt frå 25 til 15 prosent moms på nettleige.

Noko nøyaktig tal på kor mykje forbrukarane kan spare på at nettselskapa slepp straff for straumbrot kan ikkje Bugge gi.

– Framstår bakvendt

– Vi kjøper ikkje argumentasjonen frå Fornybar Norge. Dette forslaget vil auke risikoen for ei mindre stabil og påliteleg straumforsyning, seier Thomas Iversen, fagsjef i Forbrukarrådet.

Han peiker på at det norske straumnettet har ei oppetid på 99,98 prosent. Å framleis tilby påliteleg og stabil straum burde vere eit mål, meiner han.

Det framstår som bakvendt at høg oppetid skal bli lønna med opning for meir nedetid utan økonomiske konsekvensar.

Iversen seier også korte straumbrot kan få konsekvensar for forbrukarane.

Enkelttimar med straumbrot kan få store konsekvensar, enten det gjeld matlaging på julaftan eller lading av elbil før ein langtur.

– Ikkje ein god løysing å svekke insentiva

Roar Amundsveen er seksjonssjef i RME, Reguleringsmyndigheita for energi. Han forklarer at dei er einige med Fornybar Norge i at det er viktig å utnytte straumnettet betre.

Samstundes er han redd for at å fjerne den økonomiske straffa kan bli ei kvilepute. Det trur han kan redusere nettselskapa sine insentiv til å investere i straumnettet.

Det å svekke disse insentiva og i tillegg svekke insentiva for å ha god beredskap og rask gjenoppretting meiner vi ikkje er ei god løysing.

Amundsveen peiker på at det er eit problem at nye kundar ikkje får kopla seg til straumnettet. Oversikta over kor mykje betre straumnettet kan bli utnytta trur han derimot manglar.

– Vi trur det er viktig at nettselskapa skaffar seg betre oversikt over kva som er den faktiske kapasiteten og den faktiske bruken til kvar ein tid.

Publisert 10.02.2025, kl. 22.15

Read Entire Article