Køyreskule er lei av å reparere gamle bilar med manuelt gir

5 hours ago 3



Under panseret på BMWen har det vore reparasjonar for 60.000 kroner og når lyktene snart må bytast ut kostar det fort like mykje.

Rekninga blir ikkje dekt av garantien fordi bilen er for gammal.

– Det er dyre komponentar på bilane og fakturaen vi får frå verkstaden blir berre større og større, seier trafikklærar Kjell Erik Rotevatn. Han jobbar både ved Skårbrevik køyreskule og Rotevatn køyreskule.

Det er mange år sidan han kunne kjøpe ein ny bil med manuelt gir hos bilforhandlar i Noreg. Han kan importere nyare brukte bilar frå Tyskland, men då gjeld ikkje den same garantien.

Dermed må dei gamle køyreskulebilane reparerast, slik at elevane som skal ta førarkort med manuelt gir får den opplæringa dei skal.

Trafikklærer Kjell Erik Rotevatn

Kjell Erik Rotevatn opplever at stadig fleire av elevane hans har automatgira bil heime. Likevel er det mange som vil ta førarkort på manuelt gir.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Kurs for å gire

Rotevatn meiner det er berre er tull å måtte ta eige førarkort for manuelt gir.

Han vil ha ei regelendring der alle må ta automatlappen, men at dei som treng manuelt gir, i tillegg tar eit kurs.

Det kan vere eit dagskurs, der ein viser at ein er skikka til krypkøyring, litt sluring og dei tekniske bitane som bakkestart, seier Rotevatn. Då kan køyreskulen klare seg med berre ein bil med manuelt gir.

Interiør i trafikkskolebil med manuelt gir

I dag må elevar som tar førarkort på automatgir ta ny oppkøyring for å få løyve til å køyre med manuell girkasse.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Isak Nystøyl Gjerde er ein av dei som tar førarkort på manuelt gir. Han likar å ha moglegheita til å køyre både automatgir og manuelt gira bilar.

– Du går ikkje glipp av noko dersom du får deg jobb. Då kan du køyre alle slags bilar, seier Gjerde.

I 2024 var det 38 prosent av elevane i landet som tok lappen med manuelt gir.

Gjerde synest forslaget om eit dagskurs for manuelt gir høyrest bra ut, så lenge ein får øvekøyre og trene på giring privat.

Isak Nystøyl Gjerde og trafikklærer Kjell Erik Rotevatn

Isak Nystøyl Gjerde skal ta førarkort for manuelt gir til hausten.

Foto: Øyvind Sandnes

EU kan vedta endringar

Axel Resch Johnsen, seniorrådgivar i Statens vegvesen seier at dei forheld seg til førarkortdirektivet. Dagens direktiv stiller krav om førarprøve dersom ein skal køyre med manuelt gir, men det kan kome endringar.

EU jobbar med eit nytt direktiv, der det mellom anna er foreslått eit kurs for å køyre med manuelt gir, dersom ein har førarkort på automatgir.

– Men det er ikkje vedteke riktig enno, så i den augeblinken det eventuelt blir vedteke, må vi ta stilling til det og eventuelt justere vårt regelverk, seier Johnsen.

Tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken viser at det berre blei registrert 271 nye bilar med manuelt gir i 2024. Til samanlikning blei det selt 128 420 bilar med automatgir.

Axel Resch Johnsen, Statens vegvesen

Axel Resch Johnsen i Statens Vegvesen seier at det kan bli endringar i førarkortdirektivet.

Foto: Statens vegvesen

Tullete kostnader

For trafikklæraren på Sunnmøre kan ikkje endringane kome fort nok. Han er livredd for kva dei neste reparasjonane vil koste.

– Eg er jo provosert når eg får fakturaene som er helt unødvendige. Det må eg få lov til å seie. Det er tullete kostnader og driftsøkonomisk er det ikkje så veldig smart, seier Rotevatn.

Kjell Erik Rotevatn står ved siden av to kjøreskolebiler

Kjell Erik Rotevatn ynskjer at køyreskulen berre skal ha dagskurs med manuelt gir. Då kan køyreskulen klare seg med ein bil med manuell girkasse og ha resten med automatgir.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Publisert 05.07.2025, kl. 07.43

Read Entire Article