Korleis vil staurane ligge på skuldra til Støre framover?

1 month ago 9



GJESTEKOMMENTAR: Blir det stabilt Støre-styre? Eller ventar fire år med raudgrønt kaos?

Korleis vil staurane ligge på skuldra til Støre framover? Foto: Lise Åserud / NTB
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I valkampen verka frontane mellom venstre- og høgresida uvanleg harde. Påstandar om løgn og desinformasjon sat laust, kanskje som eit varsku om mørkare tider hos oss også i politikken framover.

Internt i blokkene såg det ikkje særleg mykje betre ut. Dei indre spenningane og statsminister-rotet kan ha kosta dei borgarlege valsigeren. På motsett side er raudgrønt samhald berre eit vagt minne. Senterpartiet har briska seg som om forhandlingar alt har starta – vippemakt skal utnyttast, koste kva det koste vil.

Ingen går i fakkeltog for heilskapen, som ein uroleg sjukehusdirektør frå Oslo nyleg sa. Var det dei mindre synlege, men for oss alle avgjerande heilskapsinteressene som var den eigentlege taparen ved dette valet? Eller kan ein ny type politisk «slalåm-stabilitet» oppstå?

Sprikande staurar

Han som har vore statsminister i lengst tid for Senterpartiet, Per Borten, måtte gå av i 1971 etter å ha leia ei fleirtalsregjering med Sp, KrF, Venstre og Høgre sidan 1965. Det var EU-saka (då EF) som låg under den gongen også. Bonden Borten samanlikna å vere i regjering saman med andre parti med å bere staurar. Når staurane ligg fint saman, går det bra. Men «man kan få vanskar viss stauren begynner å sprike der oppe på skuldra», sa Borten. Korleis vil staurane ligge på skuldra til Støre framover? Borten sikta til partia i ei fleirtalsregjering. Men prinsippet er det same for samarbeid generelt.

Partia som vil samarbeide mest med Støre, veit at dei også har saker dei er usamde om. Dei kan då anten velje å vere lite samarbeidsorienterte eller akseptere at det finst ulike, stabile fleirtal etter kva saksfelt det er snakk om.

Skilja

Økonomisk politikk, synet på skattar og offentleg sektor utgjer det viktigaste skiljet i norsk politikk. Ap, Raudt, MDG og SV – og til slutt eit meir moderat og mindre raudt Sp, utgjer dei raudgrøne «skattekameratane». Motsett vil dei blå gje skattelette. Ei anna skiljelinje gjeld distriktspolitikken, men i praksis fell denne ofte saman med den samla økonomiske skiljelinja. Det høgare skattetrykket gjev rom for større overføringar i distriktspolitikken, og det kan gjere Senterpartiet meir knytt til dei raudgrøne enn dei sjølv vedgår.

I praksis er ikkje skilnaden mellom dei moderate på venstre- og høgresida veldig stor. Eit varig kompromiss om formuesskatten er til dømes meir sannsynleg enn valkampen gav inntrykk av.

KrFs klimarolle

Tre andre sett saker gjeld først energi og EU. Her er blokkene som står mot kvarandre, annleis. Styringspartia Høgre og Ap vil ha fleirtal med MDG eller Venstre og KrF om EU og energipolitikk. SV, Raudt, Sp og Frp er kritiske til elite og ekspertise på den andre sida.

Kva så med klima og olje? Senterpartiet har altså flagga tydeleg at dei har vippemakt og kan kome til å slå seg saman med Høgre og Frp. Men realiteten er at desse tre partia åleine ikkje har fleirtal for meir oljeboring utanføre «modne område». Venstre er jo grøne, og Ap's landsmøte skil mellom etablerte modne leiteområde og ikkje-klargjorde, umodne område. Dermed sit KrF med nøkkelen. Ser vi på programmet KrF gjekk til val på, er partiet ganske radikalt både i olje- og klimapolitikken fordi dei ser desse saksfelta i lys av det kristne forvaltaransvaret. KrF vil til dømes ikkje ha ny oljeleiting utanfor modne område. «Drill-baby-drill»-haldninga har difor ikkje fleirtal om partia følgjer programma sine.

Verdisaker utgjer så eit anna knippe saksområde – som religions- og biopolitikk, kriminalitetssaker og rusfeltet. Her har Høgre, Senterpartiet, KrF og Frp eit fleirtal dei tidvis vil kunne bruke saman. Venstre er igjen på den andre sida. Støre-regjeringa vil truleg ikkje oppleve at nederlag her er like alvorleg som i dei andre sakstypane.

Sindige Sp-ordførarar

Denne gjennomgangen syner at Støre ikkje ligg så verst an fordi det kan vere mogleg med faste, skiftande fleirtalsblokker for han. Ein ny type slalåmstabilitet kan oppstå. Dessutan er det interessant at Venstre på fleire skiljelinjer er på den andre sida enn kva tradisjonell blokkdeling tilseier.

To spørsmål vert det særleg spennande å følgje med på framover. Det første gjeld høgredreiing generelt. Kva gjer Høgre? Partiet kan kome til å bevege seg langt mot høgre og nærare Frp, til dømes ved å verte mindre grønt enn under Erna Solberg. Også rolla KrF vil spele, er interessant, særleg i klimapolitikken. Venstre kan finne eit utvida politisk rom som moderat grønt borgarleg parti om dei andre borgarlege partia går lenger til høgre.

Så gjeld det, for det andre, kor langt Senterpartiet vil gå i å krevje at andre saker skal takast inn i budsjettforhandlingane. Beinharde EØS-krav vil ikkje få fleirtal på nokre av sidene. Men utan fast budsjettsamarbeid kan Senterpartiet måtte betale for luftige EØS-markeringar med fleire nedlagde skular og sjukeheimar i distrikta.

Det spørst jo kor godt det slår an blant sindige Sp-ordførarar i kommunar som Hjelmeland, Sokndal og Vindafjord.

Publisert:

Publisert: 21. september 2025 20:12

Read Entire Article