Korleis bygge beredskap i hovudet og ikkje berre i boda?

1 week ago 11



KRONIKK: Det snakkast mykje om å bygge beredskap i private heimar: innkjøp av hermetikk, lagring av vatn i boder og kjellarar. Uro «på loftet» let seg vanskeleg lagre i ei bod: kva gjer ein av den?

Med auke i psykisk uhelse, er det på tide å spørje om korleis vi kan bygge beredskap i hovudet, skriv Marte C.W. Solheim (bildet). Foto: Jarle Aasland
  • Marte C. W. Solheim

    Marte C. W. Solheim

    Førsteamanuensis, leiar for Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Å bygge beredskap ikkje berre i boder, men også i hoder. Frå den augeblinken eg las om beredskap i hovudet, klarte eg ikkje å la vere å tenkje på det. Anten om eg bretta klede, sykla eller sat framføre fjernsynet, har tanken låge der bak og kverna. Sentralbadet litteraturhus i Odda står bak ei satsing der dei har «sett seg føre å undersøka rolla til kultur og kritisk tenking som ein del av beredskapen». Dei spør: «handlar beredskap vel så mykje om kva ein har mellom øyra som kva ein har i kjellaren»?

Beredskap i boder

Etter eit lite søk, ser eg at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) også skriv at «God beredskap handlar ikkje bare om kva du har i skapet, men også kva du har i hovudet». Samstundes er beredskap i boder det framståande. Eg har skjønt såpass no at eg bør kunne klare meg i ei veke, og at eg bør ha hermetikk, vatn og diverse klart. Med andre ord, vi bør førebu oss for det uføreseielege gjennom å ha eit lite lager. Eg må innrømme at eg stolar litt (for mykje?) på at eg kan drikke vatn frå bekken heime og at mannen min har kontroll på resten.

Bruk rutine for å få fotfeste. Oppsøke andre, ver fysisk aktiv, le litt kvar dag, og bruk det som har hjelpt deg før.

DSB skriv at «vi lever i en stadig meir uroleg verda» og spør: er du forberedt? Her er nok svaret mitt nja. På nettsidene deira finn ein mykje god informasjon (på mange ulike språk!), og ein kan attpåtil lese om viktigheita av å ha ein beredskapsven som kan vere ei støtte og gje ei hjelpande hand. Det er gode greier. Men kva med beredskapen i hovudet? Kva om det der kjennest ut som totalt kaos. Kva om ein kjenner på ei uro som ikkje vert stagga, men snarare aukar i kraft av å konstant følgje med på nyhende der den eine grufulle nyhenda erstattar den andre. Er det meir uro no enn før? Christine Bernhoff Havdal, senior rådgjevar i ung.no hos Bufdir, uttalte til TV 2 at dei ser ein veldig samanheng mellom det urolege mediebiletet og auka grad av bekymring hjå unge.

Beredskap for mørke tider

Neste månad går framtidsfestivalen ULLTRA av stabelen her i Stavanger. Tenne eit framtidshåp er eit av måla til festivalen som er ein del av Stavanger si 900-års markering. Her ønskjer vi å ha fokus på kunnskap og omstilling med ei von på framtida. Gjennom å skape ein møteplass med eit variert program ønsker festivalen å bidra til jubileet og kunnskapsregionen gjennom å la menneske få møtast, diskutere berekraft, økonomi, skape rom for langsiktig tenking, sjå bakover, men mest framover og å gjere det ilag. Krafta i menneskemøte skal ein ikkje kimse av! I eit møte eg deltok på nyleg der denne festivalen vart presentert, vart det stilt spørsmål om det var litt pessimistisk å seie at vi gjennom festivalen ville tenna eit framtidshåp? Antok ein ikkje då at det var lite håp? At vi lev i mørke tider?

Auke i psykisk uhelse

Samstundes hevdar sjeføkonomen Finn Øystein Bergh at orda vi brukar om framtida er i endring, og at sidan 60-talet snakkar vi enno meir om forsiktigheit, risikoaversjon, og bekymring enn tidlegare. Det er då naturleg å stille seg spørsmåla: gjer desse orda noko med oss? Kan desse orda danna ringverknadar innover? Kan det gje seg utslag i auka indre uro? På nokre område ser det ut som at samfunnskritikken vendast innover.

Førstelektor i retorikk Bjørn Kristian Ringdal skriv i sin sterke kronikk: Ser du meg? om då han gjennom å rette fleire hundre eksamensoppgåver såg at det gjennomgåande temaet er studentane si psykiske smerte. Han skriv «praktisk talt alle borer innover i egen smerte», og studentane skildrar eit mørke. Vidare løftar Ringdal opp statistikk frå Ungdata som syner at om lag 42 prosent av unge (mellom 18–25 år) syner symptom på angst eller depresjon, og dermed synleggjer han at utfordringane er meir utbreidd enn dei mange han har lese oppgåvene til. Det er auke i psykiske plager og (altfor) mange står utanfor skule og arbeidsliv.

Beredskap i hoder

Med auke i psykisk uhelse, er det på tide å spørje om korleis vi kan bygge beredskap i hovudet? Kva tiltak kan me setje i gang for å sikre at vi får fleire ut av utanforskap og inn i fellesskapet? Årets verdsdag for psykisk helse framhev at vi treng å styrke vår psykiske beredskap: ein «felles innsats for å styrke vår psykiske motstandskraft i en uroleg tid». Verdensdagen for psykisk helse skriv at det handlar om å bygge tryggleik, fellesskap og strukturar som fungerer som noko å lene seg på i motgang og medgang. Dei har attpåtil utarbeida ei sjekkliste for psykisk beredskap som kan vere nyttig å reflektere over, til dømes det å nytte rutine som fotfeste, oppsøke andre, fysisk aktivitet, le litt- kvar dag, og bruke det som har hjelpt deg før. Gjennom å late oss bli inspirert av denne bodskapen til verdsdagen, kan vi saman tenne eit sterkt framtidshåp og bygge psykisk beredskap, ved hjelp av gode menneskemøte, kunnskapsdeling og ein god latter ikkje minst.

Publisert:

Publisert: 4. september 2025 18:05

Read Entire Article