Det må gå an å forstå og setje ord på dette sjølv om ein er usamd og ønskjer Netanyahu personleg nord og ned.
Publisert: 01.10.2024 22:00
Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Dei fleste norske kommentarar til Israels militære aksjonar mot Hamas og Hizbollah er underleg einsidige og forenkla. Det gjeld i høg grad også reaksjonane på drapet av Hassan Nasrallah og mange andre Hizbollah-leiarar sist fredag.
Det israelske perspektivet er oftast anten fråverande eller blir redusert til éin persons kyniske eigeninteresse. Gjennomgangsmelodien er at statsminister Benjamin Netanyahu køyrer på utan plan og utan omsyn til sivile tap for å unngå å måtte gå av og bli stilt for retten.
Harald Stanghelles kommentar i Aftenposten 30. september er symptomatisk: Netanyahu leiar ei regjering som «bare behersker krigens brutale språk. En strategi for fred eksisterer ikke». For godt mål antydar han at Netanyahu motset seg våpenkvile også fordi det hjelper han å få Donald Trump tilbake som president i USA.
Mista trua på fredeleg forsoning
I ein konflikt der det er to partar, er første bod for god analyse at ein er i stand til å setje seg i begge sin situasjon, utan moralsk affekt. Ein treng ikkje vere Midtausten-ekspert for å få med seg at det store fleirtalet israelarar står bak regjeringas harde linje eller ønskjer ei hardare, sjølv om dei har mista tilliten til Netanyahu.
Dei fleste israelarar, og sjølvsagt spesielt jødane, har innsett at både Hamas og Hizbollah berre har bygd seg opp som antisionistiske terroristorganisasjonar etter at Israel trekte seg ut av Gaza i 2005 og Sør-Libanon i 2000.
Mange meiner også at Arbeidarpartiets statsminister Ehud Barak gjekk for langt i å imøtekome Den palestinske frigjøringsorganisasjonen (PLO) under forhandlingane med Yasir Arafat i USA 2000-2001, og dessutan berre fekk det andre intifada-opprøret som takk. Det var ikkje minst derfor Barak tapte valet i 2001 til Likuds Ariel Sharon.
At israelarar flest mista trua på fredeleg forsoning med palestinarane, er også hovudgrunnen til at israelske regjeringar sidan har vore dominerte av høgresida, med Netanyahu som statsminister 2009-2021 og igjen frå 2022.
Trugar Israels eksistens
Hamas-åtaket 7. oktober var den største nedslaktinga av jødar sidan Holocaust. For dei fleste israelarar stadfesta åtaket, og Hizbollahs bombardering av Nord-Israel etter det, ein gong for alle at desse to terroristorganisasjonane, støtta av Iran, trugar Israels sjølve eksistens. Israelarane meiner det ikkje er urealistisk å setje dei så sterkt tilbake militært at denne faren blir monaleg redusert. Dei trur dessutan det vil svekke det iranske regimet, spesielt iranske planar om å utvikle atomvåpen som kan utradere Israel og gje iransk dominans i Midtausten.
Dessutan vonar truleg dei fleste at drapet på Nasrallah og vidare opprydding i Sør-Libanon og Gaza kan bli eit vendepunkt i retning ein meir stabil og fredeleg region. Det er første steg i Israels «strategi for fred».
Det må gå an å forstå og setje ord på dette sjølv om ein er usamd og personleg ønskjer Netanyahu nord og ned.