Kor dramatisk kan Trump sin aluminiumstoll bli?

1 month ago 21



Donald Trump har varsla at han vil innføre importtoll på 25 prosent på dei to råvarene, i håp om å stimulere til auka produksjon av desse viktige råvarene på heimebane.

I Noreg følgjer blant andre den store norske aluminiumsprodusenten Hydro situasjonen tett.

– Vi førebur oss på ulike scenario, seier informasjonssjef Anders Vindegg i Hydro.

– USA har definert aluminium som ei kritisk råvare, så Trump-administrasjonen må finne ein balanse her.

Anders Vindegg i Hydro

Informasjonssjef i Hydro, Anders Vindegg.

Foto: Halvor Molland/Hydro

Situasjonen er ikkje ny. Trump innførte importtoll på stål og aluminium også i mars 2018, den gong på høvesvis 25 og 10 prosent. Kva skjedde eigentleg den gongen?

Kva skjedde i 2018?

Det korte svaret: Det vart aldri så dramatisk som ein frykta.

For sjølv om stål- og aluminiumsprodusentane i USA jubla, var det fleire amerikanske bilprodusentar som var sterkt negative. Dei meinte tollen ville føre til dyrare amerikanske bilar.

Det førte til at fleire land raskt fekk unntak frå tollane, medan andre fekk forhandla fram kvotar.

Canada og Mexico fekk etter forhandlingar eit permanent unntak frå tollane. Det var viktig for Hydro.

 Super Bowl LIX-Kansas City Chiefs at Philadelphia Eagles

Søndag, mellom slaga og den amerikanske toppfotballkampen Super Bowl saman med dottera Ivanka, signaliserte Donald Trump at han måndag ville annonsere toll på stål og aluminium frå alle land i verda.

Foto: Reuters

Hydro har fem store aluminiumsverk i Noreg, men aluminium som blir laga her blir ikkje eksportert til USA. Selskapet har også kring 20 fabrikkar i USA.

Det var Hydro sine fabrikkar i Mexico og Canada som i hovudsak eksporterte til USA, og stod i fare for å bli ramma av toll den gongen. Men også no.

Det same gjeld for det amerikanske selskapet Alcoa, som har to store fabrikkar på Lista og i Mosjøen. Heller ikkje aluminium herfrå blir sendt til USA, opplyser selskapet til NRK.

Klarte Trump å auke produksjonen i USA?

Det korte svaret: Nei, ikkje noko særleg.

– Det er dyrt å bygge aluminiumsverk, så det er ikkje berre for Trump å bestemme at produksjonen skal auke, med mindre han har tenkt å betale for det eller subsidiere, seier aksjeanalytikar Magnus Rasmussen i SEB.

Også USAs internasjonale handelskommisjon (USITC) har konkludert med at amerikansk produksjon berre auka marginalt som følgje av tollinnføringa den gongen.

USA bruker i dag kring 4–5 millionar tonn primæraluminium i året, men produserer langt under 1 million tonn sjølv.

Difor er USA heilt avhengige av import, kor brorparten kjem frå nettopp nabolanda Canada og Mexico.

Rasmussen seier at ingen selskap såg på det som lønnsamt å investere i eit nytt primærsmelteverk sist Trump innførte toll.

Magnus Rasmussen i SEB

Aksjeanalytikar Magnus Rasmussen i SEB, som følgjer råvaremarknaden tett.

Foto: Moment Studio

– Det blir veldig vanskeleg å gjere ei slik investering, når ein ikkje aner om den same tollen blir verande etter fire år og med ny president, seier Rasmussen.

– Kvifor vel Trump då å innføre ein slik toll på nytt?

– Nei, sei det. Det kan jo hende han trur det kan bli meir produksjon denne gongen, eller så er det ein forhandlingstaktikk. Eller at han ønsker å få inn pengar i statskassa?

Kva om EU svarer?

I 2018 vart også EU ramma av Trump sin stål- og aluminiumstoll. EU svarte med mottiltak.

Først i 2021, med etter forhandlingar med Joe Biden, vart partane samde om å avvikle tollane, og erstatte dei med ei kvoteordning.

No står EU igjen klare med mottiltak, dersom Trump gjer alvor av sine tolltruslar.

Og det er EU sitt svar ein fryktar mest i Noreg.

Noreg er del av EUs indre marknad, men ikkje tollunionen. Difor vil i teorien også norske varer kunne bli ramma av tollsatsar EU eventuelt vil innføre.

Store delar av aluminiumet både Hydro og Alcoa produserer i Noreg, går til nettopp EU. For Hydro sin del er det snakk om kring 95 prosent.

Norske styresmakter har jobba i lang tid for å unngå å bli ramma av EU sine mottiltak, men har så langt ikkje fått stadfesta at det går i boks.

Lansering av Norsk Industris konjunkturrapport

– Dette er rein proteksjonisme frå USA si side, seier adm.dir. i Norsk Industri, Harald Solberg.

Foto: NTB

I 2018 lukkast Noreg etter nokre månader å få unntak frå EU sine mottiltak på stål og aluminium.

Noreg står trass alt for 40 prosent av all aluminium til EU.

Det blir heilt avgjerande, dersom tilsvarande situasjon skulle oppstå igjen, å lukkast med ein avtale med EU som knyt oss tett til deira felles handelspolitikk. Denne situasjonen er alvorleg, seier Harald Solberg i bransjeorganisasjonen Norsk Industri.

Publisert 10.02.2025, kl. 19.50

Read Entire Article