Kontroversielt abort-utsegn får kritikk: – Vi må tole dumskap

6 hours ago 1



Det har dei siste dagane storma rundt KrFU sin nye partileiar, Ingrid Olina Hovland, etter at ho sa at kvinner bør bere fram barn etter valdtekt i podkasten «Brutalt ærlig» med Jenny Huse.

I etterkant opplyste Hovland til NRK at utsegna er hennar personlege haldningar. KrFU står for ei abortgrense på 12 veker.

Podkastvert Jenny Huse meiner at det er viktig med ærlege samtalar og debattar for å skape tillit i samfunnet.

– Partileiarar bør ha stor takhøgd for å kunne snakke ærleg, men samstundes forstå at ord frå ein maktperson får større konsekvensar enn frå ein privatperson.

Det skriv Jenny Huse i ein e-post til NRK.

Når ein takkar ja til ei slik rolle, må ein vite at reaksjonar er ein del av pakken. Det er ein del av kontrakten du inngår, legg ho til.

Person som snakker i mikrofon

Jenny Huse er programleiar i podkasten «Brutalt ærlig».

Foto: Bauer Media / Momentum Media

– Lov å vere både dum og klok

Noreg er eit land med ytringsfridom og demokrati. Då er det vanskeleg å sette grenser for kva politikarar skal kunne seie.

– Eg trur ikkje det er mogleg eller hensiktsmessig å sette nokon reglar eller grenser som politikarane frå alle partia skal følge, seier Kjell Terje Ringdal, førstelektor i retorikk ved Høgskolen Kristiania.

– Her er det politikarane sin eigen fornuft som gjeld. Det er lov å vere både dum og klok, legg han til.

en mann som står utenfor en bygning

Førstelektor i retorikk ved Høgskolen Kristiania, Kjell Terje Ringdal.

Foto: Heiko Junge / NTB

Huse har tru på at «ærlegdom skaper tillit».

Ekstreme utsegn kan skape god debatt og føre til meir refleksjon rundt kontroversielle tema. Eit positivt utfall av Ingrid sin kommentar er eit auka fokus på lovfesting av abortretten, seier Huse.

Podkastverten meiner at det skal vere mogleg å uttale seg som privatperson som partileiar, men at personen må vere klar over ansvaret som kjem med rolla.

Partileiarar bør vere bevisste på at alt dei uttalar seg om innan politikk vil bli sett på som representativt for partiet.

To kvinner står ved sidan av kvarandre og blir tatt bilete av

I første episode av «Brutalt ærlig» intervjua Huse Høgre sin partileiar Erna Solberg.

Foto: Tuva Jorfald / Momentum Media

– Ei veldig vanskeleg øving

Ringdal er ueinig med Huse. Han trur ikkje at det er mogleg for ein person å skilje når ein er partileiar og når ein er privatperson.

– Nei, det kan du ikkje. Det å dele opp seg sjølv og seie at no er eg privatperson, det trur eg ikkje noko på, seier Ringdal.

en kvinne med langt hår

Ingrid Olina Hovland har sagt at utsegna er hennar einige haldningar. KrFU står for ei abortgrense på 12 veker.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Også Haakon Gjerløw, seniorforskar og nestleiar ved Fredsforskningsinstituttet i Oslo (Prio), trur det er eit vanskeleg skilje å gjennomføre.

– Det er ei veldig vanskeleg øving. Men det betyr ikkje at det ikkje er lov til å prøve. Til sjuande og sist er det jo veljarane si vurdering, seier Gjerløw.

– I prinsippet kan ein partileiar ytre seg om akkurat det han eller ho vil. Men det vil nok vere eit politisk parti i bakgrunnen som har meiningar om ytringane og kva det signaliserer for partiet, legg han til.

Ifølgje Gjerløw vil konsekvensane etter eit kontroversielt utsegn avhenge av det politiske partiet og veljarane deira.

Kan ein skilje på når ein ytrar seg som partileiar og som privatperson?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Står for det ho sa

Hovland meiner at det bør vere rom for å ytre personlege refleksjonar samtidig som ho er partileiar.

– Eg tenkjer at det må gå an å dele nokon etiske refleksjonar, så kan vi sjølvsagt ta ein runde internt på kva eg burde og ikkje burde sagt, seier Hovland til NRK.

– Eg står framleis for bodskapen som kom fram.

Ingrid Olina Hovland med langt blondt hår og en beige bluse.

Hovland står for det ho sa i podkasten.

Foto: Thomas Fure / NTB

Hovland ønsker at det skal vere mogleg å ytre seg, utan ein frykt for at ytringsfridommen blir innskrenka.

Nesten 30.000 har skrive under ein kampanje om at eg bør gå av som KrFU-leiar. Det viser lite demokrati-forståing og er med på å innskrenke ytringsrommet.

– Det meiner eg er langt meir alvorleg enn refleksjonane eg har gjort i ein podkast.

Hovland opplevde at spørsmålet i podkasten var ei oppfordring til å komme med eigne refleksjonar.

– Eg tenker vi taper noko som samfunn dersom det ikkje er rom for å reflektere.

en kvine går gjennom en gang.

Hovland har stått i ein mediestorm etter å ha vore gjest i Huse sin podkast.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Vi skal tole veldig mykje

Sjølv om utsegna til Hovland har skapt reaksjonar, meiner Ringdal at dette er noko vi må tole som samfunn.

– Vi skal tole veldig mykje. Vi må tole dumskap, kunnskapslause tankar og haldningar. Det er ikkje grenser for kor mykje dumt vi må tole, seier Ringdal.

– Alternativet til det er kontroll. Og då kjem det store spørsmålet: Kven skal utøve den kontrollen? Då meiner eg at vi beveger oss inn i eit totalitært system, ein totalitær tenking, kor nokon skal bestemme kor grensene går. Det vil vere ein feil veg å gå.

Hei!

Takk for at du las saka!

Har du tankar om det du har lese, eller innspel til kva eg bør skrive om neste gong?

Send meg gjerne ein e-post – både om stort og smått!

Publisert 29.10.2025, kl. 19.53 Oppdatert 29.10.2025, kl. 20.26

Read Entire Article