Kontroversiell tysk film om Hitler og Goebbels forklarer heller enn å forføra

3 hours ago 4



FILM: Kontroversiell tysk film om Hitler og Goebbels forklarer heller enn å forføra.

Goebbels regisserte nøye korleis det skulle sjå ut når Hitler køyrde gjennom gatene. «Fører og forfører» viser fram propagandaen og manipulasjonens makt. Foto: stephan pick

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

 4 out of 6

FØRER OG FORFØRER

Kinopremiere: 29.11.2024. Originaltittel: Führer und Verführer. Med: Robert Stadlober, Fritz Karl, Franziska Weisz. Sjanger: Krigsfilm / Drama / Biografi. Manus og regi: Joachim Lang. Nasjonalitet: Tyskland, 2024. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 2 timar, 15 minutt.

Adolf Hitlers naziregime og 2. verdskrig er – naturleg nok – særs kompliserte tema i Tyskland. Korleis skal dagens tyskarar forhalda seg til sin historiske arv? Til ein menneskefiendtleg ideologi, eit regime og ein krig som tok livet av titals millionar av menneske over heile verda?

Nesten 80 år etter krigens slutt er desse spørsmåla framleis så sensitive at Joachim Lang først ikkje fekk offentlege støttepengar til filmen som går tett på Adolf Hitler og hans propagandaminister Joseph Goebbels. Lang går tett på arkitektane og ideologane bak nazi-tysklands skrekkvelde for å forstå korleis dei tenkte og det fryktelege kunne skje. Frykta i Tyskland er at han dermed menneskeleggjer dei.

Resultatet i filmen «Fører og forfører» – som måtte filmast i løyndom i Bratislava – er definitivt ikkje at me får sympati eller medkjensle med verken Hitler eller Goebbels. Men me får interessant innsikt i tankegangen og strategiane deira.

Her er ikkje nødvendigvis veldig mykje nytt for eit krigsinteressert publikum. Likevel bør me minnast på dette gong etter gong. Ikkje minst i tida me nå lever i: Dei autoritære makthavarane bruker løgner, propaganda og manipulasjon heilt bevisst for å forføra sitt eige folk. Sentrale grep er å ta kontroll over pressa, slik at den ikkje lenger er fri eller kritisk. Bruk deretter tekst, bilete og film – nøye regissert – for å manipulera kjensler og stemningar. Vis fram biletet du ønsker å visa fram og skapa, ikkje det som er sant. Som Joseph Goebbels er kjent for å ha sagt – og som dessverre har litt for god gjenklang i dagens politiske situasjon: Om du fortel ei stor løgn mange nok gonger, vil folk til slutt tru på det.

Her ligg både filmens styrke og svakheit: Filmen baserer seg på tung research og på faktiske sitat frå nazi-leiarane. Det er på den eine sida interessant. På den andre sida – som film – blir det noko deklamerande og monologaktig over Robert Stadlobers Goebbels. Det er som om han skriv eller held fanatiske talar heile tida, også når han snakkar med barna sine.

I tillegg til dei historisk korrekte sitata, klipper Lang inn faktiske filmsekvensar, både av Hitler og Goebbels – og av ofra deira. Dette styrkar det dokumentariske preget og filmens truverd som historisk dokument. Og det bidreg definitivt til å fjerna ein kvar sympati eller forståing for filmens hovudpersonar.

Du blir kvalm. Og det skal du bli.

Publisert:

Publisert: 28. november 2024 17:51

Read Entire Article