Konsulentane trur på gode tider

3 hours ago 1



Den tidlegare statsråden og Frp-toppen ser lyst på moglegheitene for sin nye bransje.

– Eg trur nok det er mange i konsulentbransjen som gnir seg i hendene no, seier Solvik-Olsen.

Ketil Solvik-Olsen er assosiert partner i Geelmuyden Kiese

Tidlegare samferdsleminister og Frp-nestleiar, Ketil Solvik-Olsen, er no sjølvstendig næringsdrivande og assosiert partnar i Geelmuyden Kiese.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

No er han assosiert partnar i kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese.

Grunnen til optimismen er samansettinga av det nye Stortinget.

Fleire av partigruppene er omtrent like store, halvparten av representantane er nye og fem parti skal forhandle om budsjett.

– Om du er lobbyist, advokat eller driv i ein interesseorganisasjon. Med det Stortinget vi har no, så har du enormt store moglegheiter til å påverke ei sak, fordi det er så mange ulike vegar til fleirtal, seier Solvik-Olsen.

Mandatfordeling

Antall mandater per partiVenstresidenHøyresiden

Viser endring fra forrige stortingsvalg.

Analysen får støtte frå ei av dei ferskaste i bransjen, Ingvild Kjerkol. Den tidlegare helseministeren har nettopp starta i ny jobb i First House.

– Det vil vere veldig mykje aktivitet inn mot Stortinget i denne perioden, seier Kjerkol.

Ingvild Kjerkol er tidlegare politikar i i Ap. No er ho partner i First House

Tidlegare helseminister Ingvild Kjerkol ser fram mot hektiske tider som konsulent.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Alle som har interesse av å hevde si sak vil fort lære seg at det gjeld å kunne telje til 85. Det er det du treng for å få fleirtal, så næringslivet må kjenne si besøkelsestid, seier Kjerkol.

Dei er to av mange profilar som har blitt konsulentar etter politikken:

  • Jan-Erik Larsen, Lisbeth Berg-Hansen, Bjarne Håkon Hanssen poserer for et bilde

    Jan-Erik Larsen, dagleg leiar og partnar i Kruse Larsen

    Tidlegare statssekretær, Arbeidarpartiet.

    Jobba under Jens Stoltenberg ved Statsministerens kontor (2000 – 2001 og 2008 – 2009).

    Tidlegare folkevald i Kristiansund bystyre.

    Tidlegare folkevald i Møre og Romsdal fylkesting.

    Tidlegare rådgjevar for Arbeidarpartiet si stortingsgruppe.

  • Ingvild Kjerkol er tidlegare politikar i Ap. No er ho partnar i First House

    Ingvild Kjerkol, partnar First House

    Gjekk til First House i oktober 2025.

    Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (2013 – 2025).

    Sentralstyremedlem i Ap (2009 – 2025).

    Helse- og omsorgsminister (2021 – 2024).

    Måtte gå av som statsråd då det blei klart at ho hadde juksa på masteroppgåva si.

  • Bjarne Håkon Hanssen.

    Bjarne Håkon Hanssen, partnar i Kruse Larsen

    Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (1997 – 2009).

    Landbruksminister (2000 – 2001).

    Arbeidsminister (2005 – 2008).

    Helseminister (2008 – 2009).

  • Helge Orten

    Ksenia Novikova

    Helge Orten, assosiert partnar i Geelmuyden Kiese

    Gjekk til Geelmuyden Kiese i september 2025.

    Stortingsrepresentant for Høgre (2013 – 2025).

    Leiar av Transportkomiteen på Stortinget (2017 – 2021).

    Ordførar i Misund kommune (2003 – 2004).

  • Ketil Solvik-Olsen er assosiert partnar i Geelmuyden Kiese

    Ketil Solvik-Olsen, assosiert partnar, Geelmuyden Kiese

    Stortingsrepresentant for Framstegspartiet (2005 – 2013).

    Samferdsleminister (2013 – 2018).

    Nestleiar i Frp (2013 – 2019).

  • ein person som står i et rom

    Trond Vestre / NRK

    Jon Georg Dale, dagleg leiar og partnar i First House

    Gjekk til First House i 2021.

    Stortingsrepresentant for Framstegspartiet i 4 år (2017 – 2021).

    Landbruks- og matminister (2015 – 2018).

    Samferdsleminister (2018 – 2020).

  • Olaf Thommessen med kvit maske i ansiktet

    Terje Bendiksby / NTB

    Olaf Thommessen, assosiert partnar i Geelmuyden Kiese

    Fyrstekandidat for Østfold Venstre i stortingsvalet 2025.

    Tidlegare nestleiar i Venstre (2004 – 2007).

    Tidlegare representant i Oslo bystyre.

  • ein mann med skjegg

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Sigbjørn Aanes, partnar First House

    Gjekk til First House i 2018.

    Tidlegare kommunikasjonssjef i Høgre.

    Statssekretær ved Statsministerens kontor 2013 – 2017.

  • Siv Jensen bak pulten i Finansdepartementet, Ole Berget i døra.

    Lise Åserud / NTB scanpix

    Ole Berget, partnar i First House

    Gjekk til First House i 2014

    Tidlegare kommunikasjonssjef i Framstegspartiet.

    Statssekretær i Finansdepartementet (2013 – 2014).

  • ein mann som ser inn i kameraet

    Stian Valla Taraldsvik, partnar i First House

    Gjekk tilbake til First House i 2024.

    Tidlegare byrådssekretær i Oslo (Ap).

    Tidlegare rådgjevar for Arbeidarpartiets partisekretær.

    Tidlegare leiar av Trondheim AUF.

  • Ordførar i Stjørdal kommune Ivar Vigdenes.

    Bjarte Johannesen

    Ivar Vigdenes, partnar i First House

    Tidlegare ordførar i Stjørdal for Senterpartiet (2013 – 2022).

    Politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet (2010 – 2013).

  • Stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag May Britt Lagesen, årsmøte i Trøndelag Ap mars 2022

    Bjarte Johannesen / Bjarte Johannesen/NRK

    May Britt Lagesen, seniorrådgjevar Geelmuyden Kiese

    Vara på Stortinget for Arbeidarpartiet (2013 – 2025).

    Møtte fast som representant (2021 – 2024)

  • Peter Gitmark

    Tor Erik Schroder / NTB

    Peter Skovholt Gitmark, Lead EMEA Corporate and Public Affairs, Burson

    Tidlegare stortingsrepresentant for Høgre (2001 – 2013).

  • Anne Therese Gullberg

    Cicero

    Anne Therese Gullberg, partnar i Kruse Larsen

    Mangeåring bakgrunn frå Arbeidarpartiet.

    Mellom anna som politisk rådgjevar i stortingsgruppa.

    Tidlegare kommunestyrerepresentant i Bærum.

  • statssekretær Petter Kvinge Tvedt

    Ukjent

    Petter Kvinge Tvedt, partnar i Kruse Larsen

    Tidlegare politisk rådgjevar og statssekretær for Framstegspartiet.

    Jobba i Finansdepartementet under Siv Jensen (2013 – 2018).

    Tidlegare folkevald i Bergen bystyre

    Tidlegare folkevald i Hordaland fylkesting

  • Veronica Isabel Pedersen

    Ukjent

    Veronica Isabel Pedersen, seniorrådgjevar i Kruse Larsen

    Tidlegare statssekretær for Framstegspartiet.

    Var statssekretær og politisk rådgivar i fiskeridepartementet.

    Tidlegare rådgjevar for Frp si stortingsgruppe.

Dagleg leiar i Kruse Larsen, Jan-Erik Larsen, vil ikkje kommentere saka til NRK.

Men partnar i selskapet, den tidlegare Ap-toppen Bjarne Håkon Hanssen, kommenterte nyleg situasjonen i Dag og tid.

– Ein uoversiktleg parlamentarisk situasjon som no, med usikre rammevilkår, er i seg sjølv bra for bransjen. Men det er mange aktørar i denne marknaden, så det er ikkje godt å seie korleis det slår ut for akkurat oss, sa den tidlegare statsråden til avisa.

Også mange politiske profilar har gått motsett veg – frå konsulent til politikar:

  • Sylvi Listhaug snakkar med ein kvinne

    Benyamin Farnam / NRK

    Sylvi Listhaug, partileiar i Frp

    Tidlegare seniorrådgjevar i First House (2012 – 2013).

  • Lubna Jaffery snakkar inn i ein mikrofon

    Sigurd Hamre / NRK

    Lubna Jaffery, kulturminister (Ap)

    Tidlegare rådgjevar i Geelmuyden Kiese (2014 – 2015).

  • ein mann i dress og slips som står på et podium

    Cornelius Poppe / NTB

    Tor Mikkel Wara, stortingsrepresentant for Frp

    Har ei lang karriere som konsulent bak seg.

    Geelmuyden Kiese (1994 – 1997).

    Madland & Wara (1998 – 2003)

    Wara Consulting (2003 – 2010)

    First House (2010 – 2018) og (2020 – 2024).

  • ein kvinne i ein lilla skjorte

    William Jobling / NRK

    Ida Lindtveit Røse, parlamentarisk leiar for KrF

    Tidlegare seniorrådgjevar i First House (2019).

    Er no nyvald representant og leiar av stortingsgruppa til Kristeleg folkeparti.

  • Ein gruppe menn i dress som går

    Javad Parsa / NTB

    Kristoffer Thoner, statssekretær (Ap)

    Tidlegare partnar i McKinsey (2016 – 2022).

    Er no statssekretær ved Statsministerens kontor og er Jonas Gahr Støre sin næraste rådgjevar.

  • ein kvinne som signerer et dokument

    Stian Lysberg Solum / NTB

    Sissel Kruse Larsen, statssekretær (Ap)

    Tidlegare rådgivar i Kruse Larsen (2015 – 2016).

    Er no statssekretær i finansdepartementet og næraste rådgjevar for Jens Stoltenberg.

  • Portrettbilde, helsebyråd Saliba Andreas Korkunc (H).

    Eirik Pessl-Kleiven / NRK

    Saliba Andreas Korkunc, helsebyråd i Oslo (H)

    Tidlegare seniorrådgjevar i kommunikasjonsbyrået Zynk.

    Tidlegare statssekretær i Helsedepartementet.

  • Tom Erlend Skaug på Politisk Kvarter

    Christian Breidlid

    Tom Erlend Skaug, generalsekretær i Høgre

    Tidlegare kommunikasjonsrådgivar i JKL.

  • Audun Otterstad

    Randi Lillealtern / NRK

    Audun Otterstad, politisk rådgjevar (Ap)

    Tidlegare strategisk rådgjevar i Kruse Larsen (2016 – 2018).

    Jobbar no som politisk rådgjevar for digitaliserings- og forvaltningsminister, Karianne Tung.

– Dei sel politisk makt og påverking

– Eg trur det er eit draumelandskap for PR-bransjen etter dette valet, seier forfattar Thomas Spence.

I boka «Demokrati til salgs» har han dokumentert korleis konsulentane jobbar.

Spence trekker særleg fram at Ap-regjeringa er ei svak mindretalsregjering.

– Det er det beste denne bransjen kan ønske seg, seier Spence.

en mann med skjegg

Thomas Spence har jobba som politisk journalist i over 40 år og er forfattar av boka «Demokrati til salgs».

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Konsulentane lagar «maktkart» der dei kan peike ut viktige politikarar og kome med argument for korleis kunden kan overtale desse personane, forklarar Spence.

– Dei sel politisk påverking og makt, seier han.

Vil ha lobbyregister

– Eg blir forbanna, seier Sofie Marhaug frå Raudt.

Sofie Marhaug er stortingsrepresentant for Raudt.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det betyr at nokre menneske kan kjøpe seg større makt og innflytelse gjennom desse byråa. Det meiner eg er negativt for demokratiet. Det betyr at pengesetelen får meir å seie – og stemmesetelen får mindre å seie, seier Marhaug.

Raudt vil ha eit lobbyregister der konsulentar må registrere kven dei jobbar for.

Dei viser til Finland, som innførte register i 2023 etter anbefalingar frå OECD og GRECO.

Venstre fremma forslag om dette i førre periode, men Ap, Høgre, Sp og Frp stemte forlaget ned.

Gir råd i eit gjennomregulert samfunn

Konsulentane meiner dei bidreg positivt til demokratiet.

Kjerkol seier at hovudoppgåva hennar blir å lære kundane sine om korleis politikk fungerer.

– Dei fleste som driv eit selskap har mest fokus på dagleg drift. Det er eit gjennomregulert samfunn med høg kompleksitet, så vi ser at råd og hjelp er etterspurt, seier Kjerkol.

Stortingsbygningen i Oslo.

Kjerkol og Solvik-Olsen har til saman 20 års erfaring som stortingsrepresentantar. Dette er ettertrakta erfaring i konsulentbransjen.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Det er veldig mange som er svært dyktige til å drive butikk eller drive ein organisasjon, men som ikkje har snøring på korleis dei skal nærme seg politikarane si behandling av ei sak, seier Solvik-Olsen.

– Positivt med folk frå næringslivet

Nestleiar i Frp, Hans Andreas Limi, meiner påverking frå konsulentar ikkje er noko problem.

– Mi erfaring er at dei påverkar Stortinget i veldig liten grad. Men så lenge desse firmaa eksisterer, så tyder det på at nokon har behov for den hjelpa som dei kan gi, seier nestleiar Hans Andreas Limi.

Hans Andreas Limi et al. sitter sammen

Hans Andreas Limi saman med partileiar og tidlegare First House-konsulent, Sylvi Listhaug. Ho kunne ikkje stille til intervju om denne saka, ifølgje pressesjefen i partiet.

Foto: Terje Pedersen / NRK

– Korleis påverkar det Frp-gruppa at de har nokre eks-konsulentar der?

– Vi synest det er positivt at folk frå næringslivet kjem inn på Stortinget. Den erfaringa treng vi der. Eg har ikkje opplevd at nokon har forsøkt å halde fram konsulentverksemd etter at dei kom inn på Stortinget, seier Limi.

Publisert 27.10.2025, kl. 18.18

Read Entire Article