– Kommunen skal lære av denne saka

1 month ago 21



Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap) seier det var ei enorm utfordring for barnevernet å handtere overgrepssaka i Ullensvang.

 Elias Engevik / TV 2
ALVOR: Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap) seier overgrepssaka har prega innbyggjarane i kommunen. Foto: Elias Engevik / TV 2

Publisert 07.02.2025 14:50

– Denne saka har vore heilt utanfor normalen av det barnevernstenesta har handtert tidlegare, seier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap), og held fram:

– Dei tilsette har vore nøydde til å lære seg heilt nye ting, og få nye erfaringar som gjer at ein vil vere enda betre førebudd neste gang ei slik sak kjem opp.

Han visste at det kunne kome kritikk mot kommunen og barnevernet då dommen i ei av Noregs grovaste overgrepssaker vart lagt fram i Gulating lagmannsrett fredag.

Ein far, ei mor, ein storebror og ein nabomann vart dømt til fengsel etter å ha vore tiltalt for grove valdtekter av dei to yngste barna i familien gjennom fleire år.

Kritikk frå retten

I dommen fekk det lokale barnevernet kritikk av lagmannsretten. Under heile saka har det vore tvil om barna sine forklaringar har vore påverka av barnevernstilsette.

Dommar Carl Petter Martinsen sa følgjande:

– Vi er einige i at samtalane og framgangsmåtane er uheldige og bryt med anbefalt måte ein skal snakke med barn om dette på.

Vidare kritiserte lagmannsretten arbeidet til barnevernet og politiet.

– Vi stussar over at politiet ikkje har vore tydelegare i tilbakemeldingane. Kontakten mellom politi og barnevernet har vore uprofesjonell og tidvis uformell.

Ordførar Haug seier saka har vore så stor, komplisert og krevjande at det nesten hadde vore rart dersom politiet og hjelpetenestene hadde gjort absolutt alt rett.

– Det er lett å sitje i etterkant og peike på ting som burde vore gjort, men eg er uansett tydeleg på at kommunen tar til seg alt frå lagmannsretten. Vi skal lære av denne saka, seier han.

Tenker på barna

Ordføraren er også tydeleg på at saka har prega innbyggjarane i kommunen.

No er han opptatt av at barna skal verte varetatt på best mogleg måte.

– Dei må få informasjon om dommen på ein forsvarleg måte. Barna skal etter forholda ha det bra no.

Her er dommane

Saka har vore omtala som ei av dei verste overgrepssakene i nyare tid.

I fjor vart alle fire dømt i tingretten. Fredag kom lagmannsretten med følgjande dom:

Nabomann i 30-åra – tiltalt for grov valdtekt av eigen son (12) og nabojente (12): Dømt til 12 års fengsel. Han må også betale erstatning til sonen sin med 350.000 kroner og 450.000 kroner til nabojenta.

Far i 50-åra – tiltalt for grove valdtekter av son (17) og dotter (12): 20 års fengsel. Han må betale 600.000 kroner i erstatning til kvart av barna sine. I tingretten fekk han forvaringsstraff.

Mor i 50-åra – tiltalt for grove valdtekter av son (17) og dotter (12): Dømt til 17 års fengsel. Også ho er dømd til å betale erstatning på 600.000 til kvart av barna.

Storebror i 30-åra – tiltalt for grove valdtekter av bror (17) og søster (12): 9 års fengsel. Må betale erstatning på 450.000 kroner til kvart av søskena sine.

Totalt er erstatningane på 4,1 millionar kroner til dei tre offera.

Read Entire Article