Knivangrepet i Tyskland: Mistenker at gjerningsmannen er IS-medlem

1 month ago 35



Tyske påtalestyresmakter mistenker at personen som knivstakk og drap tre personar fredag kveld i den tyske byen Solingen, er medlem av terrorgruppa IS.

Seint laurdag kveld, over eit døgn etter at angrepet skjedde, pågreip politiet ein 26 år gammal syrisk mann som dei mistenker er gjerningsmannen.

Det tyske nyheitsbyrået DPA skriv at mannen blei pågripen inne på eit flyktningmottak.

Ein talsperson for påtalemaktene seier til nyheitsbyrået AFP at 26-åringen blir etterforska for deltaking i ein terrororganisasjon.

Tre personer blei drepne og åtte skadde, fleire av dei kritisk, då ein mann stakk tilfeldige menneske i halsen under ei jubileumsfeiring i Solingen på fredag.

IS hevdar ansvar

Laurdag kveld tok terrorgruppa IS på seg ansvaret for angrepet. Reuters skriv at påstanden blei publisert på gruppas sosiale medium, utan bevis eller informasjon om koplinga til gjerningsmannen.

Dei føderale påtalemaktene har tatt over etterforskinga på grunn av det trulege terrormotivet.

IS har tatt på seg ansvar for fleire terrorangrep eller planlagte terrorangrep den siste tida.

Melde seg sjølv til politiet

26-åringen melde seg for politiet i går, ifølge ein talsperson for innanriksdepartementet i delstaten Nordrhein-Westfalen.

Ifølge den tyske avisa Bild, gjekk mannen opp til politibetentene rett etter klokka 23 norsk tid og sa at han var den dei leita etter.

Han skal ha gøymd seg i bakhagen sidan angrepet kvelden før.

Blomster, lys og et skilt med teksten «Hvorfor?» er lagt ned på stedet der flere personer ble knivstukket i Solingen i Tyskland

Blomar, lys og eit skilt med teksten «Kvifor?» er lagt ned på staden der fleire personar ble knivstukke i Solingen på fredag.

Foto: ROBERTO PFEIL / AFP/NTB

Den tyske avisa Spiegel melder at 26-åringen kom til Tyskland frå Syria i 2022, og fekk innvilga opphaldstillatelse fordi det var borgarkrig i heimlandet sitt.

Tidlegare laurdag blei ein 15-åring pågripen av politiet, som dei tidleg avviste at var gjerningspersonen.

Vitne skal ha høyrt 15-åringen snakke med 26-åringen om knivangrepet kort tid før det skjedde.

Auke i IS-angrep

– Det var eit angrep mot måten vi lever på. At vi kan feire saman, kome saman – og le – også med framande menneske, har regjeringssjef Hendrik Wüst i Nordrhein-Westfalen sagt om fredagens angrep.

Etter fleire år med nedgang i slike terrorangrep, åtvarar ekspertar no om at terrortrugselen er aukande.

På midten av 2010-talet rysta blodige IS-åtak europeiske byar som Paris, Manchester og Brussel, men frå 2017 peika pilane rett veg.

No ser sjefsforskar Petter Nesser ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) fleire urovekkande trendar:

  • Tenåringar blir rekrutterte inn i svært alvorleg terroraktivitet
  • Angriparar i Europa blir fjernstyrte frå Afghanistan og andre krigssoner

Det er særleg Den islamske staten i Khorasan (IS-K), den regionale avdelinga til IS i Afghanistan, som har stått bak ei rekke ulike terrorforsøk -og åtak i Europa den siste tida.

Publisert 25.08.2024, kl. 11.22

Read Entire Article