Etter fleire år med jobb og planlegging er kyststien i Bodø endeleg klar, skriv Bodø kommune i ei pressemelding.
Søndag 14. september blir opninga markert og feira med talar, kake, pølsegrilling og innslag langs stien.
Kyststien går frå Bodøsjøen til Mørkvedbukta og er ein 6,5 universelt utforma turveg. Det er fleire rasteplassar, toalett og servicepunkt undervegs.
Kyststien skal utvide nærtilbodet for mange av Bodø sine innbyggarar og er eit lågterskeltilbod nær store bustadområde.
– Kyststien skal vere for alle, og universell utforming er eit viktig prinsipp i utforminga, saman med å ta vare på landskap og naturverdiar, seier Gudrun Hagen, prosjektleiar av Kyststien.