Kjendisspekka løp utselt på sekund: – Det small med ein gong

2 hours ago 1



– Lofoten Skyrace har vore eit veldig populært løp i mange år, men påmeldingsrekorden i år tar kaka, seier Ole Martin Nilsen Synnes, ansvarleg redaktør i Runner’s World Noreg

Da billettane til neste års Lofoten Skyrace blei lagde ut, blei den kortaste distansen på 32 kilometer utselt på 26 sekund.

Salet til 42-kilometeren gjekk litt tregare. Den distansen blei utseld på 59 minutt.

Fjelløpet Skjervøy 20:1000 hadde deltakarrekord førre helg, det same kunne Arctic Alta Ultra skimte med, da det blei arrangert i august.

UltraBirken og Birken fjellmaraton ser seg nøydd til å auke kapasiteten etter at løpa i juni til neste år blei utselde på kort tid.

Også Bergen Fjellmaraton blei utseld på 1,5 time.

– Men det er nok ingen andre norske fjelløp som blir fylte så fort opp som Lofoten Skyrace, seier Runar Gilberg, redaktør for nettstaden Kondis.no.

Kjendistungt i fjellet

Synne Myhre er kjent som Synneruns på Instagram, har sprunge både gateløp og fjelløp, blant anna Lofoten Skyrace.

Ho er ikkje overraska over at slike fjelløp blir utseld på kort tid.

– Personleg har eg tenkt at fjelløp det er den perfekte moglegheita til å sjå og oppleve vakker natur samtidig som ein får utfordra seg sjølv på eit løp, seier Myhre.

– Eg trur veldig mange også ser på fjelløp som mykje meir enn eit løp. Det er ei oppleving i seg sjølv og målet er ofte å berre gjennomføre.

Og akkurat Lofoten Skyrace har hatt ganske mange prominente deltakarar.

I år deltokt blant andre tidlegare langrennsstjerne Therese Johaug, skiskyttar Tiril Eckhoff, sittande landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen, influensasøstrene Vita og Wanda Mashadi, Hedda Skaug, samt grunnleggar av Hoka, Nicolas Mermou.

Kvinne løper i fjell, slår ut med armene

Lofoten Skyrace er eit populært fjelløp. Therese Johaug har løyperekord for kvinner på 32 kilometer-distansen.

Foto: Lofoten Skyrace/Hoka

– Det er klart at ein får mykje draghjelp og god reklame hos ambassadørane med fleire 100.000 følgarar, både i Noreg og internasjonalt. Alle veit jo at Nord-Noreg og Lofoten er vakkert. Så vi har fått god hjelp hos mange ambassadørar og influensarar dei siste åra, seier arrangør Paul Klausen.

Da billettsalet opna, hadde han ei kjensle på at det kom til å gå bra.

– Det small jo med éin gong. Vi hadde jo ei lita kjensle for det her utover sommaren, for interessa har vore enorm dei siste månadene. Så det var eigentleg litt venta, men samtidig så blir ein jo veldig glad for at folk har lyst til å vere med på løpet.

Runar Gilberg, redaktør for nettstaden Kondis.no, trur at det er fleire grunnar til at løp som Lofoten Skyrace blir utselt på kort tid.

Instagrampost med kvinne som har løpt fjelløp

Wanda Mashadi la ut denne posten på Instagram etter å ha gjennomført Lofoten Skyrace i 2024.

Foto: Instagram

Populært med fjelløp

Gilberg trur utviklinga innanfor fjelløp er ein naturleg konsekvens av den generelle springebølga som skyl over landet for tida.

Særleg er terreng-ultraløp i vekst, og dette er ein internasjonal trend som også norske fjelløp er ein del av. At eit fjelløp i Lofoten blir fylt fort opp, har nok også ein god del med Lofotens status om turist-/Instagramattraksjon å gjere, seier han.

Kva trur de er årsaka til at fjelløp er så populære?

Naturopplevingar og det å fullføre krevjande løp appellerer til mange, og det er noko ein i mindre grad får i gateløp der det i større grad handlar om å perse eller få ei god tid i ei flat og slik sett ukomplisert løype, seier redaktøren.

Ole Martin Nilsen Synnes i Runner’s World Noreg registrerer det same.

– Vi ser vi ein aukande interesse og trend blant løparar som søker etter noko som meir ekstremt, der fjelløp med mange høgdemeter og lange distansar triggar og motiverer, seier han.

– Det smelte med ein gong

Men det er stor forskjell på gateløp og fjelløp, når det gjeld talet på deltakarar.

Mens Lofoten Skyrace er fullteikna med 2300 deltakarar, er Oslo Maraton fullteikna med 24.000 deltakarar.

Arrangør av Lofoten Skyrace, Paul Klausen, seier dei ikkje blir å utvide talet på deltakarar.

– No er det fullt. Det er den avgrensinga vi har sett, og som vi som arrangør kjenner oss trygg på. Både med tanke på sikkerheit til løparane, men også når det gjeld infrastruktur og stiga.

Publisert 18.09.2025, kl. 11.15

Read Entire Article