Kjelder til TV 2: Son av politileiar var målet

6 hours ago 8



Tenåringar tatt for drapsplanar:

Den sikta 17-åringen skal ha hatt kniv på seg då han vart pågripen i nærleiken av fornærma sin bustad.

 Kristian Myhre / TV 2
KRIPOS TOK OVER: Den fornærma i drapsforbund-saka skal vera sonen til ein politileiar i Sør-Vest politidistrikt. Kripos har overtatt etterforskinga av saka frå politiet i Stavanger. Foto: Kristian Myhre / TV 2

Publisert 18.03.2025 11:37 Sist oppdatert 17 minutter siden

To gutar i tenåra er arresterte og sikta for å ha planlagt eit drap i Stavanger. 

Dei sit no begge i varetekt, sikta etter paragraf 279 i straffelova. 

Opprullinga av saka starta på torsdag i førre veke, då ein 17 år gammal gut vart pågripen av politiet i Stavanger. 

Kripos har uttalt at det planlagde drapet skulle skje same dag. Det var opplysningar frå vitne som gjorde politiet merksam på kva som skulle vera i ferd med å skje.

Opplysningar: Dette skulle skje

TV 2 er kjent med at 17-åringen vart pågripen i nærleiken av den fornærma sin bustad. 

Tysdag skriv Stavanger Aftenblad at den fornærma er sonen til ein politileiar i Sør-Vest politidistrikt. TV 2 har fått opplyst det same.

Avisa skriv at 17-åringen skal ha hatt planar om å knivstikke guten, som også skal vera i tenåra. Dei skriv vidare at 17-åringen hadde kniv på seg.

TV 2 har bedt Kripos bekrefte desse opplysningane, men har førebels ikkje fått svar.

Etter det TV 2 forstår, er ein av hypotesane til Kripos at dei står ovanfor eit bestillingsdrap

Kvifor sonen av ein politileiar skulle vera eit mål, er førebels uavklart, ifølge Aftenbladet.  

Men det er uansett ei forklaring på kvifor Kripos har overtatt etterforskingsansvaret i saka.

– Han har overhovudet ingen tilknyting til kriminalitet og er eit barn som heilt uforskyldt har komen opp i dette, seier bistandsadvokat til den fornærma, Inger Marie Sunde, til Aftenbladet.

 Elias Håvarstein / TV 2
POLITIADVOKAT: John Ivar Johansen i Kripos har påtaleansvaret i saka. Foto: Elias Håvarstein / TV 2

Kripos utelukkar ikkje fleire pågripingar

Den andre sikta i saka vart pågripen av politiet på Oslo lufthamn søndag kveld. Også han er i tenåra, men over den kriminelle lågalder på 15 år.

Han vart fengsla i to veker av Oslo tingrett i går. Han nektar straffskuld.

Gjennom helga har Kripos etterforska saka på tvers av fire politidistrikt; Sør-Vest, Agder, Vest og Oslo. 

Til TV 2 utelukkar dei ikkje at det kan kome fleire pågripingar.

Sentrale spørsmål i etterforskinga er kven som eventuelt har bestilt oppdraget i Stavanger og kvifor.

Nettopp desse uavklarte spørsmåla er også årsaka til at politiet har fått medhald i at dei to gutane under 18 år må fengslast, slik at bevis ikkje kan bli påverka, fjerna eller øydelagd.

Har forsøkt rekruttering

Saka skal ha forgreiningar til kriminelle miljø i Sverige. 

I fleire år skal kriminelle med tilknyting til Malmõ ha forsøkt å rekruttere mindreårige i Stavanger-regionen for å selje narkotika.

Seinast i januar meldte NRK at denne aktiviteten har auka i det siste.

Men aktiv innsats frå politiet har hindra etableringa av kriminelle, svenske nettverk i byen.

Read Entire Article