Kald luft frå nord: Like kaldt som på Island

1 week ago 11



Sjølv om sola skin mange stader, står ikkje kvikksølvet veldig høgt på gradestokken.

Tysdag føremiddag er det faktisk varmare på Island enn mange stadar i Noreg. Noreg ligg i ei kaldbukt.

– Kalde luftmassar frå Arktis kjem nordfrå, og gjer at det blir kaldt sjølv om sola skin, seier meteorolog Julie Solsvik Vågane.

Samstundes blir Island og andre stadar i Europa treft av varmare luft som kjem sørfrå. Den gir også varmare vêr.

Tysdag kl. 11 blei det registrert ni grader i Reykjavík. Få stader i Noreg hadde høgare temperatur på same tid.

Ikkje uvanleg

At det er kaldt sjølv om sola skin og det nærmar seg mai, er ikkje uvanleg ifølge meteorologen.

– Det er ikkje uvanleg at april er ein månad med store kontrastar. Vi ser ofte både varme og låge temperaturar og det kan vere mykje nedbør og vind. I april kan vêret variere mykje frå dag til dag, seier Vågane.

Meteorologen er usikker på kor uvanleg det er at Island er varmare enn Noreg.

– Vi har ikkje like gode tal frå Island. Men at ulike stader får ulike luftstraumar er ikkje uvanleg. Det skjer heile tida.

Kan snu i helga

Sjølv om temperaturane ikkje minner om vår akkurat no, kan dette snu i helga, fortel Vågane.

– Dei neste dagane vil det framleis kome kald luft frå Arktis og temperaturane vil halde seg relativt låge, seier Vågane.

– Mot slutten av helga og over i neste veke ser det derimot ut til at det vil snu. Då vil vi heller få varmare luft sørfrå.

Lufta sørfrå er varmare og vil kunne gi høgare temperaturar i store deler av landet. Over i mai trur meteorologen det vil minne meir om vår.

– Då kan vi håpe på vårstemning og varmare vêr, seier Julie Solsvik Vågane.

Publisert 23.04.2024, kl. 12.59

Read Entire Article