Janne blei drepen – nordmann kan få «livstid» i fengsel

1 day ago 5



– Det virkar som politiet har gjort ei veldig grundig etterforsking. Det gjenstår å sjå kva som skjer i retten og me får meir informasjon, spesielt når etterforskingsmateriell blir frigjort.

Det seier Eelis Bjurström, redaktør for politikk, samfunn og krim i den fiske allmennkringkastaren Yle.

13. oktober i fjor skaut og drap ein trønder i 60-åra sin tidlegare sambuar, Janne Puhakka, i deira felles heim i Esbo i Finland.

Eelis Bjurström i Yle

Eelis Bjurström i Yle følger rettssaka mot den drapstiltalte nordmannen tett.

Foto: Silja Viitala / Yle / Silja Viitala / Yle

Han har følgt saka mot den drapstiltalte trønderen tett, heilt sidan han skaut den tidlegare sambuaren sin til saka no går for retten.

Å bli dømd til «livstid» i Finland tilsvarar det å bli dømd til 12 år forvaring i Noreg og at vedkommande først kan be om å bli lauslaten etter at dei 12 åra har gått.

– Men dersom ein får «livstid» i fengsel kan du ende opp med å sitte i fengsel resten av livet ditt, forklarar Bjurström.

Påtalemakta i Finland ber om nettopp denne straffa i saka mot den drapstiltalte nordmannen som går for retten i Finland frå 13. til 18. mars.

Har forklart at han skaut Puhakka fordi forholdet tok slutt

Det finske politiet meiner drapet på 29 år gamle Janne var planlagt, grufullt og brutalt. Difor vil påtalemakta at trønderen skal dømmast for overlagt drap.

Nordmannen frå Trøndelag har erkjent at han skaut og forårsaka Puhakka sin død.

– Han har innrømt at han forårsaka Puhakka sin død og har sagt at det var fordi forholdet tok slutt. Men han seier at det ikkje var eit planlagt, overlagt drap, seier Bjurström.

Forholdet mellom 29-åringen og trønderen skal ha tatt slutt kort tid før drapet.

Like etter drapet sa Ville Luoto som forsvarer mannen at dei har ei anna oppfatning av saka enn politiet.

– Han er knust og synest veldig synd på offeret og dei pårørande, sa Luoto.

Ville Luoto

Forsvarar Ville Luoto fotografert i forbindelse med varetektsfengsling av nordmannen.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Forsvararen og tiltalte meiner at drapet ikkje var planlagt og at det då ikkje er eit overlagt drap.

60-åringen har sjølv forklart at han skaut Puhakka med ei jakthagle han hadde tillating til å ha i Noreg. Ifølge politiet blei 29-åringen treft av to skot.

Puhakka hadde fått ny partar

Det var den tidlegare politikaren Tapani Mäkinen som såg liket til Puhakka gjennom vindauge og ringde naudsentralen.

– Han bur i nærleiken og hadde blitt kontakta, forklarar Bjurström.

Puhakka hadde ifølge den fiske avisa Helsingin Sanomat fått ein ny partnar etter samlivsbrotet med den drapstiltalte nordmannen.

Drap i Finland

Drapet på 29-år gamle Janne Puhakka har sjokkert mange i Finland.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Den nye partnaren varsla Mäkinen fordi han var bekymra av å ikkje høyre noko frå Puhakka, som var på besøk i leilegheita han hadde budd saman med trønderen i.

– Dette har vore det mest omtalte drapet i finsk media i alle fall det siste året. Og så er det norsk media i tillegg, seier redaktøren i Yle.

Retten er førebudd på at det vil vere mykje presse til stades under rettssaka.

– Når saka startar i retten kjem heile Esbo til å vere full av journalistar frå Finland, Noreg og potensielt andre land også, legg Bjurström til.

– Han blei sett på som eit førebilete

Puhakka var ein kjent finsk ishockeyspelar, spesielt kjent for å vere den første opne homofile mannen i sporten.

– Han blei sett på som eit førebilete i ein veldig maskulin sport, seier Bjurström.

Puhakka og tiltalte fortalde opent om sitt forhold i finsk presse.

– Han er ein av dei modigaste spelarane i Finland.

Det sa Ilmari Pitkänen som spelte ishockey saman med Puhakka for eliteserielaget Esbo Blues i 2016.

29-åringen deltok for tida i den finske utgåva av «Forræder», som kallast «Petolliset» i Finland.

– Programmet handlar om at nokon er mordarar og andre er offer. Og dette programmet gjekk på TV då Puhakka blei drepen, fortel Bjurstöm.

Publisert 13.03.2025, kl. 05.13

Read Entire Article