Iuels reaksjon på Warholms bisarre grep: – Tenkte «damn, han er klar!»

1 hour ago 1



Har ein luska litt rundt Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes på trening og i samband med konkurranse, så har ein gjerne observert ein del metodar og utstyr ein sjeldan har sett i møte med andre idrettsutøvarar.

Allereie før VM i Tokyo fortalde Warholm og treningskollega Amalie Iuel om diverse grep som var gjort før denne meisterskapen, primært tiltak mot den ekstreme varmen.

Men det NRKs team blei vitne til på oppvarmingsbanen før VM-semifinalen onsdag, kom overraskande sjølv på Amalie Iuel, som akkurat var i ferd med å avslutte oppvarminga si.

Det var nytt for meg. Eg var på veg til callroom da eg såg han sat der med boksehanskar, kjølevest og kjølekrage. Da tenkte eg «damn, han er klar», seier Iuel til NRK.

Genialt eller fiksfakseri?

NRK filma den smått bisarre seansen der landslagslege Ove Talsnes teipa fast noko som ganske rett minte om boksehanskar på Warholms hender.

– Det er veldig behageleg å få kjølt ned hendene. Du blir veldig varm og så har du ein del sentrale blodkar i området. Det er kort veg ned til dei, så det er litt ein avkjølingseffekt, forklarer Talsnes, som bekreftar at han ikkje har nytta metoden «noko særleg» før.

Video: Roy Kenneth S. Jacobsen / NRK

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal seier alt handlar om å halde den totale kroppstemperaturen mest mogleg nede.

– Blir du verdsmeister og er i nærleiken av verdsrekorden, så er det genialt. Viss Karsten Warholm blir nummer to eller tre her, så er det fiksfakseri, seier eksperten.

– Det er mykje rart, men fungerer det så fungerer det, seier Iuel, og fortset:

– Da tenker eg at det er lurt å halde fram med det. Det er ein måte å førebu seg på, og Leif Olav snakkar alltid om å stille best mogleg førebudd. Eg synest det er veldig kult, og eg kjenner meg privilegert som får vere ein del av det teamet, seier ho.

  • Karsten Warholm hopper høyt med publikum i bakgrunnen før start

    ISKALD VIKING: Karsten Warholm viste få teikn til nervar i semifinalen og sveva nærast før start allereie.

    Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån
  • Karsten Warholm spurter ut fra startblokka under semifinalen i Tokyo-VM

    I FARTSRETNING: Det er lite krefter som går til spille når Warholm spring 400 meter hekk.

    Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån
  • Karsen Warholm blir nummer to i sitt semifinaleheat i VM i Tokyo 2025

    FRÅ OVAN: Karsten Warholm jogga dei siste meterane i semifinalen og slapp forbi Abderrahman Samba.

    Foto: Fabrizio Bensch / Reuters/NTB
  • Karsten Warholm stikker ut tunga etter VM-semifinalen i Tokyo 2025

    GEIPAR TUNGE: Men det gjer han nok ikkje til konkurrentane endå. Det ventar ein tett duell i finalen mellom Rai Benjamin og Alison dos Santos.

    Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Warholm fornøgd

Det har vore varmt i Tokyo så langt i VM, og onsdag var det varmaste dagen med temperaturar opp mot 40 grader.

Warholm bekreftar at tiltaket hadde ein effekt, ut over å sjå veldig spesielt ut.

– Det var heilt nydeleg. Det var landslagslegen Ove som drog dei fram. Dei som fekk følgt oppvarminga i dag, såg at vi hadde ganske gode rutinar. Vi fekk kjølt godt, seier Warholm.

Det gav også resultat på banen. Han tok seg oppskriftsmessig vidare til finalen, og farten fram til 300 meter bar bod om at store ting kan vere i vente i finalen fredag.

Der er det meldt om litt mildare vêr, så spørst det om «boksehanskane» likevel dregst fram.

Publisert 19.09.2025, kl. 05.48

Read Entire Article