IS-tiltalt om tida i interneringsleir: – «Snitches get stiches»

1 month ago 17



Påtalemakta meiner at den eldste av dei to søstrene hadde ein rolle i Al Hol-leiren i Syria etter at dei blei internerte der.

Påtalemakta hevdar at ho skal ha handtert «hendingar og reaksjonar» mot personar som blei sett på som motstandarar av IS eller deira ideologi.

– I tiltalen står det at eg har vore med å kontrollere folk som har vore med i IS, og at eg har gjort ting for å true dei eller vere aggressiv mot dei. Men det har ingenting med IS å gjere.

Søstera fortalde om ei tid prega av svolt og dårlege kår for søstrene og borna deira.

«Snitches get stiches»

Det var i mars 2019 at søstrene overgav seg til kurdiske sjølvstyresmakter. Dette var for å redde borna, fortel den eldste.

I lyserosa hijab fortel 30-åringen om korleis dette ikkje var for å overgi seg, men for å flykte frå IS.

Ektemannen hadde nyleg døydd, og ho hadde tatt hand om fem norske born som hadde mista foreldra sine.

– Dette var eit vendepunktet for meg. Det var då eg innsåg at det verste for mine born var om eg døydde.

Søstrene med hansker

NRK møtte dei to søstrene i Syria i 2021. Då hadde dei vore åtte år i Syria og ville heim til Noreg.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Ho fortel at det var då ho innsåg at ho måtte kom seg ut av det som var igjen av IS-territoriet.

Dei blei først sendt til interneringsleiren Al Hoj. Sjølv om leirane var kontrollert av kurdiske sjølvstyresmakter, hadde IS kontroll, hevdar ho.

Forholda i desse leirane var uthaldelege.

– Det var ein fangeleir. Vi kunne ikkje gjere som vi ville. Det var fengselsmentalitet.

Konfliktnivået mellom kvinnene i leiren var høgt. Grupperingane delte seg inn etter nasjonar, fortel ho.

Mottakssenteret til al-Hol, Syria

Eit av mottakssentera til al-Hol-leiren i Syria.

Foto: Christine Svendsen / NRK

– Russarane var den største, farlegaste, og mektigaste gjengen.

Dei måtte spele med IS sine spelereglar, fortel ho. Den somaliske grupperinga hadde ressursar og var høglydte.

– Vi hadde pengar. Vi hadde posisjon. Det måtte vi spele på.

Ho fortel at det var kvinner i leiren som spionerte for kurdiske sjølvstyresmakter, og at desse kunne møte motstand frå dei andre grupperingane.

– «Snitches get stitches». Det hadde ingenting med islam å gjere. Det hadde ingenting med IS-motstand å gjere.

Ho seier at situasjonen var desperat og at mange kvinner gjorde det dei måtte for å overleve der.

Rettssak to søstre

Det er elleve år sidan dei to søstrene reiste frå Noreg.

Foto: Ane Hem / NTB

NRK har tidlegare skrive om at dei kurdiske sjølvstyresmaktene har hevda at søstrene opererte som eit slags moralpoliti i leirane dei var internerte i.

I si forklaring til retten fortalde den eldste søstera at ho meiner at sjølvstyresmaktene ville straffe henne for å ha vore i Syria.

– Eg har ikkje oppmuntra til å skade andre.

Geir Lippestad, den eldste kvinna sin forsvarar, presiserer at ho ikkje var med på sanksjonere personar i al-Hol-leiren.

Bærum

Geir Lippestad er den eldste kvinna sin forsvarar.

Foto: Hedda Regine Torillsdotter Kurseth / NRK

– Det som var vanskeleg var at ein ikkje visste kven som var kven, og at ein ikkje kunne stole på dei ein snakka med, seier Lippestad.

Dreiv transaksjonsverksemd i leirane

Påtalemakta meiner at den eldste søstera skal ha samhandla med fleire personar knytt til terrororganisasjonen IS i leirane.

Det skal vere snakk om økonomiske transaksjonar, propaganda og planlegging av flukt frå leiren til eit IS-kvinnehus.

Ho fortel til retten at ho måtte finne måtar å livnære seg på. Ho selde mat og iskaffi til folk.

Interneringsleiren al-Hol i Syria

Bilde frå interneringsleiren al-Hol i Syria.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Etter kvart kom ho i kontakt med ei kvinne som visste korleis ho skulle føre pengar inn i leiren. Søstera byrja med det same. Ho kjente mange av dei vestlege, og hadde mange «kundar», fortel ho.

– Eg fekk eit stort kontaktnettverk, også fordi eg prøvde å komme meg til Idlib.

Ho fortel at ho planla å reise ut av leiren til provinsen Idlib. Der kunne ho tene meir pengar og planlegge flukta til Noreg, hevdar ho.

Ho fekk tilbod frå ei venninne om å reise til eit IS-hus i provinsen. Det takka ho ja til, fortel ho.

– Eg fekk kontaktar som hadde tilhøyrsel i IS. Dei hadde eg berre kontakt med fordi det var mi interesse. Eg hadde ikkje kontakt med dei for å støtte IS, eller fordi eg ønska å reise tilbake til dei.

Dei fekk inn pengar frå det somaliske miljøet og frå andre som ville støtte dei. Desse gjekk til drifta av leiren, fortel ho.

– Dei blei brukt på å hjelpe desse kvinnene og borna. Eg diskriminerte ikkje. Det spelte ingen rolle om det var IS eller ikkje.

Dette var eit «full circle moment», fortel ho til retten. Ho starta ein barnehage og lærte born å lese og skrive.

– Eg reiste til Syria for å hjelpe folk i flyktningleirar. Etter ei lang reise, klarte eg det, seier ho.

Gifta seg med ein framandkrigar

Statsadvokat Marit Formo seier at forklaringa til den eldste søstera stemmer mykje med grunnlaget for tiltalen deira.

– Så er vi ikkje heilt einige i aktivitetane ho gjorde seg, og bakgrunnen for aktivitetane. Ho hevda jo at dette ikkje hadde noko med IS å gjere, men der er vi ueinige, seier aktor.

Bærum

Statsadvokat Marit Formo fører saka mot dei to søstrene.

Foto: Hedda Kurseth / NRK

Søstrene frå Bærum er tiltalt for å ha deltatt i terrororganisasjonen IS. I tiltalen står dette:

  • Dei har begge gifta seg med ein framandkrigar
  • Den yngste søstera skal ha førebudd seg til å starta ein militær treningsleir for IS-kvinner.
  • Ho skal ha sverja truskap til IS og deltatt på shariakurs.
  • Begge søstrene skal ha forsøkt å få andre norske kvinner til å knytte seg til IS.
  • Den eldste søstera skal ha deltatt på shariakurs, koranskule, og språkopplæring i IS, samt undervist i engelsk.
  • Den eldste skal ha «handtert hendingar og reaksjonar» mot kvinner som blei sett på som fiendar av IS, eller som ikkje støtta IS sin ideologi.

Søstrene nektar straffskuld.

Publisert 17.10.2024, kl. 14.14 Oppdatert 17.10.2024, kl. 15.47

Read Entire Article