– Bombinga vil bli gjenteke med høgare intensitet og all infrastruktur i landet vil bli råka, sa sjefen for generalstaben, Mohammad Bagheri på statleg fjernsyn.
Trugselen kjem etter at den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har sagt at Iran skal betale for åtaket.
Åtaket frå Iran har vore kalla for eit «stort feilsteg» av Netanyahu.
Det var tysdag kveld at Iran skaut 180 missil inn i Israel, ifølge det israelske militæret (IDF).
Iran har sjølv bekrefta at dei skaut 200 rakettar, melder statleg iransk fjernsyn.
Presidenten i Iran, Masoud Pezeshkian kommenterte tysdag kveld angrepet i landet mot Israel.
– Dette er berre ein liten del av vår styrke. Ikkje hamn i ein konflikt med Iran, skreiv han på X.
– Iran ønskjer ikkje krig, men vil møte alle trugslar, skreiv han vidare.
Eide: – På randa av storkrig
Etter utviklinga i Midtausten dei siste dagane målar utanriksminister Espen Barth Eide eit mørkt bilete av situasjonen.
Tysdag uttala Eide til NRK at situasjonen var i ferd med å eskalere heilt ut av kontroll.
– Regionen står på randa av ein storkrig, som kan ende med å involverte fleire statar og skape ein endå større humanitær katastrofe.
Publisert 02.10.2024, kl. 05.24 Oppdatert 02.10.2024, kl. 05.54