– Bombinga vil bli gjenteke med høgare intensitet og all infrastruktur i landet vil bli råka, sa generalmajor Mohammad Bagheri på statleg TV.
Trugselen kjem etter at den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har sagt at Iran skal betale for åtaket, som han meiner var mislukka.
Det var tysdag kveld at Iran skaut 180 missil inn i Israel, ifølge det israelske militæret (IDF).
Iran har sjølv bekrefta at dei skaut 200 rakettar, melder statleg iransk fjernsyn.
Iran seier angrepet kom som eit svar på drapa på Ismail Haniyeh, Hassan Nasrallah og Abbas Nilforoushan. Dei var alle viktige leiarar i høvesvis Hamas, Hizbollah og Revolusjonsgarden.
Presidenten i Iran kommenterte tysdag kveld angrepet i landet mot Israel.
– Dette er berre delar av evna vår. Hamn ikkje i konfrontasjon med Iran, skreiv han på X.
– Iran ønskjer ikkje krig, men vil møte alle trugslar, skreiv han vidare.
Åtaket frå Iran har vore kalla for eit «stort feilsteg» av Netanyahu.
Eide: – På randa av storkrig
Etter utviklinga i Midtausten dei siste dagane målar utanriksminister Espen Barth Eide eit mørkt bilete av situasjonen.
Han seier til NRK at situasjonen er i ferd med å eskalere heilt ut av kontroll.
– Regionen står på randa av ein storkrig, som kan ende med å involverte fleire statar og skape ein endå større humanitær katastrofe.
Publisert 02.10.2024, kl. 05.24