Iran-kjennar om angrepet: – Ein kjempetabbe

4 days ago 3



Irans forsvarssjef trugar med å ramme all infrastruktur i Israel dersom dei vel å svare, melder nyheitsbyrået AFP.

– Bombinga vil bli gjenteke med høgare intensitet og all infrastruktur i landet vil bli råka, sa sjefen for generalstaben, Mohammad Bagheri, på statleg fjernsyn.

Mohammad Hossein Bagheri

Sjefen for generalstaben i Irans væpna styrkar, Mohammad Hossein Bagheri, trugar Israel. Her under ein militærparade til minne om årsdagen for starten på Irak-Iran-krigen i 1980–88.

Foto: Vahid Salemi / AP

Trugselen kjem etter at Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu kalla angrepet for eit «stort feilsteg» som Iran skal betale for.

Statsminister Jonas Gahr Støre ber partane om å unngå militære svar.

– Mange teikn syner at vi er i ein storkrig. Når Iran og Israel, land som ikkje grensar til kvarandre, er i væpna konflikt, er det ein alvorleg krigstilstand, sa statsministeren til NTB under eit pressetreff på Rikshospitalet onsdag.

Videoane skal vise skadar på ein restaurant og ein butikk i Tel Aviv etter at Iran skaut 200 missil mot byen.

Valdsspiralen held fram

– Iranarar er ikkje blide og deler ikkje oppfatninga til det iranske regimet. Mesteparten av dei er sterkt imot det som no skjer og er svært bekymra.

Det seier Sharam Alghasi frå Iran. Han kjenner landet, regimet og den politiske situasjonen godt.

Professoren i mediesosiologi ved Høgskulen Kristiania meiner det var ein tabbe av Iran å angripe Israel.

– Då held valdsspiralen fram og situasjonen blir forverra. For Iran, Israel, Libanon og palestinarane. Det er ein kjempetabbe og ideologisk krigføring frå Iran si side, seier Alghasi.

Eit øydelagt skulebygg i Israel etter at Iran skaut rakettar mot landet.

Eit skulebygg med store skadar etter at eit prosjektil eksploderte ved nedslag i den sørlege byen Gedera i Israel den 1. oktober i år, etter at Iran fyrte av 200 missil mot Israel tysdag kveld.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

Professoren peikar på at Iran kjente seg forplikta til å føreta seg noko etter drapet på Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah, men meiner det var usemje innad i regimet når det kom til korleis landet skulle agere.

– Embete i Iran har i utgangspunktet lite innflytelse på slike politiske slutningar som å gå til angrep på eit anna land. Samstundes har vi sett eit veldig sterkt antiisraelsk sentiment i det iranske regimet over lang tid, seier han.

Iran-kjennaren meiner situasjonen Midtausten no står i, er eit resultat av radikalisering frå både Iran, Israel og USA.

Fryktar destabilisering

Dag Tuastad, fyrstelektor i Midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo, omtalar Iran sitt åtak på Israel som kortvarig og utan store tap.

– Desse iranske åtaka har ikkje verka avskrekkande på Israel. Samstundes har dei svekka Hizbollah og deira mogelegheit til å angripe Israel, seier han.

Tuastad fryktar no ein destabilisering i regionen.

Dag Tuastad

Dag Tuastad, fyrstelektor i Midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo.

Foto: Alf Simensen / NRK

– Det er ein risiko for at Israel vil gå for deira sluttpunkt, nemleg Iran som sponsar deira fiendar i regionen.

Ifølgje Tuastad har israelsk etterretning lenge ført ein hemmeleg krig mot Iran, med fokus på å stanse atomvåpenprosjektet deira.

– No ser Israel ein sjanse til å angripe desse anlegga som anriker uran militært. Dei har til og med kanskje USA med på laget.

Angreip Israel med 200 rakettar

Det var tysdag kveld at Iran skaut 180 missil inn i Israel, ifølge det israelske militæret (IDF).

Iran har sjølv bekrefta at dei skaut 200 rakettar, melder statleg iransk fjernsyn.

Landet er alliert med Hamas og Hizbollah, og har vore skulda for å bruke dei til ein stadfortrederkrig.

Presidenten i Iran, Masoud Pezeshkian, kommenterte tysdag kveld angrepet mot Israel.

– Dette er berre ein liten del av vår styrke. Ikkje hamn i ein konflikt med Iran, skreiv han på X.

– Iran ønskjer ikkje krig, men vil møte alle trugslar, skreiv han vidare.

Ein far og to born som søkjer tilflukt frå rakketåtaka frå iran.

Foto: Ronen Zvulun / Reuters

Kva vil USA gjere?

Utanriksminister Espen Barth Eide gjesta Nyheitsmorgon i NRK onsdag. Der sa han at det er akkurat denne eskaleringa som ein har frykta i Midtausten.

Skal ein ut av dette, trengast det ei våpenkvile både i Libanon og i Gaza, som trass alt er urkonflikten.

Espen Barth Eide

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Alf Simensen / NRK

Den iranske utanriksministeren Abbas Araghchi skal ha sagt at Teheran har åtvara USA mot å bli involvert etter missilåtaket på Israel.

Det melder Reuters via det iranske nyheitsbyrået Tasmin.

Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage uttala tysdag at det er vanskeleg å spå vegen vidare etter åtaket tysdag.

– Eg trur at det vi lurer mest på i kveld, er kva vil USA gjere nå. USA er eigentleg litt lurt inn bakvegen i denne krigen av Israel.

Waage viser til at USA har snakka om våpenkvile og fredsforhandlingar det siste året.

– Så ser vi at idet Israel går laus på Hizbollah, og Hizbollah går laus på Israel, så seier USA at dei no kjem Israel til unnsetning. Det er veldig farleg når stormakta USA har blitt dratt inn i krigen, sa Waage.

forsker-1

Hilde Henriksen Waage er professor i historie ved Universitetet i Oslo og ved fredsforskingsinstituttet Prio.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Det var utanriksministeren òg inne på:

– Det er valkamp i USA, og dette spelar inn der. Netanyahu veit akkurat kva han gjer når han prøver å få dette tilbake til det som han ønskjer at det skal vere, altså ein konflikt med Iran, sa han.

Publisert 02.10.2024, kl. 05.24 Oppdatert 02.10.2024, kl. 12.35

Read Entire Article