Det har vore eit innbrot i ein av sendebussane til NRK i forbindelse med årets TV-aksjon.
Nokon har kome seg inn i ein av bussane, og det skal ha blitt oppdaga av ein vakt.
Otto Voldsund er prosjektleiar for TV-aksjonen for NRK og har ansvar for sendinga.
Han fortel at det er nokre datamaskiner og anna teknisk utstyr som er vekke.
– Det er jo sjølvsagt kjedeleg, men det kjem ikkje til å påverke sendinga, seier Voldsund.
Politiet er varsla om innbrotet, men rykte ikkje ut då det ikkje var spor å sikre. Stein Rune Halleraker i Vest politi fortel at dei ventar på at saka skal bli meldt, men at dei har fått informasjon om eit område utstyret kan vere på.