– Ingen sympati med leiinga

1 month ago 28



Streik i SAS:

GARDERMOEN (TV 2): Fredag gjekk 120 SAS-tilsette ut i streik, og det er varsla at streiken vil bli trappa opp. Passasjerar på Oslo lufthamn har sympati med dei tilsette, medan nokon har lite til overs for leiinga.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
PÅ VEG NORDOVER: Robin Lehn og Kristina Pedersen er på veg til Tromsø. – Akkurat i dag går det fint. Verre på heimreisa, trur eg. Ser ikkje ut som det blir ei løysing med det første, seier Lehn. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Publisert 23.08.2024 17:07

– Det er for dårleg.

Det seier Robin Lehn, som er på veg til Tromsø med Kristina Pedersen.

Reisa deira blir ikkje påverka av streiken, men dei har fått med seg at det kan bli kanselleringar i helga.

– Ein har tenkt at SAS er flyselskapet som tek best vare på dei tilsette, men no ser det ikkje ut til å stemme så godt. Viss dei tener under 30.000 i månaden, så synest eg det er rart at dei har teke ein utdanning for det i det heile tatt, seier Lehn.

Blei ikkje samde

Det blei ikkje semje i meklinga mellom NHO Luftfart på arbeidstakarsida, og fagforeiningane Fellesforbundet og Parat.

– SAS har ikkje vore villige til å møte oss på nokre av våre krav. Vi hadde derfor ikkje noko anna val enn å gå til streik, sa Martinus Røkkum, leiar for SAS Norge Kabinforening i Parat, fredag morgon.

Erik Lahnstein i NHO luftfart, som representerer SAS, seier selskapet har strekt seg langt både når det gjeld løn og arbeidstimar. 

– Men det var ikkje nok og vi har dessverre fått streik. Her har det vore reelle forhandlingar om løn og arbeidstid, seier Lahnstein.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
STREIK: To flygingar blei kansellert på grunn av streiken fredag formiddag. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

115 av Kabinansattes Forbunds medlemar blei tatt ut i første streikeuttak fredag. Parat har tatt ut fem medlemar i streik fredag, men dei vil trappe opp med til saman 40 medlemar i løpet av helga.

Seinare fredag varsla Fellesforbundet at alle medlemane deira i SAS blir tatt ut i streik frå onsdag av.

Fredag er det foreløpig berre to flygingar som er råka av streiken. Det var avgangen frå Oslo til Trondheim klokka 09.05 fredag, og returen frå Trondheim klokka 10.30.

– Vi gjer det vi kan for å booke om så mange passasjerar som mogleg til andre flygingar, sånn at folk kjem dit dei skal, seier pressesjef Øystein Andre Schmidt i SAS.

Føler med dei tilsette

– Har de sympati med SAS?

– Ikkje med leiinga, nei. Men med dei tilsette, ja. Eg meiner at leiinga har eit ansvar for å brødfø dei tilsette. Og viss dei, som dei seier, må stå i dokø for å ete lunsj, og ikkje får meir fri i helgane, så synest eg synd på dei, seier Lehn.

– Eg synest ikkje synd på dei som tener veldig, veldig mykje på dette selskapet. Det går bra med dei (SAS), men dei er litt grådige, kan det sjå ut som, avsluttar Lehn.

Også Jacob Rønningen, som reiser til Trondheim med SAS fredag, har medkjensle med dei tilsette.

– Eg har forståing for at dei kabintilsette gjer det dei gjer. Men det er leit at det rammar som det gjer og at dei ikkje kom til semje. Men det verkar som dei prøvar å få det til å gå opp så langt det lar seg gjere, seier Rønningen.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
SKAL FLY MED SAS: Jacob Rønningen er ein av mange som har løyst billett med SAS fredag. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Då han møtte TV 2, såg flyginga hans ut til å gå som normalt.

– Eg la meg i går og såg at dei ikkje var kome til semje, og tenkte «kva blir det til når eg vaknar». Og så var det ikkje noko semje. Så det er litt kjedeleg det, men så langt har eg ikkje sett noko til at flyet mitt er kansellert, seier Rønningen.

Didrik Brekke, Tobias Sørvik og Mathias Svendsen er på veg til Malaga. Dei bestilte reise med Norwegian, så dei er ikkje i fare for å bli råka av streiken.

Kompisane understrekar at dei berre har gode opplevingar med SAS frå tidlegare, men:

– Det er meir usikkert å velje SAS, så ein må kanskje tenke seg om to gongar før ein vel det neste gong. Norwegian er kanskje litt tryggare, seier Svendsen.

– Det er ein veldig vanskeleg situasjon for begge partar. Ein vil jo at dei tilsette skal ha gode vilkår, seier Sørvik.

– Eg har full forståing for at dei går ut i streik. Det er jo ikkje dugnad dei held på med heller, så eg forstår at dei går ut i streik, seier Brekke.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
TIL SPANIA: Didrik Brekke (f.v.), Tobias Sørvik og Mathias Svendsen er på veg til Malaga. Dei reiser med Norwegian, og er dermed ikkje i fare for å bli råka av streiken. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
Read Entire Article