Industrikommunen Kristiansand stiller seg på sidelinja

10 hours ago 2



Agder fylkeskommune vil utarbeide ein regional plan for grøn industri og energi. Planprogrammet er sendt på høyring til kommunane på Agder.

Vedtaket i formannskapet verkar lite gjennomtenkt og viser mangel på engasjement for industriutviklinga i regionen, meiner sivilingeniør og politikar Alf Holmelid. Foto: Tormod Flem Vegge / Fædrelandsvennen

Men industrikommunen Kristiansand stiller seg på sidelinja i dette arbeidet. Sist onsdag vedtok fleirtalet i formannskapet at kommunen er negativ til at det blir laga ein plan for grøn industri og energi. Dei vil heller ha ein strategi basert på nokre usamanhengande enkeltpunkt som var tenkt som innspel til den planen dei avviste. Dette verkar lite gjennomtenkt og viser mangel på engasjement for industriutviklinga i regionen.

Fleirtalet har kanskje blitt skremt av dei utfordringane som ein del batteriprodusentar har slitt med. Men det viser i så fall at dei tolkar grøn industri svært snevert. Vi bør kanskje snakke om grøn industriutvikling i staden for grøn industri. Grøn teknologiutvikling og grøn produktutvikling er etter kvart eit sentralt element i store deler av industrien. Nøkkelbedrifter som Elkem og Glencore inngår for eksempel i grøne verdikjedar med sine produkt, og dei utviklar nye og meir miljøvennlege prosessar. Begge er sentrale aktørar i det grøne skiftet.

Planprogrammet som formannskapet avviste, tar blant anna opp industrielt samarbeid for betre ressursutnytting. Gjennom forsking og teknologiutvikling kan avfall frå ei bedrift bli råstoff for ei anna bedrift. Dette er noko industrien i regionen er opptatt av. Eit anna sentralt område er gjenvinning av materiale for å sikre råstoff til industrien og unngå avfall. Kristiansand kommune burde vere interessert i å samhandle med næringslivet på slike område både av omsyn til verdiskaping og miljø.

Agder er ein teknologiregion med bedrifter som er verdsleiande innan offshoreteknologi. Det har lagt grunnlaget for å ta sterke marknadsposisjonar på område som offshore vind. Vi har også teknologibedrifter som satsar innan transport og lagring av elektrisk kraft, samt andre grøne verdikjedar. Det bør vere av interesse for Kristiansand kommune å samarbeide med næringslivet om gode rammevilkår for å ta posisjonar i dei internasjonale grøne marknadene. Teknologieksport kan skape arbeidsplassar og ha større effekt på det globale klimaet enn utslippskutt lokalt.

Det berande elementet i planprogrammet frå fylkeskommunen er industriutvikling og energiproduksjon med lite klimautslepp og minimale inngrep i natur. Eg oppfattar at fleirtalsvedtaket i formannskapet i Kristiansand markerer eit linjeskifte bort i frå ei slik grøn næringsutvikling.

Kva meiner Næringsforeningen i Kristiansandsregionen om dette linjeskiftet? Og kva meiner næringsklyngene Eyde og NODE?

Rekord­produk­sjon i fjor – går inn i nok et år med kutt

Read Entire Article