Ikkje kjøpt billett heim til jul? Her begynner det å haste

1 month ago 16



På nokre strekningar bør du snart kjøpe billett for å sikre deg plass heim til jul.

 Javad Parsa / NTB
HEIM TIL JUL: I dagane før jul er det mange som nyttar buss, båt, tog og fly for å komme seg heim til jul. Biletet er frå Oslo S nokre dagar før julaftan i 2022. Foto: Javad Parsa / NTB

Publisert 08.11.2024 17:04

Kvart år er tusenvis av nordmenn på reisefot i dagane før jul.

I 2023 venta Avinor minst 100.000 reisande til saman på dei seks største flyplassane i Norge på dei tre siste kvardagane før jul.

Men om skal til ein stad med færre avgangar eller lågare kapasitet, kan det vere du bør begynne å sjå på billettar om du ikkje har kjøpt allereie.

I ferd med å fylle seg opp nokre stader

SAS melder om at dei største reisedagane i jula i år blir 20., 21., 26. og 27. desember og 2. januar.

– Ingen rutestrekningar er heilt fulle enno, samtidig fyllast flya raskt opp – spesielt på ruter mellom Sør- og Nord-Norge. Til og frå Harstad/Narvik, Alta, Kirkenes og Longyearbyen begynner det faktisk å haste litt med å sikre seg plass. Longyearbyen og Tromsø skil seg vidare ut med høg etterspurnad sørover før jul og nordover etter jul, seier pressesjef Øystein Schmidt i SAS. 

 Truls Aagedal / TV 2
FLY: Titusenvis reiser med fly i juletida. Biletet er frå Oslo lufthavn i romjula i fjor. Foto: Truls Aagedal / TV 2

– For å møte det auka behovet den komande høgtida har vi i SAS auka innanriksavgangar med rundt 20 prosent, noko som svarar til 300 ekstra julefly. Vi anbefaler å bestille i god tid om ein skal reise i høgtida, legg Schmidt til.

Onsdag meldte Widerøe at mange av rutene deira er i ferd med å bli fylt opp i tida rundt juleferien.

Ruter mellom Bergen og Tromsø, Trondheim og Tromsø, Bodø og Trondheim, Tromsø og Trondheim og Trondheim og Evenes begynner å bli ganske fulle, opplyser kommunikasjonsrådgivar Satha Sritharan i Widerøe.

Det same gjeld utanlandsrutene frå München, Hamburg, Dublin og Brussel til Bergen, opplyser selskapet.

Norwegian har fått 17 prosent fleire bestillingar for jula så langt, samanlikna med same tid i fjor.

– Vi har mykje ledig framleis, men det begynner å bli noko fullt på avgangar som ligg nær opp til og rett etter julaftan, på både flygingane innanriks og til destinasjonar i utlandet, seier pressesjef Eline Hyggen Skari i Norwegian.

– Vi anbefaler dei som veit dei må reise på bestemte datoar med å ikkje vente for lenge med å bestille sin billett ettersom det er forventa at enkelte av dei mest travle avgangane blir utseld. Prisane avheng av tilbod og etterspurnad og dei rimelegaste billettane er ofte dei som seljast først, legg ho til.

 Gorm Kallestad / NTB
NORWEGIAN: Pressesjefen i Norwegian anbefaler å bestille i god om du veit at du må reise på ein bestemt dato. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Skari anbefaler særleg å bestille i god tid om du skal til Bodø, Tromsø og Evenes innanlands og Malaga, Alicante, Gdansk og Krakow utanlands.

– Vi har allereie sett opp og lagt ut billettar til ekstraflygingar på dei rutene vi forventar mykje trafikk. Dette er spesielt til Nord-Norge med Tromsø og Evenes, og til enkelte land i Aust-Europa og på Balkan som for eksempel til Budapest, Krakow, Beograd og Bucuresti.

Framleis mogleg å få plass på buss og tog

Nor-Way Bussekspress seier at strekningane deira med færrast avgangar har størst risiko for å bli utseld.

– Eg oppfordrar til å kjøpe heimreisa til jul i god tid. Det vil bli utseld i alle fall på ein del av våre avgangar, sjølv om vi forsøker å sette inn ekstra bussar. Dei billegaste billettane finn du fram i tid, seier administrerande direktør Merethe Bergstrøm Olsen.

Ho oppmodar kundane til å kjøpe billett i god tid før avreise for å sikre seg plass.

 Gunnar Ringen Johansen / TV 2
BUSS: Det vil bli utseld på fleire avgangar, opplyser administrerande direktør i Nor-Way Bussekspress. Biletet er frå 2020. Foto: Gunnar Ringen Johansen / TV 2

På toga som køyrer på Sørlandsbanen begynner det å fylle seg opp på avgangane som er tettast opp mot jul, opplyser pressevakt Simen Lockert Rohde i Go-Ahead.

– Erfaringsmessig seljast desse ut tidlegare enn andre avgangar, så det løner seg å vere ute i god tid dersom ein skal reise med Sørlandsbanen på dagane før julaftan, seier Lockert Rohde.

– Er ein ute i siste liten må ein vere litt fleksibel på både dato og tid på døgnet, legg han til.

– Tilnærma utseld

SJ Nord opna i opp for å billettbestilling 120 dagar før avgangane i juletida.

– Strekninga Dovrebanen helga 20-22. desember er svært populær, og fleire av avgangane er tilnærma utseld. Viss ein skal reise denne helga må ein vere litt fleksibel på avreisetidspunkt, seier kommunikasjonsdirektør Randi Ness i SJ Nord.

Ho anbefaler å vurdere å reise på vekedagane før den siste adventshelga om ein vil ha best mogleg pris og har anledning til det.

– Enkelte avgangar på Nordlands- og Rørosbanen begynner også å fylle seg opp, og generelt er vår anbefaling å vere tidleg ute med å bestille, for å sikre seg plass på toget, seier Ness.

Read Entire Article