«Ikkje heilt A4»

1 week ago 15



Som om det var om å gjere å sette to strekar under akkurat det, kjem den nye boka hennar ut i eit uvanleg kvadratisk format.

Uvanleg er også det rosa, akvarell­måla omslaget. Så schtøgt at det nesten blir trendy.

Heller ikkje nynorsken hennar er heilt A4.

Eg veit ikkje om dei seier avhengnad når dei er avhengige av noko på Stord, føde­staden til forfattaren. Men særleg vakkert er ordet ikkje. Også reint språkleg byr Furre på trassig motstand.

Men kva gjer vel det, når ordet dukkar opp i uventa samanhengar som dette:

Etter at det har butta litt innleiingsvis, finn romanen forma si. Det viser seg etter kvart at forma har fordelar.

Dei om lag 120 firkanta sidene med mykje blank marg eignar seg ypparleg til små kommentarar krota ned med blyant i margen. Og dei blir det, etter kvart som handlinga skrid fram, mange av.

Sorgsirkel

Boka handlar om ei tjuefem år gammal kvinne som er i sorg. Vesle­broren har døydd av kreft. Sjølv­biletet er det så som så med. Ho meiner bestemt at det er henne som burde gått bort:

Ho bur i eit forlate hus, som tidlegare romma eit student­kollektiv. Eit skikkeleg kråke­slott, kalla Technotika etter ei student­foreining som haldt til der før. Universitets­utdanninga er sett på pause.

Ho går på møter i ein sorg­sirkel, der ho møter andre pårørande som har det felles at dei har mista nokon altfor tidleg.

Heller ikkje døden er særleg A4 hos Heidi Furre. Spesielt ikkje når han kjem for tidleg. Eller kva skal ein seie til ein far som har mista sonen i skaldyr­forgifting?

Vi får vere med tilbake til dei siste månadene i brorens liv, som finn stad på palliativ avdeling, altså den sjukehus­avdelinga, der dei med verkeleg livstrugande kreft­sjukdommar blir plasserte.

Forfatter Heidi Furre

IKKJE HEILT A4: Forfattar Heidi Furre, født på Stord i 1986, gir ut boka si i kvadratisk format.

Foto: Julia Maria Naglestad

Smaklaus gelé

Og her tek det fullstendig av.

Den sørgjande søstera snakkar direkte til den daude broren om den siste tida dei fekk saman. «Technotika» er også ein sjukehus­roman. Den institusjonelle tristessen blir ikkje mindre av at nokon har forsøkt å pynte opp med batteridrivne stearinlys og ein vase med pampasgras.

Tragi­komikken oppstår når dødssjuke bestiller Foodora-mat for å sleppe unna «feittsausen» og den smaklause sitron­geleen.

Og her, men ikkje før byrjar det å demre kva det er Furre vil fram til. Det er ikkje noko vakkert, pent eller fint over kreft­sjukdom. Det er schtøgt.

Her er det som om romanen leitar etter meir presis omtale av det det eigentleg ikkje finst ord for. Rekneskapen går liksom ikkje heilt opp. Og er det eigentleg innafor å leve i eit samfunn, der gravferds­byrået meiner vi skal tinge kiste ved hjelp av ein QR-kode?

Men det finst også håp. Det kan kome til uttrykk i ein plutseleg klem frå ein overarbeidd sjuke­pleiar. Når det blir dans (swing) på puben med Allan frå sorg­sirkelen. Og dessutan står ein søt fyr bak disken på den lokale bensin­stasjonen.

Mens svulsten spreier seg som sølv­trådar i kroppen til broren, blir det klart at det ikkje står mykje betre til med verda utanfor sjuke­huset. Det heile finn stad i ein lett dystopisk setting. Der ute har verda berre nesten gått av hengslene.

Sivilisasjonskritikk

Det finst eit ulmande raseri her, over å arve ei verd som ser ut som ho gjer. Foreldre­generasjonen har kapitulert. Ikkje ein gong gravstein klarar dei å bli samde om.

I omtalen av dei skilte foreldra kjem bokas tristaste setning:

Marknads­økonomien som vi har vald å innrette oss etter, skal følgje oss heilt inn i døden. Det finst ein brodd her, mot eit kapitalistisk system som sel den beste kreft­medisinen til den som byr mest.

Heidi Furre debuterte i 2013 med «Parissyndromet». Det var den definitive flykte til Paris etter samlivsbrot-romanen. Sidan den gong er det kome fire romanar, der det ikkje er mangel på alvorlege tema.

Og svart humor:

«Eg tenkte allereie då at livet ikkje hadde dramaturgi», konstaterer vår heltinne, etter at ho har spontan­abortert i ein buss på veg til Auschwitz (!).

Slik kan det også seiast. Det er berre det at ingen andre ville kome på å seie det slik.

Heidi Furre er definitivt ikkje heilt A4.

Hei!

Jeg leser og anmelder litteratur i NRK. Les gjerne også anmeldelsen min av «Kairos» av Jenny Erpenbeck, «Detaljer» av Ia Genberg, eller Franz Kafkas «Prosessen» oversatt av Jon Fosse.

Publisert 10.11.2024, kl. 11.40

Read Entire Article