IA-forhandlingane held fram neste veke

2 hours ago 2



Forhandlingane om ein ny IA-avtale held fram onsdag neste veke, stadfestar arbeidsminister Tonje Brenna (Ap).

Det skjer etter at LO og NHO, saman med dei andre sentrale partane i arbeidslivet, har hatt krisemøter i to dagar på Brenna sitt kontor.

IA står for inkluderande arbeidsliv, og IA-avtalen har som mål å få ned sjukefråværet og redusere fråfall frå arbeidslivet. Dagens avtale,som kom i stand i 2018 og vart forlenga under pandemien, går ut ved nyttår.

I 23 år har partane blitt samde om ein avtale, med skiftande regjeringar. Men i haust har forhandlingane vore svært tøffe.

Eit aukande sjukefråvær gjennom sommaren og hausten har utløyst ein heftig diskusjon om det er naudsynt å gjere noko med sjukelønnsordninga.

LO har vore fast bestemte på at sjukelønnsordninga skal fredast i fire nye år. Det vil ikkje NHO gå med på.

Read Entire Article