I kveld kan du oppleva årets første supermåne – send oss dine månebilde

1 month ago 27



Søndag kveld kan du sjå årets første supermåne.

Ein supermåne oppstår når det er fullmåne samtidig som månen er sitt næraste punkt til jordkloden.

19 18. august.

Supermånen over Vallhall Arena i Oslo. Bildet er tatt klokka 22:19 18. august.

Foto: Ole-Wilhelm Norseng

Supermånen som inntreff i kveld er ein av fire supermånar me får oppleva i haust. Første måne inntreff allereie søndag kveld og vil vera å sjå ut tysdag, skriv NTB.

Supermåne over Oslofjorden sett frå Holmenskjæret i Asker.

Supermåne over Oslofjorden sett frå Holmenskjæret i Asker.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Måndag er det tid for fullmåne og då kan me venta at månen er på sitt finaste.

– Folk må halda seg vakne, oppmodar fagsjef Pål Brekke ved Norsk romsenter til NTB.

Supermåne bak Radisson Blu hotell i Oslo.

Supermåne bak Radisson Blu hotell i Oslo.

Foto: Heiko Junge / NTB

Er du ute i skogen? Eller kan du sjå månen frå balkongen din? Me vil gjerne sjå månebilde frå der du er.

Under her kan du senda inn bilde og video. Hugs å skriva kor og når bildet er tatt.

Publisert 18.08.2024, kl. 23.00 Oppdatert 18.08.2024, kl. 23.23

Read Entire Article