DEBATT: Aftenbladet har skrive om hytteeigarar sin motstand mot det planlagde kveiteanlegget i Fisterfjorden. Men me er også fastbuande som kjempar for å bevare eit område, som me har brukt i generasjonar, mot nedbygging og forureining.
Ingjerd Sigmundstad Nicolaysen
Fister
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Anlegget er rundt 440 x 220 meter. Landområdet innanfor er det tettast bebygde området på austsida av Fisterfjorden og eit av dei mest tettbygde områda i Hjelmeland kommune. Her ligg både hus, hytter og næringseigedomar. Avstanden frå anlegget til land er rundt 250 meter.
Støy og forureining
Anlegget er berekna til å sleppe ut 585 tonn spillfôr og fiskeavføring årleg, det vil forårsake støy og ta opp eit stort areal. Området der kveiteanlegget er søkt plassert er i aktiv bruk i dag. Det er ei rekke båtplassar, naust, moloar og kaianlegg og mykje trafikk med småbåtar, spesielt om sommaren. Området er elles mykje nytta til fritidsfiske og andre fritidsaktivitetar, både av oss som bur i området og andre. Strandsona er tilgjengeleg, og det er fleire badeplassar i området.
Det planlagde anlegget er i strid med den eksisterande bruken av området. Det vil vere veldig synd dersom dette området vert bandlagt av eit fiskeoppdrett. Me vil påstå at det vil vere synd for Hjelmeland kommune, og for alle som nyt friluftslivet, både små og store.
Kva tyngde skal det ha at området der tiltaket vert søkt plassert er klassifisert som «Meget vakre landskap / Landscapes of national/international interest?» Ein svært liten del av sjøarealet i Rogaland har denne klassifiseringa. Førebels er det ingen som har vurdert dette spørsmålet.
Kva betydning skal det ha at Miljødirektoratet har kartlagt området der tiltaket vert søkt plassert til «Svært viktig friluftsområde», som er høgste rangering? Det er berre ein svært liten del av sjøområda i Rogaland som har ein kartlagt friluftsverdi, og ein endå mindre del som har høgste rangering. Ifølgje Norges klima- og miljømål skal viktige friluftsområde bevarast og tilretteleggjast. Førebels er det ingen som har vurdert dette spørsmålet.
Mangelfull konsekvensutgreiing
Området har kome inn i kommuneplanen basert på ei urett og mangelfull konsekvensutgreiing. Det er høgst uklart kva som var grunnlaget for at dåverande fylkesmann i Rogaland, same dag som vedtaket av kommuneplanen, trekte si opphavlege innseiing knytt til området. Alternative lokasjonar blei ikkje vurderte sjølv om dette er eit krav, og det finst alternative plasseringar som i mindre grad er i konflikt med andre interesser.
Området blei flytta og utvida i løpet av planprosessen utan å bli sendt på ny høyring. Kva for minimumskrav kan ein forvente at vert følgd i kommunal saksbehandling, og på kva for eit stadium i ei sak som råkar mange så negativt, skal det liggje føre ei konsekvensutgreiing som oppfyller krav i forskrift? Påverknad på folkehelsa av betydelege utslepp og støy er for eksempel fråverande så langt i saka.
Tilgrensande område er regulert til friluftsområde i sjø, og det heiter at området skal «nyttast til og aktivt tilretteleggjast for rekreasjon/opphald/leik/bading, og er felles for alle hytteeigarar i felta og for allmenta». Er det aktiv tilrettelegging å legge eit oppdrettsanlegg tett opp til et område som kort tid tidlegare er regulert til friluftsområde i sjø? Det er ingen spor av at det er vurdert før området fekk si noverande utstrekning og plassering.
Hyttefolk og fastbuande står saman
Me har heldigvis også med oss mange hyttefolk i kampen. Dette hadde me ikkje klart åleine. Alle råka må stå saman dersom me skal klare å opplyse saka tilstrekkeleg til at det kan takast avgjerder på eit rett og oppdatert kunnskapsgrunnlag.
Frå starten har me fått høyre at me kjempar i motbakke når området alt er lagt inn i kommuneplanen. Så langt ser dessverre dette ut til å stemme, og det er svært uheldig at eit område for akvakultur kan kome inn i ein kommuneplan på eit så svakt grunnlag som i denne saka. Me vil våge å påstå at det er ein del mål, planar og retningsliner som kan finne vegen til søppelet, eller må kraftig reviderast, dersom dette anlegget vert tillate.
Me set no vår lit til at Rogaland fylkeskommune gir saka ei grundig behandling, og vurderer fakta i saka opp mot vilkåra i akvakulturlova, deriblant formar ut vedtak som viser kva fakta som ligg til grunn og kva avvegingar som er gjort. Vi er glade for at også Hjelmeland kommune skreiv i brev til fylkeskommunen at «kommunen føreset at fylkeskommunen ser til at søknaden blir behandla på grunnlag av gode, fagkyndige utgreiingar og breitt kunnskapsgrunnlag … og eit anna lovverk enn plan- og bygningslova.» Det gjer me også.
Publisert:
Publisert: 17. september 2025 15:28