Hundre­vis skadde og fleire drepne etter nye eks­plosjonar i Libanon

2 weeks ago 10



Vitne melder om nye eksplosjonar i kommunikasjonsutstyr i Libanon.

Fleire hundre menneske skal vere skadde og minst tre personar drepne, opplyser kjelder til Reuters.

Handhaldne radioar – populært kalla «walkie talkie»b rukte av dem væpna gruppa Hizbollah detonerte seint onsdag ettermiddag.

Dette skjedde i den sørlege delen av Libanon og i dei sørlege forstadene til hovudstaden Beirut.

Det opplyser ei sikkerheitskjelde og eit vitne til Reuters.

Gravferd Libanon

Fire Hizbollah-medlemer blei gravlagde onsdag. Samstundes skal det ha skjedd nye eksplosjonar.

Foto: Bilal Hussein / AP

Minst éin av eksplosjonane fann stad nær ei gravferd.

Denne var organisert av Iran-støtta Hizbollah for dei drepne dagen før da tusenvis av personsøkarar som blei brukte av gruppa eksploderte over heile landet.

Det skal ha vore fleire eksplosjonar fleire stader samtidig i Libanon onsdag ettermiddag.

Fleire hundre personsøkarar tilhøyrande Hizbollah-medlemer eksploderte tysdag.

Minst 11 personar døydde og fleire tusen blei skadde.

Publisert 18.09.2024, kl. 16.34 Oppdatert 18.09.2024, kl. 16.59

Read Entire Article