Hotellfrukost

6 hours ago 2



Hotellfrukosten har tradisjonelt vore ein sjølvsagt del av eit hotellopphald, men det kan det bli slutt på no.

I staden for blir det ein ekstrasørvis ekskludert frå overnattingsprisen.

Ved bestilling kostar ein frukostbuffét på Scandic om lag 150 kr per person. Om du vil legge den til seinare kan det bli dyrare.

en tallerken med mat

For mange er hotellfrukost eit høgdepunkt når ein bur på hotell. Andre vel det gjerne vekk.

Foto: NTB

Saka var omtala i svenske SVT først.

Scandic i Sverige seier til SVT at etter ei prøveordning av dette tidlegare i år fekk dei positiv tilbakemelding. Dei har difor valt å rulle ut frukost som ekstrasørvis gjennom heile kjeda i løpet av året.

Svenske tendensar i Noreg

No gjer dei det same i Noreg. Det seier kommunikasjonssjef Lars Anders Bolsø Vestad i Scandic Noreg.

Portrett av Lars Vestad i dress

Lars Anders Bolsø Vestad

Foto: Scandic Hotels Group

– Gjestane kan legge til standardbufféen før eller etter dei kjem til hotellet, seier han til NRK.

Han legg til at gjestar då kan ta med seg ein enklare og rimelegare frukost frå butikken eller utelate frukost heilt mot ein lågare pris på overnattinga.

Norske hotellkjeder kan henge seg på

Strawberry-hotella tek ikkje betalt for frukost separat. Det opplyser senior kommunikasjonsrådgivar Geir Økland i Strawberry.

– Per no har vi ingen planar om å byrje å ta betalt for frukost. Den står veldig sterkt i dei nordiske landa. Ekstremt sterkt – sterkare enn i alle andre land, seier Økland.

hotell

Scandic skal selje hotellfrukosten separat frå hotellovernatting, men førebels følger ingen andre hotellkjeder etter.

Foto: Tore Ellingseter

Han legg til at dei einaste to unntaka er kjeda Comfort Express, der det allereie i dag ikkje er frukost inkludert, men ein kan kjøpe matpakke i resepsjonen, og nokre luksushotell utanfor kjeda.

Men hotellkjeda Thon kan vere open for å endre praksisen dei har i dag.

– No er frukosten inkludert, men å sjå på andre løysingar er sjølvsagt mogleg, seier konserndirektør Morten Thorvaldsen i Thon Hotels.

– Set pris på frukost

Erik Lee Myklebust er hotellansvarleg for CBRE Norway. Han trur framleis at nordmenn kjem til å nytte seg av tilbodet om frukostbuffé, sjølv om ein må betale den separat.

Eirik Lee Myklebust i CBRE Norway i dress

Eirik Lee Myklebust er hotellansvarleg i CBRE Norway.

Foto: CBRE

– Mange innanlandske reisande setter stor pris på frukost, så eg trur mange kjem til å halde fram med å nytte seg av frukosttilbodet, seier Myklebust.

Han poengterer at kvaliteten på hotellfrukostar i Noreg er også veldig høg og at nordmenn er villeg til å betale for kvalitet.

Han seier seg einig i det Scandic sjølv gjere med at det gjev gjestane eit val. Dei kan skreddarsy hotellopplevinga si.

Særleg i byane kan det bli eit alternativ å nytte seg av lokale kaféar og bakeri i staden for hotellfrukosten.

Publisert 08.07.2025, kl. 21.41 Oppdatert 08.07.2025, kl. 21.51

Read Entire Article