Høgre vil gjera røyk om til vin

7 hours ago 3



VÆRNES (TV 2): Høgre vil slenga på to vinflasker på kvoten for å lokka veljarar. Frp seier «velkomen etter», og KrF syns det er ein dårleg ide.

 Frank Lervik / TV 2
INGEN TOBAKK, TAKK!: Desse to vinflaskene kan du få med viss du ikkje vil ha tobakk på Taxfree. Foto: Frank Lervik / TV 2

Publisert 28.07.2025 06:11

Dundrande underskot frå Avinor og det dei meiner er eit firkanta regelverk, gjer at Høgre vil auka taxfree-kvoten. 

No vil dei at ein skal kunne kjøpa seks flasker vin på taxfree, mot fire som i dag. 

Dette vil dei gjera ved å opna for å veksla inn tobakkskvoten i alkohol.

– Sånn var det før, og sånn bør det bli igjen, seier Henrik Kierulf, som er andrekandidat til Stortinget for Høgre i Sør-Trøndelag. 

Eit reversingsforslag frå Høgre, der altså.

Dagens tax free-kvote

Viss du berre kjøper ein av delane, kan du kjøpa:

Brennevin/sprit/likør over 22 % og til og med 60%: 1 liter

Vin og liknande over 2,5 % til og med 22%: 3 liter

Øl (også sterkøl): 5 liter

Rusbrus over 2,5 % til 4,7%: 5 liter

Sigarettar eller annan tobakk: 100 sigarettar eller 125 gram annan tobakk

Kjelde: toll.no

Ei flaske vin i ny og ne

– Dette er eit viktig grep for å styrka finansieringa av norske flyplassar og flyruter, held Kierulf fram. 

På Trondheim lufthamn Værnes spaserer han rundt i avdelinga og viser fram alle slags måtar ein kan dela opp kvoten på.

Fire flasker vin og seks øl? Jepp.

Ei flaske brennevin, to flasker vin og seks øl? Absolutt.

Femten øl? Jodå.

Kierulf og Høgre meiner at her bør ein kunne byta inn tobakkskvoten mot meir alkohol. 

VIN(N) VIN(N)-SITUASJON?: Slik kan handlekorga di sjå ut viss Høgre reverserer taxfree-ordninga Foto: Frank Lervik / TV 2
VIN(N) VIN(N)-SITUASJON?: Slik kan handlekorga di sjå ut viss Høgre reverserer taxfree-ordninga Foto: Frank Lervik / TV 2

– Er dette valflesk? 

– Nei, på ingen måte. Det å sørga for at me har flyplassar og flyruter over heile landet for reisande over heile landet er kjempeviktig, seier Kierulf. 

Han meiner fly er eit viktig framkomstmiddel for så mange, at Avinor, som driftar norske flyplassar, ikkje kan gå så i underskot som dei gjorde i 2024.

Selskapet gjekk nemleg 1,7 milliardar kroner i minus i fjor. 

– Taxfree-sal og inntektene knytt til det, er ein del av finansieringsgrunnlaget som sikrar gode flytilbod. I tillegg så må det leggast til at grensehandelen aukar. 

KrF: – Ein dårleg ide

Ein av dei som ikkje er like positive til forslaget, er, kanskje ikkje overraskande, Kristeleg Folkeparti. 

– Det er ein dårleg ide. Taxfree-ordninga fungerer godt som den er. I tillegg veit me at auka tilgang fører til auka forbruk, seier Ida Lindtveit Røse, som er 1. nestleiar i KrF. 

VATN OM TIL VIN?: Ida Lindtveit Røse syns ikkje ideen om to ekstra vinflasker er ein god ein. Foto: Torjus Sagenes / TV 2
VATN OM TIL VIN?: Ida Lindtveit Røse syns ikkje ideen om to ekstra vinflasker er ein god ein. Foto: Torjus Sagenes / TV 2

Å bruke Avinor sitt milliardunderskot som argument for å auka kvoten, blir feil, meiner Røse. 

– Det er andre måtar å finansiera småflyplassar på. Det er ikkje alkoholkonsum som skal finansiera Avinor.

Frp: – Velkomen etter

Hans Andreas Limi er 1. nestleiar i Framstegspartiet. Han ynskjer forslaget velkomen. 

– Det er hyggeleg at Høgre er einige med Framstegspartiet. Me har lagt fram dette forslaget kvart år sidan Arbeidarpartiet og Senterpartiet fjerna moglegheita til å veksla tobakkskvoten mot to flasker vin. Då ynskjer eg Høgre velkomen etter, seier Limi. 

 Gorm Røseth / TV 2
JA TAKK: Hans Andreas Limi syns forslaget er bra, all den tid Frp har føreslått det før. Foto: Gorm Røseth / TV 2

Han meiner det noverande regelverket har ført til at Avinor har gått glipp av millioninntekter, som dei må tena inn på dyrare flybillettar. 

– Er det riktig å gje skattefritak til dei som allereie har råd til å fly i utgangspunktet?

– Me tenker det er fornuftig at ein har moglegheita til å handla skattefritt når ein er ute og reiser. Og det gjeld spesielt dei som ikkje reiser så ofte. 

Dei reisande er positive

Blant dei reisande sit mellom anna Sigurd Løvstad. Iført blomstrete skjorte skal han straks til Kreta. Han ynskjer forslaget velkomen. 

– Kvifor ikkje? Viss eg ikkje røyker, kan eg ta med meg to flasker vin? Det er jo fantastisk, seier Løvstad. 

Også Espen Refseth er innom taxfree-butikken før han reiser utanlands. Han likte betre når ein kunne byta ut tobakken som før. 

– Det er greit at me kan bestemma sjølv, tenker eg.

Read Entire Article