DEBATT: Høgre sin skule er gammaldags. Framtidas skule må ha færre timar, fleire lærarar og meir aktivitet.
Ingrid Fiskaa
Stortingsrepresentant for Rogaland (SV)
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Margret Hagerup (H) er utstudert utydeleg om kva Høgre eigentleg vil gjera med skulen. I innlegget 28. juli vil ho først ha ein teoritime til, men så kanskje ikkje likevel. Høgre har pressa på for å utvida timetalet i grunnskulen med så mykje som to år. Det har gitt meir passiv stillesitting for ungane våre, og er ei spektakulær sløsing med ressursar når me ser at læringsresultata ikkje har gått opp. Hagerup argumenterer først for endå meir av det same, men avrundar innlegget med å villa «se på» den totale tida elevane går på skulen.
Verdsmeistrar i detaljstyring
Hagerup gir samtidig inntrykk av at lærarane skal få påverka utviklinga av skulen. Eller «vera med i diskusjonen» som det heiter på hagerupsk. Erfaringane med Høgre sin skule er dessverre det stikk motsette: Høgre er verdsmeistrar i å laga detaljerte styringsmål for skulen. Då dei styrte skulane i Oslo sist, drukna dei lærarar og elevar med 273 ulike mål for læringa. Med slik detaljstyring er det null rom for læraren sitt profesjonelle skjønn og moglegheit til å tilpassa opplæringa til elevane. Ikkje berre det: I Høgre-skulen skulle alle tenka likt, og mange lærarar fortalde om ein lammande fryktkultur. No seier det sittande Høgre/Venstre-byrådet at dei vil gjeninnføra dette regimet.
Færre timar, fleire lærarar
SV vil ikkje ha Høgre sin gammaldagse skule, som har vist seg å ikkje fungera. I framtidas skule vil me ha færre timar og mindre teori, og heller satsa på fleire lærarar som kan følgja opp elevane. Særleg dei yngste elevane treng meir læring gjennom leik og aktivitet. Lærarane må få større rom til å gjera sine eigne vurderingar om kva som er best for elevane sine. Då må tillit erstatta detaljstyringa som det framleis er for mykje av i norsk skule. Det veit me også er det lærarane ønskjer seg.
Publisert:
Publisert: 30. juli 2025 12:36