Her prøver de å få barn igjen. Det har de gjort i elleve år.

1 month ago 35



Det berre må gå denne gongen, tenkte Torill.

Ho venta på at telefonen skulle ringe. Førebudde seg på at det kom til å gå gale igjen, men håpa ho tok feil.

For to veker sidan vart eit befrukta egg frå ei anna kvinne sett inn i livmora hennar.

No gjorde det vondt nedst i magen. Kunne det vere eit teikn?

Torill noterte i dagboka.


1. april 2022

Spørst om eg i det heile tatt vågar å ta telefonen når legen ringer. Dette er for nervepirrande.

Torill og Henning Tafjord gifta seg i 2012. Planen var å stifte familie. Dei ynskja seg tre born.

Begge hadde fast lærarjobb. Dei hadde kjøpt si første leilegheit i Volda, der dei møttest første gong som studentar under fadderveka.

Alt var klart for å bli ein familie.

På første date plukka Henning Torill opp i ein grøn Corolla. Torill nekta å bli påspandert kaffi, minnast Henning. Foto: Privat

Men etter å ha forsøkt å bli gravide i eitt år, gjekk Torill til lege. Ho fekk påvist endometriose.

Dei fortsette å prøve å bli gravide, slik dei vart råda til.

Men ingenting skjedde.

Etter nokre år kom dei i gang med prøverørsforsøk på St. Olavs hospital.

– Eg hadde inga aning om at det kom til å bli vanskeleg å bli gravid, seier Torill.

Kring dei stifta søsken og vener familie.

Etter kvart hagla det inn med spørsmål til det unge, gifte paret.

«Har du ungar? Kvifor ikkje det då», kunne barna spørje på skulen der Henning jobba som assisterande rektor.

Paret valde å vere opne med folk kring seg om at dei fekk hjelp til å forsøke.

– Det er ein risiko for at vi ikkje får dette til, seier Torill.

«Neste gong går det. Det veit eg», fekk Torill høyre.

«Du må ikkje gje opp», kunne andre seie.

Då hadde Torill allereie fire prøverørsforsøk på sjukehuset i Trondheim bak seg.

Kvar gong måtte ho gjennom krevjande hormonbehandling.

Verst var likevel ventetida etter at det befrukta egget var sett inn. I to veker kunne dei ikkje gjere anna enn å vente. Dei var så nære, det kunne gå.

Men kvar gong enda det med ein negativ graviditetstest.

Torill gjekk med ei gnagande uro: Kva om ho aldri vart gravid?


Paret veit ikkje sikkert kvifor dei ikkje lukkast. Endometriose kan ha påverka kvaliteten på egga til Torill.

For Torill og Henning var det ikkje eit alternativ å gje opp, sjølv om dei tre forsøka i det offentlege helsevesenet vart brukt opp. Dei tok kontakt med privatklinikken Hausken i Bergen og betalte for tre nye forsøk.

Då det siste egget var sett inn på Hausken, kom svigermor heim til Torill, sidan Henning måtte på jobb. Då ho byrja å blø, gret dei begge to.

For Torill er det nokre dagar i året som er vanskelegare enn andre. Morsdag. Og 17. mai. Det som er barna sin store dag.

– Eg føler at vi står på utsida av samfunnet og kikkar inn ei dør der vi ikkje får vere med.

Når venninner fortel at dei er gravide, vert ho glad på deira vegne. Samstundes tenker ho at «det skulle ha vore oss». Det er vanskeleg å omgåast gravide. Det er lettare når ungen er ute, tykkjer Torill.

Paret har gode vener med born, og fleire nevøar og nieser, som dei likar å vere saman med. Dei er «den kule onkelen og tanta».

– Men likevel manglar vi noko som gjer at vi ikkje kjenner oss heile. Det er sårt, seier Torill.

Torill tenkte lenge at ho ville ha tre born, slik ho sjølv har vakse opp i søskenflokk på tre.

Paret har forsøkt å legge tankane vekk, putte dei i ein boks. Ikkje tenke for mykje på det dei saknar. Heller nyte at det er dei to, at dei kan gjere ting som dei ikkje kunne gjort med ungar.

Men lengselen er der. Ei sorg som ikkje går over. Torill reagerer når folk seier at det ikkje er ein menneskerett å få barn. Ho syns det er lite empatisk.

– Det er eit biologisk behov i dei aller fleste menneske om å formeire seg. Ein kan ikkje forstå kor vondt det er viss ein ikkje opplever det sjølv.

Det er også difor paret vel å vere opne om korleis det er å vere ufrivillig barnlause.

For Henning var det ikkje viktig å få barn med ein gong dei gifta seg. Men etter kvart som tida gjekk, kjende han sakn og frustrasjon over at dei ikkje lukkast.

– Viss ting hadde klaffa, hadde vi hatt to–tre ungar no. Vi kunne ha vore i den situasjonen som folk kring oss er. Det er sårt når eg tenker slik.

– Ting gjekk ikkje etter planen.

Dei fleste i venneflokken har allereie born.

Etter sju mislukka prøverørsforsøk bestemte paret seg i 2018 for å adoptere.

3. juli 2018

Vi har prøvd det som står i vår makt, men vi har innsett at sjansen for å få biologiske barn er minimal. Håpet om større familie og barn har vi derimot ikkje gitt opp. Vi retter nå blikket framover og håper at adopsjon vil føre til at vi får familiedraumen oppfylt, skreiv Henning i eit innlegg på Facebook.

Dei skreiv søknad, gjekk på kurs, sende inn helseattestar og tok imot heimebesøk frå Bufetat. I to år jobba dei for å bli godkjent som adopsjonsforeldre, samstundes som dei starta husjakt.

Torill kjende seg trygg på at det skulle gå i orden. Dei var to lærarar som var glade i barn. Ho oppretta ein blogg slik at vener og familie kunne følgje dei på vegen mot å bli ein familie.

«To blir fleire» vart bloggen døypt, og Torill skreiv i eventyrform:

12. desember 2018

Det var ein gong for litt lenge sidan to som var kjærastar og ein dag bestemte dei seg at dei ville gifta seg og bli fleire. Dei starta på ei reise som ikkje var enkel. Men dei gav ikkje opp! Dei ville adoptere og landet dei bestemte seg for å adoptere frå var Madagaskar.

Men ein fredag ettermiddag like før sommarferien, kom avslaget på e-post.

I rapportane frå dei som hadde møtt paret, var det berre positive omtalar. Men saksbehandlaren sa nei av helsemessige årsaker.

Etter tre år med hormonbehandlingar var Torill sliten. Ho følte ho hadde gått gravid i tre år, utan å kome i mål. Det tærte på både kropp og sinn, og ho hadde vore sjukmeldt frå medielærarjobben på Volda vidaregåande skule i periodar. No talte dette imot at ho kunne bli ei god adopsjonsmor.

Henning hadde tidlegare fått behandling for depresjon. Summen av dette gjorde at paret fekk nei.

Nederlaget var særleg tungt for Henning. Han prøvde å ringe adopsjonskontoret, men då var alle gått på ferie. Dei sende skriftleg klage, men fekk same svar.

For ei ny vurdering måtte dei gått gjennom prosessen på nytt. Det orka dei ikkje.

Torill og Henning har begge gått til psykolog for å sortere i tankane.

På dette tidspunktet var eggdonasjon framleis ulovleg i Noreg.

Eggdonasjon vil seie at ei kvinne gir bort egg, som vert befrukta utanfor kroppen og sett inn i kvinna som skal bere fram og vere mor til barnet.

– Det sat langt inne, så lenge det ikkje var lovleg i Noreg. Eg følte eg gjorde ei forbryting ved å reise til utlandet, seier Torill.

Dei bestemte seg for å reise til Latvia for å prøve eggdonasjon.

Sparekontoen dei oppretta til bryllaupet var blitt til ein «prøve å få barn-konto». Paret hadde ofra feriereiser for dette. No var flybillettane bestilt. Dei skulle reise i mars.

Men så kom koronapandemien. Det vart inga reise.

– Det er tøft når vi møter på nedtur på nedtur, seier Henning.

Ved inngangen til 2021 vart eggdonasjon lovleg i Noreg.

Torill og Henning var blant dei første som meldte seg hos Hauskenklinikken. Men det var få donorar og lange køar.

Dei fekk vite at det kunne ta månader å finne ein donor. Torill og Henning hadde alt venta i ni år og ville ikkje vente lenger. Dei tok kontakt med Aagard klinikken i Danmark for å starte prosessen med eggdonasjon.

No var dei ikkje lenger opne med alle kring seg. Torill orka ikkje lenger kommentarane og spørsmåla.

Berre familien, nokre vener og nære kollegaer visste kva slags reise dei la ut på.

Ekteparet har aldri bebreida kvarandre for at dei ikkje har lukkast å bli gravide. Medisinsk kan dei dele skuld.

Klinikken fann raskt donor som hadde same trekk som Torill; grøne auge, lys hud og mørkt hår. Og kvinna er open donor, det vil seie at barnet kan få vite kven ho er når han eller ho veks til.

Klinikken henta ut åtte egg frå kvinna.

Håpet steig hos Torill. Denne gongen var det ikkje hennar eigne egg, men egg frå ei ung og frisk kvinne.

Torill og Henning på veg inn til fertilitetsklinikken i Århus.

Men håpet fekk seg raskt ein knekk. Av dei åtte egga hadde berre eitt av dei overlevd befruktning og opptining.

Torill vart redd at det ikkje skulle gå denne gongen heller. Men ho kunne ikkje ta det inn over seg. Dei måtte feste all si lit til dette eine egget.

Innimellom musikaljobbing med elevane på medielinja, hadde ho stukke seg sjølv med sprøyter i over ein månad. Livmora var klar til å ta imot embryoet.

«No nærmar det seg noko! SPENT!», skreiv Torill i dagboka før avreise til Danmark.

I mars 2022 reiste Torill og Henning tilbake til Århus.

På skjermen på legekontoret fekk paret sjå embryoet.

Sjølve inngrepet var over på få minutt. Embryoet var plassert inne i livmora hennar.

Torill fekk med seg eit bilete.

«Her er knøttet», skreiv ho til ei venninne etterpå.

Torill har grubla på kva rolle ho har oppi dette. Det er Henning sin sæd, ei framand kvinne sitt egg.

Men ho har fått høyre at livmora kan spele ei viktig rolle i å avgjere kva genar som blir aktivert hos fosteret.

– Eg er faktisk med på å lage dette barnet. Viss egget vart sett inn i ei anna dame, hadde det blitt ein anna unge.

Så gjenstod det verste. Ventetida.

28. mars 2022

Det er snart gått ei veke etter innsetjing og eg held på å bli ko ko. Eg har for det meste berre lyst til å grine og eg har lite kontroll på humøret. Det går veldig opp og ned. Av og til er eg sikker på at eg er gravid, men for det meste går eg berre å forbereder meg på at det går gale denne gangen også. Men håpet er der heile tida.

Torill trente yoga. Jobba med pusteteknikken. Heldt pusten inne i åtte sekund, og pusta like lenge ut. Alt for å roe kroppen.

Venene hadde fått beskjed om å dra henne med ut på kjekke ting. Etter jobb vart det kafeturar og rusleturar. Henning såg fleire fotballkampar enn vanleg.

Likevel snigla tida seg av garde. Forventningane steig, anten dei ville det eller ikkje.

2. april 2022

I går kveld fekk me resultatet på blodprøven og den gav oss ikkje svaret som me håpa på. Negativt igjen. Det blei mykje tårer og kjente på ei stor sorg igjen. Det blir berre for vondt. Kvifor går det ikkje vår veg? Kva er gale?

Torill vart sint på alt og alle. Sint på alle som fekk barn. Sint på Henning.

Henning likar å fikse ting. Men dette kunne han ikkje fikse. Han prøvde å vere til støtte, men visste ikkje kva han skulle seie for å gjere situasjonen betre.

Torill hadde vore så sikker på at det skulle gå. Men embryoet hadde ikkje festa seg i livmora.

Sinnet gjekk raskt over i sorg.

Det vanlege spørsmålet «korleis går det med deg», var blitt vanskeleg å svare på.

Paret brukte våren på å sørje. Så kontakta dei Medicus-klinikken i Trondheim for å prøve eggdonasjon i Noreg.

Ekteparet har ikkje nøyaktig oversikt over kor mykje pengar dei har brukt på «prosjekt barn», men trur at det nærmar seg 800.000 kroner.

Medicus fann ein donormatch frå Finland.

8. november 2022

I dag fekk me verdas beste telefon ifrå Medicus i Trondheim. Me har fått heile 6 embryo på frys i Finland! 6 stk.!

Hausten 2022 vart eitt av embryoa sett inn i livmora til Torill.

På nytt måtte ho gjennom fleire negative graviditetstestar.

23. januar 2023

Eg er heilt tappa både psykisk og fysisk av hormonhelvete som eg kallar det. Det er krevjande.

Månaden etter fylte Torill 39 år.

9. februar 2023

Eg kjenner at eg har berre lyst til å sove meg gjennom dagen. Eg kjenner på sorg over at eit nytt år er gått og me igjen sitt i ein slags håpløyse. Nok eit år utan å få ønskjebarnet våras.

Hausten 2023 var Torill klar for nok ei innsetjing. Ho hadde mista oversikta over kor mange forsøk dei hadde bak seg. Var det nummer ti?

Ho hata sprøytene, hata å måtte gå gjennom dette igjen og igjen. Ho kjende seg likegyldig til det heile.

Kvar for seg hadde både Torill og Henning tenkt at dei kanskje aldri kom til å lukkast.

Kvifor skulle det plutseleg gå bra no, etter fire mislukka forsøk med eggdonasjon?

Henning tenkte at dei måtte fullføre med egga dei hadde på frys, men at dei så måtte ta eit val. Prosessen stal krefter og det var grenser for kva dei kunne tole.

På eit tidspunkt måtte dei kanskje akseptere at det berre blir dei to.

Når Torill er langt nede, må Henning jobbe hardare med seg sjølv for å halde motet oppe for dei begge. Og omvendt.

6. oktober 2023

Julaftan eller gravferd. To ord som beskriv kjenslene eg ligg og kjenner på nå.

Torill sleit med å sove natta før ho skulle ta graviditetstesten. Dei siste dagane hadde ho blødd litt. Beviset på at det ikkje er noko denne gongen heller, tenkte ho.

Klokka 05.30 klarte ho ikkje vente lenger. Henning sov framleis då ho stod opp og tok testen.

Ho såg på pinnen. Var det eit plussteikn? Ho våga ikkje tru det.

Ho sprang ned og vekte Henning.

– Er du sikker, spurde han.

Torill henta testen.

Etter elleve år haldt dei sin første positive graviditetstest i hendene.

7. oktober 2023

Fy f! I dag har me fått vår aller første positive test! MEN trur ikkje på d før me får d bekrefta på måndag.

Hos legen fekk Torill stadfesta at ho var fire veker på veg.

For Torill var det vanskeleg å ta inn over seg at ho verkeleg var gravid. Ho hadde venta ei enorm kjensle av lukke. Den var ikkje der.

I staden frykta og førebudde ho seg på alt som kunne gå gale. Ho vegra seg for å dele nyhenda med andre, ho orka ikkje å ta imot gratulasjonar.

Vekene gjekk og Torill merka endringane på kroppen.

Nokre dagar kjende ho ikkje kvalmen og då tenkte ho at det hadde gått gale.

19. oktober 2023

Me har aldri vore så nære som nå, men det hjelper jo ikkje viss det ikkje blir eit barn til slutt.

Før den første, tidlege ultralyden førebudde Torill seg på at dei ikkje kom til å høyre hjartelyd. At det ikkje var liv.

Ho gret då ho høyrde hjarta som banka. Knøttet i magen var ikkje ein centimeter lang, men paret knuga seg til håpet.

I alle åra ho har forsøkt å bli gravid har ho sagt at så lenge ho blir gravid, så skulle ho takle alt.

Men det var tyngre enn ho hadde tenkt. Ho var sliten, kvalm, bekymra og ville berre sove.

Ho våga framleis ikkje å glede seg.

Torill fekk tett oppfølging av jordmor og like før jul fekk ho på nytt høyre hjarteslaga. Alt såg fint ut og «Knøttet» rørte seg i magen.

No hadde nyhenda om graviditeten spreidd seg.

18. desember 2023

Utfordringa er forventningane om at eg må vere overlukkeleg for at det endeleg har gått vår veg. Men eg er ikkje det. Eg finst ikkje lukkeleg.

For Torill kjende seg ikkje gravid, sjølv om kroppen viste at ho var det. Ho følte ikkje at det var i hennar mage det vaks eit lite menneske. Hovudet klarte ikkje fatte det.

Kanskje var det frykta for spontanabort som hindra henne i å kjenne glede.

Dei kjøpte ikkje inn noko utstyr til babyen. Torill var redd for å «jinxe» det heile. Ho takka nei då folk spurte om ho ville arve babyutstyr. Ho ville ikkje ha verken grindseng eller bilstol i hus.

Men på julaftan pakka dei opp eit par bitte små, heimestrikka babysokkar frå ein kollega av Henning. Det var det første dei fekk til babyen dei venta.

Torill knakk saman i gråt.

Framleis hadde ho kjensla av at det ikkje kom til å gå.

Ho måtte legge vekk sokkane.

Det første sokkeparet.

I januar hadde den verste kvalmen gitt seg.

Torill hadde ein liten kul på magen under den raude ullkjolen då ho gjekk med kraftige broddar til bilen.

Paret var på veg til Volda sjukehus på ultralyd. Dei kunne få vite kjønnet.

– Ja, vi fekk hjelp. Det har ikkje skjedd eit mirakel, seier Torill når folk spør.

Torill pusta tungt. Den siste veka hadde ho for første gong kjent rørsler i magen, som spede sommerfuglvinger.

Henning la handa på magen i håp om å kjenne noko.

Frå naborommet høyrde dei barnegråt.

– Det blir ei enorm omvelting. Det har vore oss to i 17 år, seier Torill.

På skjermen såg jordmora at fosteret hadde to nyrer og at alle hjartekammera og klaffane var der.

På førehand hadde Torill tenkt at det var ei jente. Men undersøkinga levna ingen tvil. Dei venta ein gut.

– Eg gleder meg til å haldet barnet og vite at det er vårt, seier Henning.

No var det ikkje lenger berre «Knøttet» i magen. Det var sonen deira.

40-års dagen til Torill i februar vart den beste på mange år. I staden for sorg, kjende ho håp og glede.

Og stadig meir spark. Men frykta slapp ikkje taket.

Ein dag i mars var det lite livsteikn frå magen. Torill vart uroa. Tårene rann då ho reiste på sjukehuset for ein ny sjekk.

Men fasiten viste at guten hadde det bra.

Paret starta jakta på barnevogn og måla barnerommet i tomannsbustaden lyseblått.

«Knøttet» fekk eit namn: Arian etter dei to bestefedrane, Arne og Arild.

Arian vaks som han skulle. Henning gleda seg til å få han på brystkassa.

15. mai 2024

Veke 36. Nå er det mellom 2 og 4 veker til at eg får ein søn!!! Det er heilt sprøtt og eg kan framleis ikkje forstå det.

Så gjekk det tre veker.

– Det har berre vore ein draum. Plutseleg vart det verkeleg, seier Torill.

– Det er uverkeleg. Eg hadde ikkje eigentleg trua på at vi kom til å kome hit, seier Torill.

Ho kikkar ned på sonen som søv i armane hennar.

– Sjå så gyllen og fin han er.

Arian er ein skikkeleg sovebaby. Han sovnar når han et og skrik nesten aldri.

Torill hadde mange barseltårer i starten.

Den nybakte mora er takksam ovanfor kvinna i Finland som donerte egget.

Den vesle familien er nyleg komen heim frå sjukehuset.

Torill løfter han forsiktig opp over skuldra. Arian søv vidare.

Etter keisarsnitt og blodpropp har Torill hatt ein tøff start på barsellivet. Amminga gjekk heller ikkje som planlagt.

Arian var 51 centimeter lang og 4370 gram då han var fødd.

Men den vesle familien er i ferd med å finne rutinar. Torill pumpar brystmjølk om natta og Henning gir flaske.

Frå familie og vener har dei fått utstyr og kle nok til fleire år framover.

– Han kjem nok til å bli ganske bortskjemt, seier Henning.

– Det er godt å vere i same situasjon som andre. Å klage over sitt eige barn i staden for å høyre andre klage over sine, smiler Henning.

Innimellom bleieskift set dei seg ned, kjenner etter og snakkar om kor heldige dei er.

– Tenk at det gjekk bra. At det kom ein liten pjokk, seier Torill.

– Det er han eg har lengta etter så lenge.

Sjølv om Torill og Arian ikkje deler genar, så har ho fått høyre at han liknar henne.

– Tenk at vi har ein baby, kan paret ofte seie til kvarandre.

Etter eit bleieskift er dei klare for trilletur.

Mamma, pappa og Arian.

Og framleis har dei tre embryo på frys.

– Eg skulle ønskje vi slapp å bruke så mange år. Men det er absolutt verdt det, seier Torill om å bli mamma.
Read Entire Article